Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Utforsk eigenomsorg i svangerskapet

Eit svangerskap fører med seg mange forandringar, og gode val kan bidra til helse, tryggleik og meistring. Men kva kan han gravide gjere sjølv, og når er det nødvendig å søke hjelp?

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Kva er eigenomsorg i svangerskapet?

I denne oppgåva skal de undersøke kva eigenomsorg inneber for gravide. De skal finne, vurdere og formidle helseinformasjon som kan bidra til helse, tryggleik og meistring i eit normalt svangerskap.

For å kunne arbeide med oppgåvene nedanfor må de først lese artikkelen "Eigenomsorg i svangerskapet". Gå deretter i grupper på 2–3 elevar.

1. Eigenomsorg

Start med å snakke saman i gruppa. Noter deretter svara kvar for dykk:

  1. Kva er eigenomsorg i svangerskapet?

  2. Kva kan den gravide sjølv gjere for å vareta helse og trivsel?

  3. Av og til er det ikkje nok å bruke eigenomsorg, men nødvendig å kontakte helsepersonell. Nemn nokre døme på dette.

2. Finn råd på Helsenorge

Gå inn på nettsida "Gravid" på Helsenorge.no. Bruk òg undersidene som handlar om helse, livsstil og vanlege plager.

Kvar gruppemedlem vel eit tema nedanfor:

  • kosthald og kosttilskot

  • fysisk aktivitet

  • søvn og kvile

  • alkohol, tobakk og snus

  • kvalme, halsbrann og andre vanlege plager

  • psykisk helse, bekymringar og støtte frå andre

  • førebuingar til svangerskapskontroll

Kvar gruppemedlem undersøker temaet sitt før de saman diskuterer funna.

For kvart tema skal de fylle ut dei tomme cellene i tabellen under. Tabellen kan òg lastast ned som Word-fil eller PDF-fil.

3. Diskuter råda

Vel to av råda de har funne og diskuter i gruppa:

  1. Korleis kan kvart av råda bidra til god helse og trivsel i kvardagen?

  2. Kva kan gjere det vanskeleg å følge råda?

  3. Korleis kan ein helseservicearbeidar gi støtte og rettleiing når den gravide møter utfordringar knytte til råda?

  4. Korleis kan råda tilpassast ulike behov, til dømes ved sjukdom, dårleg økonomi, språkbarrierar eller psykiske utfordringar?

Bruk spørsmåla som støtte til å lage eit skriftleg samandrag som skal presenterast for klassen.

4. Påstandar

I den interaktive oppgåva under skal du avgjere kva for nokon av dei åtte påstandane som er sanne eller usanne.

5. Lag informasjon til ei som er gravid

Lag ein brosjyre med gode råd til ei som er gravid. Vel ei vanleg plage eller ein vanleg bekymring i svangerskapet. Lag ein passande tittel, til dømes "Gode råd til deg som er gravid og har søvnproblem".

Tenk på målgruppa, og bruk eit språk som er lett å forstå for ein person som er gravid. Brosjyren skal presenterast for klassen etterpå.

Innhald i brosjyren:

  • fire konkrete og fagleg riktige råd om eigenomsorg

  • kvifor råda er viktige

  • minst to situasjonar der den gravide bør kontakte jordmor, lege eller fødeavdeling

  • minst to kjeldetilvisingar, der éi skal vere frå Helsenorge

Skrive av Therese Carlsen Andersen.
Sist oppdatert 29.09.2026