Oppgåve
Video
Lag ein vegetativ krans
Den vegetative stilforma har naturen som førebilete. Lat deg inspirere av art nouveau og lag ein vegetativ krans. Uttrykket skal vere levande og naturleg, gjerne asymmetrisk og med ein uregelmessig rytme.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Del 1: Art nouveau
Set deg inn i kva som kjenneteiknar art nouveau, eller jugendstil som det òg blir kalla.

Del 2: Lag ein vegetativ krans
Ein krans er eit sirkelforma arbeid som blir laga og dekorert med blomstrar og plantemateriale. Bruk ein oasiskrans, halmkrans, greinkonstruksjon, mosekrans eller liknande som underlag eller stikkmasse, og lag ein krans. Bruk kjenneteikn på vegetativ stilform når du utformar kransen.
Kjenneteikn på vegetativ stilform
- naturen som førebilete
- levande og naturleg
- asymmetri og uregelmessig rytme
- materiale frå same vekstvilkår/miljø
- blanding av grupperingsteknikkar
- Alle delar av planten er like viktig: frå knopp til utsprungen blomster.
Relatert innhald
Art nouveau
Art nouveau, også kalla jugendstil, er ein dekorativ kunst som brukte naturen som inspirasjon. Den nyskapande stilretninga varte frå ca. 1890 til 1914.
Vegetativ stilform
Den vegetative stilforma har naturen som førebilete. Uttrykket skal vere levande og naturleg, gjerne asymmetrisk og med ein uregelmessig rytme.