Fagstoff
Video
Transparent stilform
Transparent betyr gjennomskinleg eller gjennomsiktig.
Eit transparent blomsterarbeid er leikent, uroleg, flytande og har ofte dominans i linjer. Inspirasjonen er henta frå den postmoderne tidsepoken.
Krans i transparent stilform. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Kjenneteikn på transparent stilform:
- Den ytre forma er open og svakt avgrensa. Forma er gjerne organisk.
- Linjer og urolege materiale dominerer.
- Mykje volum blir skapt ved å bruke luft mellom materiala.
- Rytmen er ujamn.
- Forma er asymmetrisk.
Stilhistorisk utgangspunkt
Transparent stil har utvikla seg frå postmodernismen.
Relatert innhald
Postmodernisme
Postmodernismen oppstod som ein reaksjon på modernismen i 1970-1980-åra. No skulle ein bort frå det enkle og eksperimentere med nye uttrykk.