Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Etiske normer

Etikk dreier seg om å tenkje over kva som er rett og gale, og korleis vi kan grunngi dei vala vi gjer. Yrkesetikk er etikk i arbeidslivet, altså reglar for korleis ein skal oppføre seg på jobben.

Skrivne og uskrivne reglar

Vi er alle vane med å ta omsyn til ei rekkje skrivne og uskrivne reglar om korleis vi bør oppføre oss mot kvarandre. Dei skrivne reglane finn vi for eksempel i lovverket vårt. Dei uskrivne reglane finn vi ofte i form av samfunnsskapte forventningar til oppførsel – for eksempel at vi skal vere høflege mot andre menneske.

Uttrykket som ofte blir brukt, er god folkeskikk. God folkeskikk kan vi forklare som evna til å oppføre seg riktig ut frå dei skrivne og uskrivne reglane.

Etikk

Med etikk meiner vi læra om kva som er rett og gale. Etikk kan vi også sjå på som eit sett med verdiar og standardar for korleis vi bør oppføre oss.

Etiske reglar kan variere frå person til person og mellom grupper av menneske. Det vil seie at ei handling som éin person synest er etisk akseptabel, kan ein annen person synest er uakseptabel.

Det er ofte dei verdiane vi har med oss frå barndommen, eller som vi lærer gjennom livet, via vennskap og på arbeidsplassen, som gir grunnlaget for vurderinga av om noko er etisk eller uetisk.

Yrkesetikk

Når du byrjar å arbeide i ein bransje – for eksempel i tryggleiksbransjen – vil du fort oppdage at det er forventa at du følgjer ein del yrkesetiske reglar. Med omgrepet yrkesetikk meiner vi dei reglane som gjeld for korleis du bør utføre arbeidet ditt. Desse reglane kan vere både uskrivne og skrivne.

Mange tryggleiksbedrifter har skrive ned både dei viktigaste verdiane (for eksempel å vere ærleg og høfleg) dei vil at dei tilsette skal ha, og kva reglar som skal følgjast i gitte situasjonar (for eksempel når det oppstår ein spesiell situasjon).

Enkle sjekklister og spørsmål kan vere til stor hjelp når vi er i tvil om kva som er rett og gale, klokt og uklokt. Mange organisasjonar og bedrifter har etiske sjekklister for medlemmer og tilsette.

Etiske utfordringar

I arbeidslivet og på skulen støyter vi på mange situasjonar og spørsmål som har ei etisk side. Kva er det gode? Kva er det rette? Kvar går grensa mellom rett og gale?

Vi kan tenkje oss mange spørsmål som krev etiske refleksjonar:

  • Kan vi investere pengar i noko som gir stor økonomisk gevinst på kort sikt, jamvel om vi handlar i strid med vanlege normer?
  • Kan vi ta den prisen marknaden er villig til å betale for eit særskilt produkt, jamvel om denne prisen blir rekna som urimeleg høg?
  • Er det greitt å snakke nedsetjande om produkta til konkurrentane for å framheve våre eigne produkt?
  • Kan vi stillteiande godta at arbeidsplassen vår slepper ut forureinande stoff dersom vi veit at det er liten sjanse for at det blir oppdaga?

Smørjing

Ei gåve kan vitne om hyggeleg omtanke. Men i arbeidslivet er det kort overgang til smørjing for å skaffe seg fordelar. Stadig fleire medarbeidarar blir utsette for smørjing. Undersøkingar viser at forsøk på smørjing er vanleg i mange bransjar.

Kva er det greitt å gi til forretningskontaktar? Når er det greitt å bli med ein leverandør på tur – eller å invitere ein kunde? Kva bør eg tenkje på om det blir aktuelt å dekkje utgifter for moglege kundar? Kva er greitt og kva er ikkje greitt når det gjeld smørjing?

Korrupsjon

I straffelova er korrupsjon definert som «å gi/tilby eller kreve/motta/akseptere en utilbørlig fordel i anledning stilling, verv eller oppdrag». Korrupsjon er ikkje berre uetisk, det kan straffast med fengsel i inntil tre år – og inntil ti år for grov korrupsjon.

Kvifor er det så viktig å ta opp kampen mot korrupsjon?

  • Korrupsjon er eit trugsmål mot rettsstaten, demokratiet og menneskerettane fordi korrupsjon svekkjer etiske og moralske verdiar.
  • Korrupsjon er det største hinderet for sosial og økonomisk utvikling i den tredje verda.
  • Korrupsjon skaper forskjellsbehandling og hindrar sosial rettferd.
  • Korrupsjon undergrev ærleg konkurranse og fører til konkurransevriding.
  • Korrupsjon kan påføre bedriftene direkte økonomiske tap og tap av omdømme.
Skrive av Vegard Floor Søvik, Monica Gjertsen Steinbakken og Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 06.11.2025