Baseøvingar
Film: 2-beins knebøy (lengde 2:13)
Denne øvinga stiller krav til setemuskulaturen, den firehovda knestrekkaren og den tohovda knebøyaren.
Film: 2-beins markløft (lengde 2:33)
I denne øvinga aktiverer du store delar av kroppen – både setemuskulaturen, den firehovda knestrekkaren, den tohovda knebøyaren, den lange ryggstrekkaren, den breie ryggmuskelen og kappemuskelen.
Film: Benkpress (lengde 1:48)
Dette er ei øving som involverer den store brystmuskelen, fremre del av deltamuskelen og den trehovda armstrekkaren.
Kroppsheving
Kroppshevingar, hang ups, chins eller pull-ups – kjært barn har mange namn. Uansett kva slags namn du bruker, handlar det om å heve kroppen sin opp og få haka over stanga.
Forskjellen på chins og pull-ups
Forskjellen mellom chins og pull ups er at du i chins har eit underhandgrep på stanga, med handflatene vendt mot deg, medan du i pull-ups har eit overhandgrep der handflatene er vende frå deg. Grepet rundt stonga er avgjerande for kva musklar som blir aktiverte. Chins aktiverer den tohovda armbøyaren, overarmsspolebein-muskelen og den store brystmuskelen, medan pull-ups berre aktiverer overarmsspolebein-muskelen. I både chins og pull-ups aktiverer du den breie ryggmuskelen, kappemuskelen, den bakre delen av deltamuskelen, rombemuskelen og den store runde akselmuskelen. Magemusklane må òg aktiverast.