Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Lag eit salskurs for bedrifta di

Du skal lage eit salskurs for praksisbedrifta di – ein stad du har jobba eller har lyst til å jobbe. Målet med kurset er at dei tilsette skal bli betre til å planlegge, gjennomføre og avslutte eit sal, og forstå korleis salsmiljøet og salskanalane blir brukte for å auke sal, meirsal og gjensal.

Førebuing

Du kan førebu deg ved å lese deg opp eller repetere innhaldet i desse artiklane:

I tillegg kan du finne relevant informasjon om bransjen, verksemda, produkta og målgruppa til bedrifta du vel.

Oppgåve

Del 1: Fagleg notat og planlegging

Lag eit skriftleg notat der du planlegg innhaldet i salskurset ditt. Notatet skal dekke følgande:

  1. Salsprosessen og salsteknikkar

    • kva dei tilsette må gjere i planleggingsfasen, og kva produktkunnskap dei treng

    • korleis dei skal opptre i kontaktfasen, og kva for salsteknikkar som eignar seg best for verksemda di

    • korleis dei skal kartlegge og analysere behovet til kunden (Kva slags spørjeteknikkar er eigna?)

    • korleis dei bør argumentere for og demonstrere produkta som best dekker behovet

    • kva som er gode salsteknikkar for å avslutte eit sal

    • korleis dei bør følge opp kunden i etterkant for å sikre ei god kundeoppleving og framtidig gjensal

  2. Det indre og ytre salsmiljøet

    • korleis det ytre salsmiljøet (til dømes fasade, vindaugsutstilling eller digital synlegheit/landingssider) skal utnyttast for å tiltrekke kundar og skape eit godt førsteinntrykk

    • korleis det indre salsmiljøet (til dømes layout, belysning, vareplassering/planogram eller navigasjon i nettbutikk) skal legge til rette for god kundeflyt og trivsel

  3. Tiltak for meirsal og bruk av salskanalar

    • korleis dei tilsette kan bruke både salsteknikkar og salsmiljøet (til dømes plassering av impulsvarer eller relaterte produkt) til å skape meirsal

    • korleis bedrifta kan utnytte salskanalane sine (til dømes butikk, nettbutikk, sosiale medium) for å fremme salet

  4. Praktisk øving: Rollespel

    • Lag ein konkret case for eit rollespel som dei tilsette skal gjennomføre på kurset.

    • Beskriv rollene (til dømes seljar og kunden) og situasjonen (til dømes avdekking av behov, handtering av innvendingar eller gjennomføring av meirsal).

    • Forklar kva dei tilsette skal evaluere eller gi kvarandre tilbakemelding på etter øvinga.

Del 2: Kurspresentasjon

Lag sjølve presentasjonen som du skal bruke når du held kurset for dei tilsette.

  • Presentasjonen kan du lage i Microsoft PowerPoint eller eit anna verktøy du har tilgjengeleg.

  • Tips: Dersom du bruker PowerPoint, kan du gjerne spele inn lyd/forteljarstemme direkte på lysbileta dine for å vise korleis du vil gjennomføre kurset i praksis.

  • Du kan òg velje å lage kurset som ein instruksjonsvideo dersom du ønsker det.

Del 3: Gjennomføring i klassen

  • Du skal halde salskurset (eller utvalde delar av det) for ei gruppe medelevar.

  • Du leier klassen gjennom rollespeløvinga du har laga, og styrer evalueringa/tilbakemeldingane i etterkant.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 13.10.2026