Utforsk svangerskapsomsorg
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

I oppgåvene skal de finne ut av korleis den gravide blir følgt opp av helsetenesta i Noreg. Bruk ulike kjelder og samanlikn nasjonale oppfordringar med tilbodet i eigen kommune.
Arbeid i grupper på 2–3 elevar.
Del 1: Svangerskapsomsorg og støtteordningar
A: Finn ut om svangerskapsomsorg
Bruk artikkelen "Svangerskapsomsorg" for å svare på spørsmåla:
Kva er svangerskapsomsorg?
Kva er formålet med svangerskapsomsorg?
Kven kan den gravide få oppfølging hos?
Kva for behov skal svangerskapsomsorga vareta?
Kva meiner vi med at den gravide skal få informasjon og medverke i eiga oppfølging?
Kva blir "Helsekort for gravide" brukt til?
1B: Undersøk økonomiske støtteordningar
Undersøk kva for økonomiske ordningar som kan vere aktuelle for gravide og foreldre. Bruk sikre kjelder, til dømes nettsidene "Foreldrepenger" på nav.no og "Svangerskapskonsultasjoner" på helsenorge.no og finn ut:
Kva kan den gravide gjere dersom ho ikkje kan halde fram i arbeidet på grunn av forhold på arbeidsplassen som kan vere skadelege for seg sjølv og fosteret?
Kvifor er det viktig at helseservicearbeidaren veit kvar hen kan finne informasjon om økonomiske støtteordningar?
Kva er foreldrepengar?
Del 2: Kva skjer på dei ulike svangerskapskontrollane?
På svangerskapskontrollar gjennom heile svangerskapet blir det utført prøver, undersøkingar og samtalar om ulike tema. De skal undersøke nærmare kva som skjer på svangerskapskontrollane, og kva for tema som blir tekne opp.
Bruk artikkelen "Svangerskapsomsorg" for å finne informasjon om kvart tema og fyll ut tabellen.
Kva skjer? Kva blir undersøkt, eller kva blir det snakka om?
Kvifor? Kva er hensikta, og kvifor er det viktig?
Når skjer det? Finn ut kva veke, kva trimester, eller kor ofte det er aktuelt.
Illustrasjonen under viser kva for kolonnar du skal bruke. Ein tabell i Word og PDF for nedlasting og utfylling er tilgjengeleg lenger ned.
Del 3: Undersøk tilbodet der de bur
Gå inn på nettsida til eigen kommune.
Finn svar på:
Kvar kan gravide i kommunen din få oppfølging?
Kva tilbyr kommunen utover vanlege kontrollar, til dømes fødselsførebuande kurs, samtalegrupper eller heimebesøk etter fødsel?
Er det mogleg å få informasjon på fleire språk eller tilrettelagd oppfølging? Kom med døme.
Kven kan den gravide kontakte dersom ho treng råd mellom kontrollane?
Om de ikkje finn all informasjonen, noter kva de manglar. Kva kan de gjere for å finne eit sikkert svar? Kva for kjelder eller personar kan de bruke?
Del 4: Samanlikn og vurder
Samanlikn kjeldene de har brukt med informasjon frå kommunen.
Diskuter desse spørsmåla i gruppa:
Korleis bidreg svangerskapsomsorga til tryggleik for den gravide?
Kvifor er det viktig at den gravide kan medverke i eiga oppfølging?
Korleis kan helseservicearbeidaren sørge for at gravide med ulike språk, helseutfordringar, ulik kultur eller livssituasjon får eit likeverdig tilbod?
Kva for konsekvensar kan det få dersom den gravide ikkje får god informasjon eller ikkje opplever å bli lytta til?