Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Andre trimester

Andre trimester varer frå veke 13 til 26. I løpet av denne perioden kjenner ofte den gravide at energien kjem tilbake. Fosteret utviklar seg raskt, og kvinna kan oppleve mange fysiske endringar.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Den gravide

For mange gravide blir denne perioden opplevd som den mest behagelege delen av svangerskapet. Kvalme og trøyttleik frå det første trimesteret minkar ofte, og den gravide kjenner seg meir opplagd. I tidsrommet mellom svangerskapsvekene 17–20 merkar mange gravide dei første fosterbevegelsane.

Livmora veks

Livmora veks opp over underlivsbeinet, og graviditeten blir meir synleg for omverda. Etter kvart som livmora blir større, kan ho legge press mot organ som urinblære og magesekk, men òg mot nervar og blodkar. Dette kan føre til hyppigare vasslating, krampar i leggene og fordøyingsplager med halsbrann og sure oppstøytar.

Endringar i slimhinnene

Mange gravide opplever òg nasetettleik. Dette kjem av auka nivå av hormona progesteron og østrogen, som fører til auka blodgjennomstrøyming i slimhinnene. Slimhinnene blir dermed meir hovne og kan gi ei kjensle av tett nase.

Nokon kan òg oppleve bløding frå tannkjøttet. Dette kjem av dei hormonelle forandringane og auka blodtilførsel til slimhinnene, som gjer tannkjøttet meir kjenslevart. Gravide kvinner har derfor lettare for å utvikle tannkjøttbetennelse (gingivitt), som igjen i somme tilfelle kan utvikle seg til ein alvorleg betennelse som gjer at tennene losnar (periodontitt).

Bekkenplager

Ubehag eller smerter i bekkenet er vanleg. Dette heng mellom anna saman med hormonet relaxin som bidreg til å mjukgjere leddband og gjere bekkenet meir bevegeleg, som ei førebuing til fødselen.

Brysta førebur seg på amming

Brysta går gjennom fleire forandringar som førebuing til amming. Dei blir større, og området rundt brystvortene (areolaene) blir ofte større og mørkare. Mellom veke 15 og 22 begynner brysta å produsere råmjølk (kolostrum). Råmjølk er den første næringa til barnet etter fødsel og inneheld større mengder protein, feittlauslege vitamin og mineral enn morsmjølk.

Kynnarar

Kynnarar er uregelmessige strammingar i livmora som kan opplevast som ubehagelege, men vanlegvis ikkje smertefulle. Livmora førebur seg på fødsel ved å stramme muskulaturen. Kynnarar blir ofte sterkare mot slutten av andre trimester.

Vektauke

Å gå opp i vekt er ein naturleg del av svangerskapet. Barnet, morkaka og fostervatnet bidreg til auka vekt, samtidig som kroppen bygger opp energilager i form av feitt. For mange er vektauken størst mellom svangerskapsveke 17 og 24.

Andre fysiologiske endringar

Det er òg vanleg å oppleve svimmelheit, auka søvnbehov, hjartebank og tungpust. Desse symptoma kjem som regel av dei normale fysiologiske endringane som skjer i kroppen under svangerskapet, men kan òg vere teikn på låg blodprosent eller lågt blodtrykk. Dette blir følgt opp gjennom dei regelmessige svangerskapskontrollane.

Fosterutvikling i andre trimester

I dei første vekene i dette trimesteret begynner skjelettet til fosteret å bli hardare, og organa er meir eller mindre ferdig danna og korrekt plasserte i kroppen. Her er ei liste over andre utviklingstrekk hos fosteret i denne perioden:

  • Fosteret kan gjespe, suge og svelge.

  • Lungene blir stadig utvikla for at barnet skal vere i stand til å puste inn luft når det blir født.

  • Sirkulasjonssystemet til fosteret er fullt utvikla, og nesten 30 liter blod passerer gjennom hjartet til fosteret kvart døgn. Beinmergen til fosteret begynner å produsere blodceller. Fram til no har levra og milten gjort dette.

  • Frå veke 17 og utover blir feittlagera til fosteret danna. Desse skal bidra til at fosteret held på varme etter fødselen, i tillegg til at dei vernar dei indre organa til fosteret. Eit tynt hårlag (langunohår) dekker fosteret sin kropp.

  • Sansane blir utvikla, og fosteret får no smak, lukt, høyrsel og syn. Fram til veke 20 er alle foster omtrent like store, men frå no av blir dei individuelle forskjellane større – både på grunn av kapasiteten morkaka har til å gi næring og av genetiske årsaker.

  • Tarmane begynner å danne den første avføringa til barnet.

  • Bukspyttkjertelen begynner å danne hormon. I veke 23 kan fosteret vere levedyktig utanfor livmora dersom det skulle bli født.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor opplever mange gravide at andre trimester er lettare enn første trimester?

  2. Kva for plager kan auka nivå av hormona østrogen, progesteron og relaxin føre til?

  3. Forklar kvifor vektauke er ein nødvendig og naturleg del av svangerskapet.

Kjelder

Hagtvedt, L. M. & Holan, S. (2019). Det nye livet. Fagbokforlaget. https://www.helsebiblioteket.no/innhold/artikler/pasientinformasjon/pharmasafe/tett-nese-og-forkjolelse-hos-gravide

Rafaelsen, C. D., Strand, L. S. & Thorarinsdottir, S. (2024). Gravid. Bonniers forlag. https://www.oslojordmor.no/gravid/andre-trimester/

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 18.09.2026