Kettlebell swing - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Kettlebell swing

Slik gjennomfører du den funksjonelle øvinga kettlebell swing. Under finn du to ulike variantar av øvinga.

I kettlebell swing aktiverer du dei store muskelgruppene i kroppen. Du bruker setemuskulatur og muskulaturen på framsida av låret, og i ryggen bruker du kappemuskelen, den lange ryggstrekkaren og den breie ryggmuskelen. Du bruker òg deltamuskelen. I tillegg må magens tverrmuskel jobbe med gjennom heile øvinga.

Ein- og to-arms kettlebell swing

Video: Tor Segelcke / CC BY-NC-SA 4.0

Start med å halde kula i strake armar mellom beina. Bøy deg ned med rett rygg, blikket skal vere vendt framover gjennom heile øvinga. Skuv med hofta og sving kula fram med strake armar. Stopp kontrollert på toppen når du svinger kula heilt opp. Slepp kula kontrollert ned att. Hugs å halde ein rett rygg og å aktivere stabiliseringsmusklane i mage og rygg gjennom heile øvinga. Dette gjer du ved å trekkje navlen inn mot ryggsøyla.

Kettlebell swing med armbytte

Video: Tor Segelcke / CC BY-NC-SA 4.0

Start med å halde kula i strake armar mellom beina. Bøy deg ned med rett rygg, blikket skal vere vendt framover gjennom heile øvinga. Skuv med hofta og sving kula fram med ein strak arm. Bytt arm når kula er midt framom hovudet ditt. Slepp kula kontrollert ned att. Hugs å halde ein rett rygg og å aktivere stabiliseringsmusklane i mage og rygg gjennom heile øvinga. Dette gjer du ved å trekkje navlen inn mot ryggsøyla.

Skrive av Tor Segelcke og Cathrine Dunker Furuly. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021