Skrik ut med Munch!
Del 1: Forarbeid
1) Bli kjend med Edvard Munch (1863–1944)
Start med å sjå introduksjonsfilmen om Edvard Munch (lengde 7:55) frå Munchmuseet.
Bruk kjelder og skriv ein kort, sjølvstendig digital tekst om noko du synest er viktig å vite om Munchs liv og kunstnarskap (cirka 200 ord). Finn ei passande overskrift, og bruk gjerne biletdøme. Pass på å få med rett biletkreditering og å oppgi kjeldene du har brukt. Til slutt skriv du ut teksten og limer han inn i skisseboka di.
2) Studer Skrik og reflekter
Studer måleriet Skrik. Reflekter og svar skriftleg og sjølvstendig på spørsmåla, og lim dei inn i skisseboka. Bruk overskrifta: Refleksjonsspørsmål – Skrik.
Kva synest du om Skrik og måten biletet er laga på?
Kvifor trur du at Skrik har blitt så berømt og populært?
Kva betydning kan biletet ha i dag? Grunngi svaret.
3) Undersøk korleis Skrik er brukt som referanse i andre verk
Del 2: Skap ein biletparodi av Skrik
Bruk menneskefiguren i Skrik som referanse i ein sjølvstendig prosess fram til ein ferdig utarbeidd biletparodi. Vi skal kunne kjenne igjen skrikfiguren.
Utstyr
skissebok i A3
teikneark i A3
teikne- og fargeblyantar
krit og kol
ulike svarte og kvite pennar
måling (gouache og akryl)
eventuelt svart kartong
Skrik-motivet er utømmeleg. La deg inspirere av boka Skrik: parodier av Arvid på Nasjonalbiblioteket. Illustrasjonane er av Arvid Andreassen, teksten av Arvid Bryne.
Når vi bruker ein referanse på denne måten, lagar vi ein slags humoristisk parodi. Ein parodi er ei latterleggjerande etterlikning, eit vrengebilete. Samtidig kan parodien ha ein bodskap utover det reint humoristiske, og du kan derfor òg bruke andre vinklingar i same bilete:
nyheitsaktuell vinkling
samfunnskritisk vinkling
vinkling frå kvardagslivet
kopling til andre kunsthistoriske referansar
referansar frå populærkulturen


Idéutvikling
Idémyldring
Jobb med inspirasjon og rik idémyldring i skisseboka di. Vis ein frodig og utforskande visuell prosess. Du kan arbeide både analogt og digitalt. Ta skjermbilete av digitalt arbeid, slik at du kan dokumentere denne delen av prosessen òg.
Vidareutvikling av idéane
Du skal jobbe analogt i denne fasen og utforske ulike svart-kvitt-teknikkar. Prøv òg å kombinere dei slik at du blandar teknikkane.
Her kan du la deg inspirere av Iben Sandemoses illustrasjonar, til dømes i biletboka Det vokser ikke hvitløk på Skillebekk på Nasjonalbiblioteket.
Du kan legge inn litt tekst og la skrifta bli ein visuell del av parodien. Dette kan du bruke til å forsterke innhaldet eller leie betraktarens forståing av motivet.
Skriv korte faglege kommentarar til skissene om idéar og val av visuelle verkemiddel som teknikk, komposisjon, fargebruk og så vidare.
Gjennomføring
Det ferdige A3-biletet skal utførast i svart-kvitt-teknikkar med til dømes tusj, pennar og måling.
Du kan òg bruke gråtonevalørar og ein eller to kulørte fargar på utvalde stader for å understreke bodskapen eller skape eit interessepunkt og ein visuell effekt.
Eigenvurdering
Svar til slutt skriftleg på desse refleksjonsspørsmåla:
1. Fekk du idéen din godt fram i din eigen skrikparodi? Grunngi svaret.
2. Ville du gjort noko annleis om du skulle løyst oppgåva på nytt?
3. Kva har du lært?

Innlevering
Dette skal du levere inn:
ei skissebok med
tekst om Edvard Munch
svar på refleksjonsspørsmåla
dokumentasjon av idéutvikling og arbeidsprosess
eigenvurdering
ein ferdig skrikparodi på A3 teikneark. Monter gjerne teikninga på svart kartong.
Under kan du laste ned og sjå eit døme på korleis ein elev har jobba med den visuelle delen av dokumentasjonen i skisseboka si.
- Hilmas prosesshefte(PDF)
Relatert innhald
Intertekstualitet handlar om korleis tekstar forheld seg til kvarandre, og korleis referansar til andre tekstar kan gi ein tekst utvida betydning.



