Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Forståing av smerte

Smerter er noko vi alle opplever i løpet av livet. I denne artikkelen ser vi nærmare på ulike smertetilstandar og korleis du som helseservicearbeidar kan møte personar med smerte på ein god måte.

Kva er smerte?

Smerte er ei ubehageleg oppleving som kroppen bruker som eit varselsignal. Dette signalet fortel oss at noko ikkje er som det skal. Det kan komme av ein skade eller noko som blir oppfatta som ein skade, ein sjukdom eller ei belastning. Smerte består av ein sensorisk del og ein emosjonell del.

Sensorisk smerte

Den sensoriske delen handlar om kvar smerta sit, kor sterk ho er og korleis ho kjennest. Denne delen er knytt til sansane til kroppen, spesielt følesansen, som registrerer påverknader som trykk, temperatur og skade i huda og vevet. Her inngår også det som blir kalla smerteterskel, det vil seie når kroppen først begynner å registrere smerte.

Emosjonell smerte

Den emosjonelle delen handlar om kjenslene knytte til smerta, som frykt, stress og ubehag. Smertetoleranse speler også ei rolle. Det betyr kor mykje smerte ein person klarer å handtere. To personar kan oppleve same type smerte på ulike måtar.

Kva skjer i kroppen ved smerter?

Smerte oppstår når spesialiserte sanseceller i kroppen registrerer trykk, varme eller slag. Sansecellene gjer om denne påverknaden til elektriske signal, det vil seie nerveimpulsar. Nerveimpulsane går frå det skadde området gjennom nervane og inn til ryggmergen. I ryggmergen kan signalet utløyse ein automatisk refleks, til dømes som når du trekker handa raskt bort frå ei varm plate før du har rokke å tenke.

Frå ryggmergen går nerveimpulsane opp til talamus i hjernen. Talamus fungerer som eit koplingssenter der smertesignal blir sorterte og sende vidare. Når signalet kjem fram til det sensoriske senteret i hjerneborken, blir smerta bevisst oppfatta og tolka.

Samtidig som du registrerer smerta, koplar det autonome nervesystemet seg på. Dette er ein automatisk stressreaksjon som gjer kroppen klar til å handtere den moglege skaden. Derfor vil kroppen reagere med auka puls, høgare blodtrykk og raskare respirasjon.

Ulike smertetilstandar

Vi deler ofte smertetilstandar inn i akutte og langvarige smertetilstandar.

Akutte smerter

Akutte smerter kan oppstå som følge av ytre stimuli (påverknad), som skadar etter fall, eller indre stimuli, som betennelsar og infeksjonar. Akutt smerte er ein nødvendig og viktig reaksjon frå kroppen vår fordi han vernar oss mot skade eller fare og varslar oss om sjukdom.

Når ein pasient eller kunde oppsøker helsevesenet med akutt smerte, kan smerta ofte behandlast effektivt med smertestillande legemiddel. Smertene minkar når skaden er lækt, eller når pasienten eller kunden har blitt frisk frå sjukdommen.

Døme på årsaker til akutte smerter

skadar i rørsleapparatet
forstua ankel og akutte ryggsmerter etter tunge løft og slitasje på musklar
vevskade
kuttskadar og brannskadar
akutt sjukdom eller infeksjon
blindtarmbetennelse, halsbetennelse, gallesteinanfall og hjarteinfarkt

Langvarige smerter

Smerter blir rekna som langvarige dersom dei varer i meir enn tre månader. Slike smerter er vanlege i alle aldrar, også hos barn og ungdom. Langvarige smerter kan ha fleire årsaker og vere samansette. Smertene synest ikkje alltid utanpå, og pasientar kan derfor verke friske sjølv om dei har smerter.

Muskel- og skjelettplager er utbreidde og kjem ofte av ein kombinasjon av livsstil og feilbelastning over tid. Smerter kan også komme av av psykiske faktorar som angst, depresjon, stress eller undertrykte kjensler etter traume. Langvarige smerter kan påverke livskvaliteten og er ei hyppig årsak til langtidssjukefråvær og uførleik.

Langvarige smerter deler vi inn i fire typar: nociceptive, nevropatiske, idiopatiske og nociplastiske.

Nociceptive smerter

Nociceptive smerter er smerter som oppstår når vevet til kroppen faktisk er skadd, til dømes ved eit kutt i fingeren eller vevsirritasjon i kroppen. Det kan også skje ved sjukdommar som gir betennelse eller slitasje i kroppen. Revmatiske lidingar rammar ofte ledd og kan gi smerter fordi ledda blir betente eller utsette for slitasje over tid.

Nevropatiske smerter

Nevropatiske smerter er smerter som kjem av skade eller sjukdom i det sentrale eller perifere nervesystemet og ikkje i vevet rundt. Multippel sklerose (MS), Parkinsons sjukdom eller hjerneslag er døme på tilstandar som kan gi nevropatiske smerter.

Idiopatiske smerter

Idiopatiske smerter er smerter der det er vanskeleg å finne ei konkret fysisk eller psykologisk årsak, sjølv etter undersøkingar. Det kan til dømes vere uspesifikke muskel- og skjelettplager. Smerta er reell for pasienten sjølv om legane ikkje finn sjukdom eller skade i kroppen. Sidan smertene ofte ikkje kan påvisast gjennom objektive funn eller synlege skadar, kan det vere utfordrande for helsepersonell å fange dei opp.

Nociplastiske smerter

Ved nociplastiske smerter blir smertene opplevd som sterkare enn venta, noko som kan tyde på ei endring i korleis nervesystemet oppfattar og behandlar smertesignal. Nervesystemet har blitt meir kjenslevart. Fibromyalgi er eit døme på ein sjukdom som gir nociplastiske smerter.

Døme på årsaker til langvarige smerter

muskel- og skjelettsmerter
ryggsmerter, nakkesmerter og slitasjegikt
hovudverk
migrene, kjevesmerter og spenningshovudpine
nervesmerter
nevropati, hjerneslag og smerter etter operasjonar
magesmerter
irritabel tarmsyndrom (IBS)
kreftrelaterte smerter
smerter som held fram etter avslutta kreftbehandling

Kommunikasjon med pasientar med smerter

Korleis møte pasienten og kartlegge smertene

Som helseservicearbeidar er du ofte den første personen pasienten eller kunden møter når hen oppsøker helsevesenet. Ein viktig del av jobben din er å kartlegge smertene til pasienten, samtidig som du viser omsorg, empati og forståing. For å kunne vidareformidle rett informasjon til behandlaren må du finne ut

  • kva som har skjedd

  • kor lenge smertene har vart

  • korleis smertene blir opplevde

Du må lytte aktivt, ha eit ope kroppsspråk og stille oppfølgingsspørsmål for å sikre at du har forstått pasienten rett.

Korleis vise forståing og omsorg

Smerte er ei subjektiv oppleving. Det er berre den som har vondt som kan beskrive smerta, og ho kan ikkje målast objektivt av andre. Mange pasientar opplever at smertene deira ikkje blir tekne på alvor av helsepersonell når det manglar ei tydeleg medisinsk årsak til smertene. Det kan vere frustrerande å ha vondt i kroppen og samtidig møte helsepersonell som meiner at smerta har psykiske årsaker.

Kunnskapen din om smerter og måten du kommuniserer på speler ei viktig rolle for korleis pasienten eller kunden opplever møtet med helsevesenet. Det er viktig å bli møtt av helsepersonell som har kompetanse og som viser omsorg og støtte. Ved å gi god informasjon, rettleiing og råd kan du bidra til at pasienten forstår sin eigen smertetilstand betre.

Det er spesielt viktig å ha gode kommunikasjonsferdigheiter i møte med pasientar som har langvarige smerter. Du må anerkjenne smerta til pasienten og vise empati og forståing. For at pasienten skal kjenne at hen blir teken på alvor, bør hen få ei aktiv rolle i si eiga behandling. Når relasjonen mellom pasient og helsepersonell er prega av gjensidig forståing og respekt, vil det styrke evna pasienten har til å meistre kvardagen med smerter.

Utfordringar til deg

  1. Forklar med eigne ord kvifor akutte smerter har ein viktig funksjon.

  2. Kva meiner ein med at smerte er ei subjektiv oppleving?

  3. Korleis kan du møte ein pasient med smerter på ein god måte?

  4. Kva konsekvensar kan det få for ein pasient om hen opplever at smertene ikkje blir tekne på alvor?

Kjelder

Danielsen, A. & Heggen, C. (2020). Pasienters kroniske smerter kan være usynlig for sykepleiere. Sykepleien, 108(82415), e-82415.
https://sykepleien.no/fag/2020/08/pasienters-kroniske-smerter-kan-vaere-usynlig-sykepleiere

Folkehelseinstituttet. (2023, 14. mars). Langvarig smerte.
https://www.fhi.no/he/fr/folkehelserapporten/ikke-smittsomme/smerte/

Hofstad, E. (2020, 4. april). Smerte er mer komplisert enn man har trodd. Sykepleien.
https://sykepleien.no/2020/04/smerte-er-mer-komplisert-enn-man-har-trodd

Norsk legemiddelhåndbok. (2023, 31. august). Generelt om akutt smerte.
https://www.legemiddelhandboka.no/T20.3.1/Generelt_om_akutt_smerte

Ræder, J. (2024, 26. november). Smerte. I Store medisinske leksikon.
https://sml.snl.no/smerte

Relatert innhald

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen og Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 22.06.2026