Formal stilform
Film om dekorasjon i formal stilform
Ein blomsterdekoratør lagar ein dekorasjon med ulike typar greiner, raude hanekamblomstrar og eit stort gulna blad i filmen under (lengde 4:24).
Kjenneteikn på formal stilform
Typiske kjenneteikn på denne stilforma er
- strenge og reine former
- asymmetri
- uregelrett rytme
- få sortar og klare kontrastar
- inga ytre geometrisk form
- at alle materialeigenskapane er like viktige
Film om en høg, enkel dekorasjon
I filmklippet frå NRK (lengde 3:01) lagar ein blomsterdekoratør ein dekorasjon i formal stilform.
Stilhistorisk utgangspunkt
Formal stilform har utspringet sitt i funksjonalismen. Stilen er inspirert av arkitektur med klare former og tydelege kontrastar. Som blomsterdekoratør kan du lage arbeid som forsterkar eit minimalistisk uttrykk i arkitekturen og i interiøret. Formspråket skal vere enkelt.
Relatert innhald
Funksjonalisme er ei stilretning innanfor arkitektur, byplanlegging og kunstindustri. Idealet er eit enkelt formspråk, der form skal følgje funksjon.
Det minimalistiske formspråket blir kjenneteikna ved at det er enkelt. Objekta er gjerne bygde opp av rette linjer, reine flater og geometriske former.