Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Berekraftig norsk reiseliv

Når du er ute og reiser – tenker du nokon gong på kva slags spor du legg igjen? Reiselivsnæringa må ikkje få øydelegge for framtidige generasjonar. Men kva er eigentleg eit berekraftig reiseliv, og korleis skal vi i Noreg klare å reduserere klimaavtrykket i ei næring i vekst?

Kva siktar ein til med eit berekraftig reiseliv?

Eit berekraftig reiseliv er turisme som har liten negativ påverknad på natur, miljø og lokal kultur. Samtidig må det vere lønnsamt og bidra positivt til lokalsamfunnet, til dømes ved å styrke lokale arbeidsplassar og tilbod i området.

Målet med berekraftig reiseliv er at dagens turisme ikkje skal øydelegge for kommande generasjonar. Det betyr at vi må ta omsyn til natur, kultur, sosiale forhold og økonomi i lokalsamfunnet.

Korleis utvikle eit berekraftig reiseliv i Noreg?

Korleis kan norsk reiseliv blir meir berekraftig? Det er mange aktørar som arbeider med å utvikle eit berekraftig reiseliv i Noreg. Vi skal her sjå på tre av dei viktigaste aktørane: regjeringa, NHO Reiseliv og Innovasjon Norge.

Reiseliv 2030

Den offentlege rapporten Reiseliv 2030 er utarbeidd av eit strategiutval og tilrår ulike tiltak for å redusere klimaavtrykket samtidig som reiselivsnæringa kan vekse.

For å kutte utslepp må vi først og fremst sjå på transport, sidan reiser til og mellom reisemål står for ein stor del av klimagassutsleppa i reiselivet. Det er derfor behov for å utvikle grøne transportløysingar, som meir bruk av tog, elbussar og utsleppsfrie ferjer, både for reiser til Noreg og for transport innanlands.

Rapporten omtaler òg veksten i talet på cruiseanløp, som har mykje å seie for både klimautslepp og for lokalsamfunna som blir besøkte. Store cruiseskip slepp ut klimagassar og kan bidra til luftforureining i hamneområde. I tillegg kan mange besøkande på kort tid føre til slitasje på natur, press på infrastruktur og redusert livskvalitet for lokalbefolkninga. Derfor er det viktig å vurdere kva som er tolegrensa for talet på cruiseskip i norske hamner, slik at reiselivet kan utviklast på ein måte som er berekraftig både for miljø og lokalsamfunn.

NHO Reiseliv

NHO Reiseliv er oppteken av å utvikle heilårsturisme, der gjestene blir lengre på reisemålet og i større grad tek grøne og berekraftige val. Målet er å skape meir stabile arbeidsplassar og mindre belastning på miljø og lokalsamfunn.

For å nå dette målet jobbar NHO Reiseliv målretta med fleire tiltak. Dette inkluderer berekraftige innkjøp som bidreg til å redusere klimaavtrykket, arbeid for å minske matsvinn i reiselivsbedrifter og utvikling av nasjonale turiststiar. I tillegg arbeider dei med berekraftig havfisketurisme, der det blir teke omsyn til natur, dyreliv og lokale ressursar.

Innovasjon Norge

For å gjere reiselivet meir berekraftig er det utvikla felles prinsipp som reiselivsbedrifter kan følge. Innovasjon Norge har forma ut 10 prinsipp for eit berekraftig reiseliv.

Merket for Berekraftig reisemål

Merket for Berekraftig reisemål er eit nasjonalt tiltak frå Innovasjon Norge for å bidra til eit meir berekraftig reiseliv i Noreg. Ordninga skal hjelpe reisemål med å jobbe systematisk og langsiktig med miljø, lokalsamfunn, kultur og økonomi. Merket viser at reisemålet har forplikta seg til å forbetre seg over tid, og er eit verktøy for å styre utviklinga av reiselivet i ei meir berekraftig retning.

For verksemder er merket attraktivt fordi det kan styrke omdømmet, gjere reisemålet meir konkurransedyktig og møte forventningane frå gjester som er opptekne av berekraft. Merket kan òg bidra til betre samarbeid mellom aktørar i reiselivet og gi tilgang til støtteordningar og marknadsføring.

Kjelder

Innovasjon Norge. (2025, 12. mai). 10 prinsipper for et bærekraftig reiseliv. https://reiseliv.innovasjonnorge.no/artikkel/10-prinsipper-for-et-baerekraftig-reiseliv

Nærings- og fiskeridepartementet. (2024). Reiseliv 2030: En forsknings- og innovasjonsstrategi for reiselivsnæringen (Rapport). Regjeringen. https://www.regjeringen.no/contentassets/9fe191afa36e428090d576a9cdb4facc/reiseliv-2030-rapport.pdf

NHO Reiseliv. (u.å.). Bærekraftig reiseliv. https://www.nhoreiseliv.no/vi-mener/barekraftig-reiseliv

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 30.01.2026