Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Yrkesetikk i praksisbedrifta

Yrkesetikk handlar om kva som er rett og gale å gjere på arbeidsplassen, og om korleis vi grunngir dei vala vi gjer. Korleis er det forventa at du oppfører deg i praksisbedrifta? Korleis er yrkesetikken? Når bør du seie frå?

Oppgåve

  1. Korleis er det forventa at du oppfører deg når du er på jobb, på kurs, på reise og i andre samanhengar der du representerer verksemda? (Kanskje finn du nokon av dei yrkesetiske reglane på nettsida for verksemda.)

    • Kva for nokon yrkesetiske krav og forventningar har praksisbedrifta til deg?

  2. Av og til må du ta etiske val som kan få ubehagelege konsekvensar, anten for deg sjølv, for ein kollega eller for ein kunde.

    • Beskriv situasjonar i praksisbedrifta di der det er sannsynleg at du må ta yrkesetiske val.

  3. Diskuter med ein medelev kva de ville ha gjort i følgande situasjonar:

    • Ein kollega kjem alltid for seint og ber deg dekke over det.

    • Ein kollega tek stadig med seg småting frå lageret heim.

    • Ein kollega mobbar ein annan kollega.

    • Ein kollega går ofte heim ein halv time før arbeidstida er over, utan at leiaren din veit om det.

    • Ein kollega overser det viss vennene hans eller hennar er i butikken og naskar med seg noko.

    • Ein kollega snakkar alltid i telefonen i staden for å yte service til kundane – om ikkje leiaren ser det.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 26.01.2026