Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Vegetativ stilform

Den vegetative stilforma har naturen som førebilete. Uttrykket skal vere levande og naturleg, gjerne asymmetrisk og med ein uregelmessig rytme. Vekstforma eller det opphavlege miljøet til planten er viktig å få fram i eit vegetativt arbeid. 

Film om krans i vegetativ stilform

I filmen under (lengde 7:02) viser blomsterdekoratøren korleis du kan lage ein vegetativ krans.

Krans i vegetativ stilform. Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Kjenneteikn på vegetativ stil

  • naturen som førebilete
  • levande og naturleg
  • asymmetri og uregelmessig rytme
  • materiale frå same vekstvilkår/miljø
  • blanding av grupperingsteknikkar
  • Alle delar av planten er like viktig: frå knopp til utsprungen blomster.

Stilhistorisk utgangspunkt

Vegetativ stilform er inspirert av art nouveau, også kalla jugendstil, òg av hippierørsla.

Relatert innhald

Art nouveau

Art nouveau, også kalla jugendstil, er ein dekorativ kunst som brukte naturen som inspirasjon. Den nyskapande stilretninga varte frå ca. 1890 til 1914.

Lag ein vegetativ krans

Lat deg inspirere av art nouveau og lag ein vegetativ krans. Uttrykket skal vere levande og naturleg, gjerne asymmetrisk og med ein uregelmessig rytme.

Skrive av Lise Fridholm og Susanne A. Flatheim.
Sist oppdatert 16.09.2026