Lag podkast: Korleis møte personar med smerter

Korleis møte ein pasient eller kunde med smerter?
I denne oppgåva skal de lage ein podkast om å møte ein pasient eller kunde som opplever smerter. Målet er å vise korleis smerter kan påverke kvardagen og livskvaliteten, og korleis god kommunikasjon kan bidra til tryggleik og tillit i møte med pasientar og kundar.
De skal arbeide i par. Podkasten de lagar, bør vare i omtrent fire til seks minutt.
Dersom de vil ha tips om korleis de går fram for å lage ein podkast, finn de det i artikkelen "Korleis lage ein podkast".
1. Planlegg podkasten
Før de begynner, må de bestemme
kva yrke helsepersonellet skal ha (til dømes helsesekretær, tannhelsesekretær, apotekteknikar, portør eller helsefagarbeidar)
kven pasienten eller kunden er (namn, alder og livssituasjon)
kva smertetilstand og smerteoppleving personen har, og om det er knytt til akutt eller kronisk sjukdom
korleis smertene påverkar kvardagen og livskvaliteten til denne personen
2. Lag manuskript til podkasten
Manuset skal ha med dette innhaldet:
Personane i samtalen presenterer seg for kvarandre.
Helsepersonellet spør for å kartlegge smerteopplevinga og situasjonen til pasienten eller kunden.
Pasienten eller kunden informerer om smertetilstanden sin, og om korleis smertene påverkar kvardagen og livskvaliteten.
Kommunikasjonen skal anerkjenne opplevingane til personen og bidra til tryggleik og tillit.
Lag ei naturleg avslutning på podkasten (til dømes ei kort oppsummering, gode råd for helsepersonell og så vidare).
De kan bruke NDLAs praterobot eller ein annan praterobot som skulen har godkjent, til å få idéar og forslag når de skriv manuset.
3. Gi og få tilbakemeldingar på manuset
Byt manuskript med eit anna par og gi kvarandre faglege tilbakemeldingar. Vurder om
smertetilstanden og smerteopplevinga kjem tydeleg fram
samtalen verkar realistisk
helsepersonellet bruker opne spørsmål og aktiv lytting for å få fram og forstå smerteopplevinga og situasjonen til pasienten eller kunden
helsepersonellet skaper tillit og tryggleik gjennom kommunikasjonen
Bruk tilbakemeldingane til å forbetre manuset før innspeling.
4. Spel inn podkasten
Finn ein roleg stad med minst mogleg bakgrunnsstøy. Gjer eit kort prøveopptak før de startar, og sjekk at begge stemmene høyrest tydeleg. Spel inn podkasten ved hjelp av mobil, nettbrett eller pc. Bruk manuskriptet som støtte under innspelinga.
5. Individuell refleksjon
Reflekter kort over følgande spørsmål:
Kva har arbeidet med podkasten lært deg om smerter og om korleis smertene kan påverke kvardagen til ein pasient eller kunde?
Kva har du lært om profesjonell kommunikasjon i møte med pasientar eller kundar som opplever smerter?
Lytt til podkasten dykkar ein gong til. Er det noko de kunne gjort annleis for at møtet skulle gått endå betre?