Smerteoppleving og smerteåtferd

Smerteoppleving
Vi menneske opplever smerte ulikt. Ulike individuelle faktorar påverkar korleis vi opplever og uttrykker smerta.
Biologiske faktorar
Biologiske forhold som alder, kjønn, genetikk, sjukdom og skade speler ei viktig rolle i smerteopplevinga. Til dømes kan barn og eldre oppleve smerte forskjellig frå folk midt i livet, og personar med nerveskadar kan få sterkare eller meir langvarige smerter. Kroniske lidingar kan gjere nervesystemet meir kjenslevart slik at smerteopplevinga blir sterkare.
Psykologiske faktorar
Tankar, kjensler, stress og forventningar har mykje å seie for korleis smerte blir opplevd. Bekymringar, stress og dårleg dagsform kan auke sensibiliteten kroppen har for smerte, mens tryggleik og positive forventningar kan gjere smerteopplevinga mindre intens.
Erfaring med smerter
Tidlegare erfaringar påverkar òg korleis smerte blir opplev. Dersom ein person har hatt sterke eller traumatiske smerteopplevingar tidlegare, kan dette føre til auka angst og sterkare oppleving av smerte seinare. Positive erfaringar, der smerta har blitt godt handtert og lindra, kan derimot gi auka tryggleik og betre smertemeistringa.
Sosiale forhold
Støtte frå familie og venner og òg livssituasjonen har innverknad på korleis smerte blir opplevd. God støtte frå omgivnadene kan bidra til auka tryggleik og ei mildare smerteoppleving. Ein ustabil livssituasjon eller lite sosial støtte kan derimot forsterke bekymring og føre til at smerta kjennest meir intens.
Kunnskap
Kunnskap om smerte og sjukdom kan påverke smerteopplevinga til pasienten. Når ein veit kva smerta kjem av, kan ho opplevast som mindre skremmande. God informasjon kan redusere angst og stress, noko som igjen kan dempe smerteopplevinga.

Smerteåtferd
Smerte er ei subjektiv oppleving. Det betyr at berre den som opplever smerta, kan vite korleis ho kjennest. Mange pasientar er redde for ikkje å bli trudde eller at nokon skal tru dei overdriv. Derfor er det viktig at helsepersonell tek pasienten på alvor og viser at dei har tillit til det pasienten fortel og viser.
Sidan smerta blir opplevd ulikt frå person til person, vil ho òg komme til uttrykk på ulike måtar.
Smerteåtferd er måten vi viser smerte på gjennom kroppen, ansiktet og handlingane våre. Smerte er i seg sjølv eit usynleg symptom, men vi kan sjå åtferd og kroppslege reaksjonar som kjem av smerte.
Smerte kan føre til dårleg søvn, redusert aktivitet og sosial tilbaketrekking. Når vi kartlegg smerte, må vi som helsepersonell lytte til det personen seier, og samtidig observere handlingane til personen og dei fysiologiske reaksjonane i kroppen. Vi må vurdere korleis smerta påverkar kvardagen til personen.
Smerteåtferd og kultur
Kulturell bakgrunn kan ha mykje å seie for korleis smerte blir uttrykt. I nokre kulturar er det akseptert og venta å uttrykke smerte ope, til dømes gjennom gråt, klaging eller verbale uttrykk. I andre kulturar blir det lagt meir vekt på å tole smerte og vise sjølvkontroll. Dette kan føre til at smerta ikkje blir vist så tydeleg, sjølv når ho er sterk.
Observasjon av smerte
Når vi observerer smerte, ser vi etter teikn på at ein person har vondt. Desse teikna kan delast inn i to hovudgrupper:
Fysiologiske teikn er den automatiske reaksjonen kroppen har på smerte. Dette kan vere endringar i pust, puls og blodtrykk, og dessutan symptom som kaldsveitte eller bleik hud. Slike reaksjonar skjer utan at personen kan styre dei sjølv.
Subjektive teikn er det vi kan sjå og høyre hos personen. Dette handlar om korleis smertene blir uttrykte gjennom ansiktet, stemma og kroppen.
I ansiktet kan smerte visast gjennom grimasar, rynka panne, rynke mellom augebryn, stram munn og samanknipne auge.
Smerte kan òg høyrast, som stønn, gråt, klynking eller klagelydar som "au" og "åh".
Personen kan òg verne ein vond kroppsdel, trekke seg unna berøring, bli uroleg, halde pusten eller endre aktivitetsnivå.
Tenk over
Korleis pleier du å uttrykke smerte?
Kan måten du uttrykker smerte på, variere i ulike situasjonar og samanhengar?
Smerte hos barn
Som helsepersonell er det viktig å vere særleg merksam på smerter hos barn fordi smerteopplevingar tidleg i livet har noko å seie for utviklinga av nervesystemet til barnet. Gjentekne eller sterke smerter kan påverke denne utviklinga og føre til at dei får lågare smerteterskel som vaksne.
Smerteåtferd hos barn
Hos barn kan det vere utfordrande å få informasjon om smerte, fordi evna til å uttrykke kva dei opplever, er avgrensa og blir forandra med utvikling og modning. Hos dei yngste barna kan uttrykk for svolt og tørste lett feiltolkast som smerte.
Det er viktig å vere merksam på teikn som grimasar, endra rørslemønster og gråt, for smerte kan uttrykkast gjennom endringar i åtferd og kjenslemessige reaksjonar. Sjå òg på kor lett barnet lar seg trøyste.
Barn kan ha vanskar med å fortelje kvar smerta sit, fordi dei manglar språk og omgrep for å beskrive smerta. Smerta kan òg opplevast annleis enn for vaksne. Dei kan til dømes seie at dei har vondt i magen sjølv om smerta eigentleg sit ein annan stad i kroppen. For å få informasjon kan vi be barna peike på der det gjer vondt.
Barn kan òg reagere på måtar som gjer det vanskeleg å oppdage smerta. Dei kan til dømes sovne av utmatting eller avleie seg frå smerta gjennom leik og aktivitet. Dette kan føre til at smerter hos barn blir feiltolka eller oversett.
Eldre barn kan i større grad bruke ord for å beskrive smerte. Samtidig kan dei bagatellisere eller skjule henne for å verke modige eller fordi dei er redde for konsekvensar, som å gå til tannlegen eller til legen. Dei kan òg trekke seg tilbake og bli irritable.

Smerteoppleving og smerteåtferd ved kognitiv svikt
Personar med kognitiv svikt opplever smerte på lik linje med andre, men klarer ikkje alltid å formidle smerte verbalt. I staden blir smerter ofte uttrykte gjennom endringar i åtferd. Dette kan det vere utfordrande å oppfatte fordi åtferdsendringane òg kan vere ein del av sjukdomsbiletet og ikkje nødvendigvis teikn på smerte.
Derfor er det viktig at helsepersonell som kjenner pasienten, observerer endringar i åtferd over tid og og samarbeider med pårørande for å få best mogleg bilete av tilstanden til pasienten. Observasjonane må tolkast heilskapleg, og alle endringar som kan tyde på ubehag, må takast på alvor.
Smerteåtferd ved kognitiv svikt
Hos personar med kognitiv svikt er det viktig å vere merksam på både fysiologiske og subjektive teikn på smerte.
Smerte kan vise seg på ulike måtar, til dømes som uro, vandring, vogging eller endring i gange og kroppshaldning. Nokre kan òg gi verbale uttrykk som stønning, roping eller banning.
Vidare kan nokre reagere med motstand i situasjonar som kan opplevast smertefulle, til dømes tannpuss, dagleg stell eller påkledning, eller ved at dei unngår å bevege ein kroppsdel.
I tillegg kan smerte føre til endringar i dagleg fungering, som redusert matlyst, endring i søvn og mindre deltaking i aktivitetar. Auka forvirring, irritabilitet, gråt, utagering eller tilbaketrekking kan òg vere reaksjonar på smerte.
Utfordringar til deg
Korleis kan individuelle forskjellar påverke smerteoppleving?
Korleis kan støtte frå andre menneske påverke korleis ein person handterer smerte?
På kva måte kan frykt og manglande forståing påverke barns oppleving av smerte?
Kvifor er det viktig å observere åtferdsendringar hos personar med kognitiv svikt når vi skal vurdere smerte?