Frå skisser til flater og fargeharmoni

Utstyr

teikneblyantar
skissebok/skissepapir
teiknepapir i A5-format
silkepapir i fleire fargar
linjal
saks
limstift
Del 1: Teikn skisser i nærmiljøet
Observasjonsteikning
Observasjonsteikning vil seie at du skal studere og teikne det du ser. Gå ut og la deg inspirere av omgivnadene dine.
Biletutsnitt
Biletutsnittet er kor nært innpå motivet du vel å gå. Du skal teikne små utsnitt av hus, bilar, tre eller andre objekt som du ser i gatene eller i naturen rundt skulen.
Bruk gjerne linjal til å dele skisseboksidene inn i små ruter: A5, A6 eller endå mindre. Slik kan du lage små utsnitt og skisse i rutene.

Del 2: Forenkle skissene dine
Tilbake i klasserommet skal du jobbe med å forenkle skissene dine. Du skal stilisere motivet ditt, og du kan òg jobbe med abstrakte flater viss du vil det. Ei abstrakt form liknar ikkje på noko du kan kjenne igjen frå verkelegheita. Du kan sjå korleis Piet Mondrian jobba med eit tre som motiv i artikkelen "Forenkling, stilisering, abstrahering".
I denne delen av oppgåva skal du bruke førestillingsteikning. Da står du fritt til å bruke fantasien. Målet er ikkje å skape djupne i biletet, men å jobbe med former. Tenk òg på formene som oppstår i mellomromma. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Positiv og negativ form".
Vel ei skisse du vil jobbe vidare med.
Teikn fleire nye komposisjonar, eller jobb med å forenkle uttrykket i den komposisjonen du allereie har i skissa di. Gå gjerne tett på motivet og prøv ut nye utsnitt.
Du kan arbeide med forenkling på eit lysbord eller legge matpapir/kalkerpapir oppå skissa di. Ei anna moglegheit er å fotografere motivet og jobbe vidare med det digitalt.
Teikn komposisjonen du bestemmer deg for, på eit teikneark i A5-format.
Du kan forstørre eller forminske motivet ved hjelp av ei kopieringsmaskin viss du har behov for det.
Del 3: Sett saman fargeflater
Silkepapir er fint å jobbe med. Du kan sjå gjennom det og teikne opp flatene frå komposisjonen din. Viss du legg fleire lag oppå kvarandre, oppnår du fargeblanding.

Prøv ut ulike fargesamansetningar før du bestemmer deg for ein fargepalett du vil bruke.
Lag ulike fargeskisser og prøv ut korleis du kan få fargeflatene til å harmonere med kvarandre.
Teikn omrisset frå dei ulike flatene svakt med blyant på det silkepapiret du har valt.
Klipp ut fargeflatene.
Lim flatene saman på teiknepapiret. Pass på at silkepapiret ikkje krøllar seg.

Del 4: Prosesshefte
Lever skissene dine saman med ei kort beskriving av korleis du opplevde det å teikne utsnitt frå omgivnadene dine.
Beskriv og vis korleis du har forenkla motivet ditt. Kva val tok du før du kom fram til den endelege komposisjonen?
Set inn foto av det ferdige biletet ditt. Beskriv fargebruken og kva du oppnår ved å setje saman reine fargeflater.
Kva er du fornøgd med i arbeidsprosessen din og i det ferdige resultatet?
Kva har du lært? Er det noko du ville gjort annleis viss du skulle gjere oppgåva på nytt?

Relatert innhald
I læreplanen står det at du skal kunne bruke ulike teikneteknikkar i førestillings- og observasjonsteikning. Kva er forskjellen på dei to omgrepa?
Urban Sketchers er ein globalt fellesskap som arrangerer skisse- og teiknesamlingar. Dei har ein felles regel: å vise fram verda, ei teikning om gongen.
