Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Kva skjer i dei ulike trimestera?

Eit svangerskap varer omtrent 40 veker, og kvar veke skjer det endringar. Fosteret veks og utviklar seg samtidig som kroppen til den gravide endrar seg. Her får du anledning til å utforske utviklinga i dei ulike trimestera.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Bli kjend med det normale svangerskapet

Klassen blir delt inn i grupper, og kvar gruppe får ansvar for eit trimester. Bruk fagartiklane for trimesteret de har ansvar for til å undersøke kva som skjer med fosteret og den gravide:

1. Følg utviklinga

Gjer greie for kva som skjer med fosteret og den gravide kvinna i det trimesteret de har ansvar for. Bruk relevante fagomgrep og forklar kva dei betyr.

Korleis utviklar fosteret seg?

  • Korleis utviklar organ og kroppsdelar seg?

  • Kor mykje veks fosteret?

  • Kva for nokon viktige utviklingstrinn skjer hos fosteret?

Kva for endringar skjer i kroppen til den gravide?

  • Kva for nokon vanlege symptom og plager kan den gravide oppleve?

  • Kva for hormon påverkar kroppen, og kva betydning har dei?

2. Lag plakat

Lag ei oversiktleg og informativ tidslinje som viser utviklinga i trimesteret.

Plakaten skal vise både utviklinga til fosteret og endringane hos den gravide. Han skal innehalde

  • utviklinga til fosteret

  • endringar, symptom og plager hos den gravide

  • relevante fagomgrep

  • bilete og illustrasjonar

3. Presentasjon

Når plakaten er ferdig, skal gruppene presentere han for resten av klassen.

De skal kunne forklare med eigne ord kva som skjer med fosteret og den gravide gjennom trimesteret de har arbeidd med.

4. Refleksjon

Etter presentasjonen skal de svare skriftleg på spørsmåla nedanfor individuelt:

  1. Nemn ei viktig utvikling hos fosteret i kvart trimester.

  2. Nemn to vanlege forandringar eller plager den gravide kan oppleve. Kvifor oppstår dei?

  3. Korleis kan kunnskap om det normale svangerskapet hjelpe deg i møte med ein gravid pasient eller kunde?

5. Diskuter med ein medelev

Samanlikn svara dine frå oppgåve 4 med det ein medelev har skrive. Diskuter og reflekter saman over svara dykkar på kvart av spørsmåla.

Skrive av Therese Carlsen Andersen og Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 23.09.2026