Avslutning - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Avslutning

Når skal vi avslutte salet? Mange seljarar kvir seg og må nesten "ta sats" for å lukke salet. Ofte endar salssamtalen utan sal fordi prosessen blir lang og lite konkret. Det er betre å vere tydeleg og få "banka" avtalen i tide. Hugs at ein kjøpar forventar å bli seld til!

På tide å avslutte salet

Når du og kunden har snakka dykk gjennom argument for og imot produktet og diskutert gode løysingar, er tida komen for å avslutte salet. Mange seljarar synest dette er ubehageleg og kan føle at dei "pressar produktet på kunden". Då er det viktig å hugse på at du som seljar faktisk er der for å selje – og at kunden forventar å bli seld til. I tillegg har jo kunden behov for produktet, så du må tenkje at kunden får det mykje betre med produktet enn utan det.

Avslutt salet på ein tydeleg måte

Når du skal avslutte eit sal, kan du bruke frasar som:

  • "Då er vi einige om at …"
  • "Då seier vi at …"
  • "Då går vi for …"
  • "Treng du noko meir enn …?"
  • "Er det noko meir eg kan hjelpe deg med?"

Dersom salet dreier seg om konkrete produkt, vil det vere naturleg å skrive ein fysisk ordre. Dersom det er haldningar eller oppfatningar vi vil selje, kan ei oppsummering vere på sin plass.

Skrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2017