Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Etiske retningslinjer

I arbeidslivet og på skulen støyter vi på mange situasjonar og spørsmål som har ei etisk side. Kva er det gode? Kva er det rette? Kvar går grensa mellom rett og gale?

Oppgåve 1

Individuelt

  1. Kva meiner vi med etiske retningslinjer? Søk på internett og finn døme på etiske eller yrkesetiske retningslinjer for tilsette i reiselivsbedrifter, butikkjeder, vekterfirma og liknande.

  2. Diskuter i klassen dei etiske dilemma som kan oppstå i serviceyrke, og korleis dei bør løysast.

Oppgåve 2

  1. Forklar omgrepet «smøring». Kom med minst tre døme på kva dette kan vere. Finn minst to avisoppslag som viser døme på «smøring».

  2. Forklar omgrepet «korrupsjon», og kom med minst tre døme på kva det kan vere. Finn eit avisoppslag / ein artikkel som fortel om korrupsjon.

  3. Drøft i kva bransjar de trur korrupsjon kan førekomme i Noreg og i andre land. Presenter minst tre konkrete tiltak som kan forhindre korrupsjon, og forklar korleis dei kan gjennomførast.

  4. Forklar omgrepet «etikk», og omgrepet «moral». Kom med døme på kva dette er. Lag utkast til ei etisk sjekkliste, til dømes for eit idrettslag, for skolen eller for ein organisasjon du/de kjenner. Utkastet skal presenterast og grunngivast. Forklar også korleis god moral kan opparbeidast i ei bedrift, og kom med konkrete tiltak.

  5. Drøft kort korleis media, spesielt reality-tv (Paradise Hotel, Farmen, Ville fristelser o.l.), kan påverke oppfatninga vår av etikk.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Kjell Rosland.
Sist oppdatert 23.01.2026