Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kunstverk som referanse

Å bruke eit kunstverk som referanse vil seie at du bruker element eller idéar frå verket i ditt eige skapande arbeid. Dette kan du gjere på fleire måtar. Ein referanse skaper eit samband mellom mellom dei to verka. Det føreset at betrakteren kjenner igjen verket du refererer til.

Referansar

Ein referanse er ei bevisst kopling til noko som allereie finst. Det kan vere eit tidlegare kunstverk eller eit kulturelt fenomen. Referansar kan brukast for å skape humor, ironi eller for å gi eit verk nytt innhald.

Film: Referansar

Her skal det komme ein animasjonsfilm om bruk av referansar i kunstverk.

Referanse til kunst- og kulturhistorie

I faget kunst og visuelle verkemiddel blir du betre kjend med kunst- og kulturhistoria. Kunnskap om ulike epokar og om sentrale kunstnarar og verk gjer oss i stand til kjenne igjen og bruke referansar. Eit kunstverk kan få fleire lag når element frå eit tidlegare verk blir plassert inn i ein ny samanheng.

Brudeferd i Hardanger

Brudeferd i Hardanger av Tidemand og Gude (1848) er eit av dei mest kjende måleria frå nasjonalromantikken i Noreg. Motivet er eit brurefølge i båt ein vakker sommardag. Menneska er kledde i tradisjonelle folkedrakter, og dei er omgitt av storslått natur. Måleriet har blitt eit symbol på norsk kultur og identitet.

Motivet blei seinare omarbeidd til eit grafisk verk, framleis med nasjonalromantisk idyll. Biletet blei mangfoldiggjort i Düsseldorf i Tyskland, dermed blei det mogleg for fleire å kjøpe kunst.

Parodi av Theodor Kittelsen

Tidemand og Gude har blitt kritisert for at dei idealiserte den norske kulturen. Theodor Kittelsen (1857–1914) teikna sin versjon av brurefølget, meir prega av fyll og spetakkel. Overdrivingane skaper humor og kontrast til idyllen i originalbiletet.

Parodi av Oddvar Torsheim

Oddvar Torsheim (f. 1938) tek parodien vidare og plasserer ei høggravid brur og brudgommen hennar i ein båt med påhengsmotor. Alkohol er ein del av lasta.

Måleri med politisk innhald av Rolf Groven

Rolf Groven (1943–2025) har måla landskapet frå Tidemand og Gudes måleri i forsøpla tilstand. Brurefølget er erstatta av eit båtvrak, og stavkyrkja er bytt ut med eit oljeraffineri. Den nye bruken av nasjonalmotivet skaper ein kontrast og forsterkar samfunnskritikken i Grovens bilete.

Iscenesetjing av Brudeferd i Hardanger

Tablå

Tidemand og Gudes måleri blei presentert som eit levande bilete i Christiania Theater i 1849. Samtidig blei det òg sunge ein nyskriven song.

Film om referansar i ballettkostymer

I 1853 laga den danske koreografen August Bournonville (1805–1879) ei ballettframsyning inspirert av Tidemand og Gudes verk. Den Norske Opera & Ballett, Nasjonalmuseet og FRIKAR samarbeidde i 2024 om å setje opp ei ny tolking frå delar av denne balletten. I filmen under (lengde 1:20) fortel Ahmed Umar korleis han har brukt ulike referansar i kostyma.

Kjelder

Falahat, A. (2025, 4. april). Rolf Groven. I Store norske leksikon. https://snl.no/rolf_groven

Nasjonalmuseet (2024). Brudeferd i Hardanger. Nasjonalballetten i Nasjonalmuseet . https://www.nasjonalmuseet.no/brudeferd

Torjussen, S. (2025, 12. oktober). Overflødighetshorn. I Store norske leksikon. https://snl.no/overfl%C3%B8dighetshorn

Relatert innhald

Referansar i gatekunst

Korleis kan gatekunstnarar bruke referansar til populærkultur og historiske verk? Vi ser nærmare på nokre utvalde gatekunstnarar i London.

Intertekstualitet i medietekstar

Intertekstualitet handlar om korleis tekstar forheld seg til kvarandre, og korleis referansar til andre tekstar kan gi ein tekst utvida betydning.


Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 20.05.2026