Oppgave
Salssamtalen – rollespel
Øving gjer meister, og som seljar blir du aldri utlært. I denne oppgåva kan de øve de på salssamtalen i ulike situasjonar.
Set dykk saman to og to. Ein av dykk skal spele seljar, den andre kunde. Etterpå byter de roller. Bruk nokre minutt på å førebu rollene før de set i gang rollespela.
Sal av storbyferie
Ein privatkunde kjem inn på eit reisebyrå på jakt etter ein storbyferie.
Sal av konferansefasilitetar på eit hotell
Ein bedriftskunde ringjer til salsavdelinga på eit hotell for å forhøyre seg om moglegheitene for å halde ein konferanse på hotellet.
Sal av eit valfritt produkt
Vel eit produkt de kjenner godt, og lag ein salssamtale rundt dette produktet. Det er opp til dykk å velje kven som skal vere målgruppa for produktet, og kva slags personlegdom kunden skal ha.
Relatert innhald
Fagstoff
Fasane i salsprosessenFor å bli gode seljarar må vi forstå korleis salsprosessen går føre seg, og yte vårt beste i kvart steg av han. Vi må gjere ein god jobb heile tida.