Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Eigenomsorg i svangerskapet

Eit svangerskap fører med seg mange forandringar i kroppen og kvardagen. Korleis kan den gravide ta vare på både si eiga og fosteret si helse i svangerskapet?

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Anbefalingar til eigenomsorg i svangerskapet

Eigenomsorg i svangerskapet handlar om å ta vare på eiga fysisk og psykisk helse under graviditeten ved å følge anbefalingar for gravide, vere merksam på signala frå kroppen og søke hjelp ved plager, bekymringar eller symptom som den gravide er usikker på. Nasjonale anbefalingar for korleis den gravide kan vareta eiga helse og bidra til eit godt svangerskap, finst på nettsidene "Gravid" på helsenorge.no eller "Svangerskapsomsorgen" på helsedirektoratet.no.

Mat og drikke

Eit variert og næringsrikt kosthald er viktig gjennom svangerskapet. Fosteret får næringsstoff gjennom morkaka. Derfor er det viktig at den gravide får i seg tilstrekkeleg næring, slik at både ho og fosteret får dekt behova sine.

Vitamin og kosttilskot

Under svangerskapet aukar behovet for enkelte vitamin og mineral. Eit variert og næringsrikt kosthald er det viktigaste, men nokre næringsstoff kan vere vanskelege å få nok av gjennom maten. Derfor er det viktig for den gravide å følge oppfordringane frå helsestyresmaktene og rådføre seg med jordmor, lege eller apotek dersom ho er usikker på kva kosttilskot ho treng.

Tilrådde kosttilskot for gravide

  • Folat er spesielt viktig tidleg i svangerskapet fordi det bidreg til normal utvikling av fosteret. Kvinner som planlegg å bli gravide, blir tilrådd dagleg tilskot av folat frå før graviditeten og til og med dei første 12 vekene av svangerskapet.

  • Behovet for jern kan òg auke under graviditeten. Jern er viktig for å danne hemoglobin som fraktar oksygen i blodet.

  • Somme gravide kan òg ha behov for andre vitamin og mineral, avhengig av kosthald og individuelle behov. Vitamin C aukar opptaket av jern, og kalsium er bra for å bygge skjelett.

Aktivitet, kvile og søvn

Fysisk aktivitet er ein viktig del av eigenomsorga under eit normalt svangerskap. For dei fleste gravide er det både trygt og positivt å vere fysisk aktive, fordi det bidreg til betre søvn, auka velvære og reduserer enkelte plager. Det viktigaste er å tilpasse aktiviteten etter eiga form og signala frå kroppen. Etter kvart som magen veks, kan det vere nødvendig å endre aktivitetar eller redusere intensiteten.

Samtidig treng kroppen å kvile. Trøyttleik er vanleg, særleg i starten av svangerskapet. Å prioritere søvn, kvile og pausar er derfor også ein viktig del av eigenomsorga.

Psykisk helse

Å vareta eiga psykisk helse er viktig under svangerskapet. Den gravide kan vere glad og forventningsfull, men òg oppleve bekymringar, usikkerheit eller stress.

Å ta vare på den psykiske helsa si kan til dømes innebere å setje av tid til aktivitetar den gravide liker, vere saman med menneske som gir tryggleik og støtte, få nok kvile og be om hjelp når ein treng det.

Eigenomsorg for å lindre vanlege plager

Gravide kan oppleve plager i svangerskapet, og ofte kan enkle tiltak bidra til å lindre plagene. Kva for tiltak som hjelper, varierer frå person til person og frå plage til plage.

Kvalme og oppkast

Kvalme og oppkast er spesielt vanleg tidleg i svangerskapet. Kvalme kan føre til at den gravide drikk mindre, derfor er det viktig å få i seg væske for å unngå dehydrering. For somme kan små og hyppige måltid gjere plagene lettare, og for andre kan det hjelpe å unngå feit og sterkt krydra mat.

Forstopping

Forstopping er ei vanleg plage i svangerskapet. Fiberrik mat som grove kornprodukt, frukt og grønsaker kan bidra til mjukare avføring. Det er òg viktig å få i seg nok væske, og regelmessig fysisk aktivitet stimulerer tarmfunksjonen.

Rygg- og bekkensmerter

Regelmessig og tilpassa fysisk aktivitet bidreg til å halde oppe styrke og bevegelse. Det er òg viktig å variere arbeidsstillingar, unngå langvarig stillesitting og ta pause når kroppen treng det. For somme kan øvingar som styrker musklane rundt mage, rygg og bekken, vere nyttige. Ved vedvarande eller plagsame rygg- eller bekkenplager kan fysioterapi vere aktuelt. Fysioterapeuten kan òg gi råd og rettleiing om tilpassa øvingar og tilrettelegging av aktivitetar i kvardagen.

Film: Veiledning om svangerskapsplager

I denne filmen (lengde 2:17) kan du lære korleis ein apotekteknikar rettleier og gir informasjon til ei gravid kvinne som er plaga med halsbrann og sure oppstøytar.

Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Kva bør den gravide unngå?

Eigenomsorg handlar òg om kva den gravide bør unngå eller vere varsam med under svangerskapet:

  • Alkohol bør unngåast fordi alkohol kan skade fosteret. Røyking og bruk av nikotin kan òg påverke fosteret negativt.

  • Legemiddel blir brukte med varsemd. At eit legemiddel er reseptfritt, betyr ikkje nødvendigvis at det er trygt under graviditeten. Den gravide bør derfor spørje lege eller apotek ved usikkerheit om legemiddelet kan brukast.

  • Det er òg viktig å følge råd om mathygiene for å redusere risikoen for infeksjonar som kan vere skadelege under svangerskapet. Den gravide bør mellom anna vaske hendene godt, skylje frukt og grønsaker grundig og vere varsam med rått eller lite steikt kjøtt, i tillegg til enkelte matvarer som kan innehalde bakteriar som listeria.

  • Gravide bør unngå å tømme kattetoalett fordi katteavføring kan innehalde ein parasitt, Toxoplasma gondii, som kan føre til infeksjonssjukdommen toksoplasmose. Smitte kan òg skje gjennom uvaska grønsaker og frukt eller rått kjøtt. Dersom kontakt med kattesand eller jord ikkje kan unngåast, bør gravide bruke hanskar og vaske hendene godt etterpå.

Kjelder

Helsenorge. (2026, 26. mai). Halsbrann og sure oppstøt hos gravide. https://www.helsenorge.no/sykdom/svangerskap/halsbrann-og-sure-oppstot-hos-gravide/

Helsenorge. (2023, 21. november). Kosthold for gravide. https://www.helsenorge.no/gravid/kosthold-for-gravide/

Helsenorge. (2023, 2. august). Mat og drikke gravide bør unngå. https://www.helsenorge.no/gravid/mat-og-drikke-som-gravide-ikke-bor-spise/

Helsenorge. (2023, 9. februar). Vanlige plager under graviditeten. https://www.helsenorge.no/gravid/vanlige-plager-under-graviditeten/#kvalme-og-oppkast

Nylenna, M. & Braut, G. S. (2024, 26. november). Egenomsorg. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/egenomsorg

Rafaelsen, C. D., Strand, L. S. & Thorarinsdottir, S. (2024) Gravid. Bonniers forlag.

Skrive av Therese Carlsen Andersen.
Sist oppdatert 24.09.2026