Forklaringar til vokabular i leksjon 6

1. 上课 shàngkè / 下课 xiàkè
上 Shàng og 下 xià betyr eigentleg "opp(e)" og "ned(e)" og kan brukast både som verb ("å bevege seg opp/ned") og som nomen ("oppe/nede"). I tillegg kan dei på kinesisk brukast til å uttrykke ein heil del andre betydningar, avhengig av kva nomen som kjem etter anten 上 shàng eller 下 xià (i ein verb-objekt-konstruksjon). Dei blir gjerne brukte med visse faste ord og har spesifikke betydningar deretter: 上课 shàngkè og 下课 xiàkè betyr høvesvis "å dra på time" eller "å ha ein time", og "å dra frå time" eller "å avslutte ein time".
2. 恐怕 kǒngpà
Dette betyr "... er redd for at ... / dessverre så ...". Uttrykket blir brukt når vi oppgir ein grunn til at noko dessverre ikkje let seg gjere eller er på ein viss uønskt eller lite ideell måte. Døme:
这个我恐怕不行,他今天没时间。
Zhè ge wǒ kǒngpà bù xíng, tā jīntiān méi shíjiān.
"Dette går nok dessverre ikkje, han har ikkje tid i dag."恐怕今天不行,因为我要做功课。
Kǒngpà jīntiān bù xíng, yīnwèi wǒ yào zuò gōngkè.
"(Eg) er redd for at det ikkje går i dag, fordi eg skal gjere lekser."
3. 好的 hǎode
Vi ser at dette uttrykket følger same mønster som mellom anna uttrykka 是的 shìde og 真的 zhēnde. 好的 hǎode betyr "fint, OK" og blir brukt til å uttrykke samtykke til eller velvilje med omsyn til noko som har blitt sagt.
4. 一言为定 yīyánwéidìng
"Det er bestemt med eitt ord" (el. "det er ein avtale") er eit fast uttrykk som blir brukt når ein har sagt seg einig om noko og vil presisere at ein forventar at det blir overhalde av begge partar.
5. 后天见 hòutiān jiàn
"Sest i overmorgon". Ein kan setje kva tidspunkt som helst eller stad framfor 见 jiàn for å uttrykke at ein sest der eller då. Eit veldig vanleg uttrykk er 明天见 míngtiān jiàn – "sest i morgon" – eller (在)学校见 (zài) xuéxiào jiàn – "sest på skulen".