Tredje trimester
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Den gravide
Kroppen førebur seg til fødsel og amming. Mange gravide opplever fleire fysiske plager i takt med at magen blir større.
Livmora veks
Livmora veks mykje og tek opp stor plass i bukhola. Presset aukar på organa rundt og gir auka plager som fordøyingsplager og behov for hyppig vasslating. Mange opplever å bli tungpusta fordi livmora pressar opp mot mellomgolvet, og lungene får mindre plass til å utvide seg. I veke 35 er livmora på sitt høgaste, seinare sig barnet ned mot bekkenet, og det blir lettare å puste igjen.
Hevelsar
Det er vanleg å oppleve hevelsar i anklar, føter og hender. Dette kjem av væskesamlingar i kroppen (ødem), og av at den veksande livmora forseinkar tilbakestrøyminga av blodet til hjartet.
Åreknutar
Åreknutar er utvida venar like under hudoverflata og opptrer som oftast på leggene. I svangerskapet trykker livmora på venane som fører blodet frå beina og opp til hjartet, noko som medfører auka trykk i blodårene i beina. Stigande verdiar av hormonet progesteron gjer òg at åreveggene i blodårene gir etter, derfor har gravide ein auka risiko for å utvikle åreknutar. Åreknutar er som regel ufarlege, men kan vere plagsame.
Fordøyingsplager
Fordøyingsplager er vanlege. Livmora pressar på magesekken, og dette kan føre til halsbrann, sure oppstøytar og ei kjensle av å bli fort mett. Dei auka hormonnivåa i kombinasjon med lågare aktivitetnivå kan føre til treg mage og forstopping fordi tarmbevegelsane går saktare. Treg avføring og forstopping kan igjen føre til hemoroidar. Hemoroidar er åreknutar i eller rett innanfor endetarmsopninga og er gjerne mest framståande i siste del av svangerskapet.
Auka søvnbehov
Det er normalt å kjenne seg sliten og trøytt i slutten av svangerskapet. Det kan dessutan vere vanskeleg å finne ei god sovestilling med den store magen.
Svangerskapskløe
Mange gravide plagast med kløe. Det kjem av at huda over magen strekker seg, men huda kan òg bli tørrare grunna hormonforandringar.
Kynnarar
Kynnarar held fram inn i tredje trimester. Når taka blir regelmessige, smertefulle, og livmorhalsen blir opna, kallar vi det for rier. Fødselen er i gang når den gravide får regelmessige fødselsrier.
Bekken- og ryggplager
Å få plager i bekken og rygg er normalt i slutten av svangerskapet. Den auka vekta og endringar i kroppshaldninga belastar musklar og ledd. Hormonet relaxin bidreg til at leddband og ledd blir meir bevegelege, noko som kan føre til smerter og ubehag.
Film: Forflyttingsteknikk for gravide
I denne filmen (lengde 1:04) kan du sjå korleis ei som er gravid kan bruke forflyttingsteknikk for å komme seg inn og ut av ein bil.
Fosterutvikling i tredje trimester

Barnet veks mykje og legg på seg raskt, inntil 30 gram om dagen.
Barnet fyller meir av livmora, og dei fleste barn snur seg slik at hovudet vender ned mot bekkenet før fødsel.
Lungene er snart ferdig utvikla, og barnet gjer pusteøvingar.
Barnet er snart ferdig forma med dei rette proporsjonane. Hjernen veks så raskt, at han pressar hovudskallen utover.
Morkaka (placenta) blir meir og meir gjennomtrengeleg for å kunne forsyne barnet med antistoff frå mor. Antistoffa blir transporterte gjennom morkaka over i blodbanen til barnet og er ein del av det medfødte immunforsvaret.
I veke 38 samlast meir av det grønsvarte avfallsstoffet som blir kalla bek (mekonium) seg i tarmane til barnet.
Utfordringar til deg:
Kvifor opplever mange gravide fleire fysiske belastningar i tredje trimester?
Kva er forskjellen på kynnarar og rier?
Korleis får barnet antistoff frå mor?