Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Stilleben

Stilleben er bilete med komposisjonar av objekt som står stille. Objekta kan til dømes vere blomstrar, frukt eller kvardagslege gjenstandar. Kunstnarar frå ulike kunsthistoriske periodar har måla, teikna eller fotografert stilleben.

Historiske døme på stilleben

Oldtid

Du kan finne døme på stilleben som veggmåleri så tidleg som i den romerske antikken. Veggmåleria blei måla direkte på veggen, og motiva blei tilpassa rommet og kva bruk det hadde.

Renessansen

I renessansen skildra Pieter Aertsen produkta i ei kjøttbu med stor detaljrikdom. Dette er eit av dei tidlegaste døma på at kvardagsgjenstandar får hovudfokus i eit måleri. Biletet er ikkje typisk for stilleben som kjem etterpå, fordi det framstiller òg ei bibelsk forteljing i bakgrunnen.

Barokken

I barokken blei stilleben meir reindyrka til berre å handle om objekta. Eit døme er måleriet til Abraham van Beyeren. Han var oppteken av fargar, teksturar, foldane i tekstila og kontrasten mellom det mørke og det lyse.

Vanitas

Vanitas er eit latinsk ord som betyr "tomleik" eller "forgjengelegdom". Det blei brukt som motiv for å minne oss om døden og om at vi ikkje lever evig. Krabben som ligg opp ned, kan vere ei slik påminning i stillebenet under.

Realismen

Gustave Courbets måleri Eple, pærer og primula er eit døme på eit stilleben frå realismen. Det typiske for realismen var å få fram korleis kvardagslivet var for vanlege folk, og ikkje eit idealisert glansbilete av verkelegheita. Sjølv om motivet med fruktene som ligg på bordet er nøye komponert, kan vi få kjensla av å sjå inn i noko kvardagsleg.

Postimpresjonisme

Paul Cézanne har òg brukt frukt i måleriet Eit hjørne av bordet (1895–90). Han har ikkje vilja få fram eit realistisk uttrykk, men har eksperimentert med perspektiv, flater, fargar og rørsle.

Oppsummering

Alle døma på stilleben du har fått presentert her, er ulike, men dei har det til felles at motiva er sette saman av ulike stilleståande objekt. Stilleben gir rom for å eksperimentere med både komposisjon og uttrykk.

Oppgåve: Stilleben

Set opp ein komposisjon som består av kvardagsgjenstandar i ulike storleikar. Prøv ut ulike komposisjonar.

Dersom det er mogleg å flytte lyskjelda, kan du justere korleis lyset fell på komposisjonen.

Fotografer undervegs. Bruk det beste biletet til å lage eit måleri eller ei teikning.

Kjelder

Tschudi-Madsen, S. (2024, 26. november). Stilleben. I Store norske leksikon. https://snl.no/stilleben

Vanitas. (2025, 21. februar). I Store norske leksikon. https://snl.no/vanitas

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 22.05.2026