Kva kan du om smertetilstandar?

Undervisningsopplegg om ein smertetilstand
De skal jobbe saman i par eller små grupper og lage eit undervisningsopplegg om ein smertetilstand. Målet er å vise fagleg forståing og evne til å formidle kunnskap på ein god og tydeleg måte slik at de lærer om dei ulike smertetilstandane av kvarandre.
Undervisningsopplegget skal vare i 15 minutt.
Del 1: Planlegging
I planleggingsfasen skal gruppa velje smertetilstand og responsgrupper.
1. Vel smertetilstand
Kvar gruppe trekker éin smertetilstand tilfeldig, til dømes ved loddtrekking. Det kan vere både akutte og langvarige smertetilstandar, til dømes hovudverk, brotskadar, tannverk eller muskel- og skjelettplager.
2. Vel responsgrupper
Når ei gruppe gjennomfører undervisningsopplegget, skal ei av dei andre gruppene vere responsgruppe. Det betyr at dei skal vurdere opplegget og gi tilbakemelding etterpå.
Gruppene som ikkje er responsgruppe akkurat då, skal vere deltakarar i undervisninga. Byt responsgruppe for kvar gjennomføring slik at alle får høve til og erfaring med å gi tilbakemelding.
Læraren eller gruppene trekker kven som skal vere responsgruppe for kvarandre.
Del 2: Lag undervisningsopplegget
Når de lagar undervisningsopplegget, må de planlegge ut frå desse punkta:
1. Læringsmål
Formuler kva dei andre elevane skal lære.
2. Fagleg innhald
I opplegget må de svare på desse spørsmåla:
Kva er smerte?
Kva smertetilstand har de valt?
Korleis blir smerta opplevd, og kva symptom kan personen få?
Korleis kan smerta påverke personar som opplever denne smertetilstanden?
Korleis skal helsepersonell møte personar med smerter?
3. Undervisningsmetode
Vel kva metode de vil bruke i undervisninga. Døme på metodar er rollespel, film, oppgåver og brettspel. Bruk kreativiteten dykkar for å gjere undervisninga spennande og interessant. Aktiviteten må vere relevant og hjelpe deltakarane med å lære. Det skal også vere motiverande for deltakarane å delta.
4. Evaluering
Avslutt undervisninga med ein kjapp sjekk av kva deltakarane har lært. Det kan vere quiz, spel eller oppsummering i plenum.
Kriterium for undervisningsopplegget
Alle i gruppa skal delta.
Beskriv tydeleg smertetilstanden de har valt.
Bruk og forklar relevante fagomgrep undervegs.
Forklar forskjellen mellom akutt og langvarige smerte.
Organiser ein aktivitet som bidreg til læring om temaet.
Gjennomfører undervisninga fritt frå manuset.
Opplegget skal vare i 15 minutt.
Del 3: Gjennomfør undervisninga og gi respons
Når de har planlagt undervisningsopplegget i tråd med kriteria, skal de gjennomføre undervisninga for klassen eller mindre grupper.
Når ei gruppe har gjennomført undervisningsopplegget, skal responsgruppa gi tilbakemelding munnleg. Responsgruppa skal seie to ting som var bra og ein ting som kan forbetrast. For å kunne svare på det kan gruppene stille seg desse spørsmåla:
Korleis blei det faglege innhaldet presentert?
Korleis var strukturen på undervisningsopplegget?
Korleis deltok personane i gruppa?
I kva grad engasjerte undervisningsopplegget til å delta aktivt?