Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Svangerskapsomsorg

Svangerskapet er ei tid med store forandringar, både fysisk og psykisk. God profesjonell omsorg er viktig for den gravide, og for å gi barn ein god start på livet. Som helseservicearbeidar kan du vere med på å bidra til eit trygt og godt svangerskap gjennom å gi kunnskapsbasert informasjon.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Kva er svangerskapsomsorg?

Svangerskapsomsorg er den oppfølginga som blir tilboden den gravide under svangerskapet for å vareta helsa til både mor og barn. Målet er å oppdage eventuelle utfordringar tidleg og fremme gode levevanar. Svangerskapsomsorga bidreg til eit trygt svangerskap, ein god fødsel og ein god start på livet.

Det er den offentlege helsetenesta som har ansvaret for svangerskapsomsorga i Noreg, og tilbodet er gratis for alle gravide. Kommunane har ansvar for å tilby gratis svangerskapskontrollar hos jordmor på helsestasjon og hos eigen fastlege. Dei regionale helseføretaka (spesialisthelsetenesta) har ansvar for ultralydundersøkingar og oppfølging av gravide som treng spesialisert medisinsk behandling.

Svangerskapskontrollar

Basisprogrammet består av ni svangerskapskontrollar, fosterdiagnostikk (inkludert tidleg ultralyd) og éi ultralydundersøking mellom veke 17 og 19. Når den gravide tek kontakt med jordmor eller fastlege, bør ho så snart som mogleg, og seinast innan ei veke, få innkalling til første svangerskapskontroll som vanlegvis blir gjennomført i svangerskapsveke 8–12.

Helsekort for gravide er eit dokument som blir brukt gjennom heile svangerskapet. Her blir opplysningar om det gravide registrerte, som tidlegare svangerskap og fødslar og resultat frå undersøkingar og kontrollar. Helsekortet skal følge den gravide på alle svangerskapskontrollar og til fødestad.

Film: Første svangerskapskontroll

I denne filmen (lengde 2:59) møter vi ei gravid som kjem til den første svangerskapskontrollen sin og får informasjon frå helseservicearbeidaren om svangerskapsomsorg.

Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Fosterdiagnostikk

Fosterdiagnostikk er medisinske undersøkingar av fosteret i magen før fødsel. Målet er å finne ut om fosteret har alvorlege sjukdommar, genfeil eller utviklingsavvik.

Alle gravide har rett til å få eit tilbod om tidleg ultralydundersøking mellom veke 11 og 14 gjennom den offentlege helsetenesta. Denne ultralydundersøkinga blir brukt til å fastsetje termindato, sjekke talet på foster, kontrollere fosterutvikling og måle nakkefolden til fosteret for å vurdere kromosomavvik.

I tillegg til ultralydundersøking blir NIPT-test tilboden for gravide som er over 35 år ved termin, og dessutan gravide som av andre grunnar har indikasjon for fosterdiagnostikk. Ein NIPT-test er ei blodprøve av mor for å sjå på arvestoffet til fosteret, spesielt kromosomfeil, som Downs syndrom.

Svangerskapskontrollar i første trimester

I løpet av dei to første svangerskapskontrollane skal den gravide

  • få informasjon om basisprogrammet i svangerskapsomsorga, slik at ho sjølv kan velje om ho ønsker å bli følgt opp av jordmor eller fastlege. Det er òg mogleg å gå begge stader.

  • få råd om levevanar i graviditeten og saman med helsepersonell vurdere om det trengst meir oppfølging utover basisprogrammet

  • ha samtale med jordmor eller fastlege om behova sine, helsa si, ønske ho måtte ha og livssituasjonen sin. Den gravide bør få spørsmål om ho no eller tidlegare har eller har hatt psykiske helseproblem, og ved behov blir det tilbod om oppfølging utover basisprogrammet.

  • ha samtale om amming

Tilrådde undersøkingar og prøver

  • blodtrykksmåling

  • analyse av urinprøve

  • blodprøve for å sjekke om mor har smittsame sjukdommar som kan overførast til barnet under fødsel

  • vektmåling for å følge med på vektauke under graviditeten

  • måling av jernstatus og råd om jerntilskot ved behov

  • måling av hemoglobin i første trimester

  • måling av langtidsblodsukker (Hba1c) før veke 16 for gravide med forhøgd risiko for diabetes

  • kartlegging av blodtype for å undersøke om den gravide har blodtypeantistoff som kan reagere mot dei raude blodcellene til fosteret. Dette blir kalla ein RhD-screening.

RhD-screening av RhD-negative

Omtrent 15 % av befolkninga i Noreg er blodtype RhD-negativ (Rhesus minus). RhD er eit stoff som kan finnast på overflata av dei raude blodcellene. Viss ein person har RhD-stoffet, er dei RhD-positive, mens dei som ikkje har det, er RhD-negative.

Ein person som er RhD-negativ, kan få eit barn som er RhD-positiv. Under svangerskap og fødsel kan litt av blodet til fosteret komme over i blodet til den gravide, slik at immunforsvaret til den gravide kan oppfatte RhD-stoffet som framandt. Immunforsvaret kan då begynne å lage antistoff mot RhD-stoffet. Antistoffa kan i nokre tilfelle gå gjennom morkaka og angripe dei raude blodcellene til fosteret, som kan føre til sjukdom hos foster eller nyfødd.

For å forhindre dette får RhD-negative som ber på eit RhD-positivt foster, tilbod om anti-D-profylakse.

Svangerskapskontrollar i andre og tredje trimester

Gjennom denne perioden blir den gravide følgd opp med regelmessige kontrollar. Både den gravide og fosteret si helse blir vurdert på alle kontrollane. Då blir blodtrykk, urinprøve og vekt kontrollert. Det blir òg målt symfyse-fundus-mål, som er avstanden frå skambeinet til toppen av livmora. Denne målinga blir brukt for å følge veksten og utviklinga til fosteret. I tillegg blir det lytta til hjartelyden til fosteret, og den gravide får spørsmål om ho kjenner fosterliv dagleg.

Film: Svangerskapskontroll i tredje trimester

I denne filmen (lengde 1:26) ser vi ei gravid som kjem til svangerskapskontroll i slutten av svangerskapet og har ein samtale med ein helseservicearbeidar.

Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Svangerskapsomsorg i veke 17–40

Veke 17–19

Den gravide får tilbod om ultralydundersøking for å

  • fastsetje termin

  • identifisere dei ulike fostera dersom det er fleire

  • undersøke organa til fosteret

  • undersøke kvar morkaka er plassert

Veke 24

  • glukosebelastningstest for gravide som har auka risiko for å utvikle svangerskapsdiabetes

  • tilbod om kikhostevaksine

Veke 28

  • måling av hemoglobin (Hb) for å undersøke om den gravide har jernmangelanemi på grunn av auka mengde blod i graviditeten

  • informasjon og råd om søvn og sovestilling

  • anti-D-profylakse til RhD-negative gravide med RhD-positivt foster

Veke 30

  • samtale om amming og oppfordringar om spedbarnsernæring

  • samtale om betydninga av mellom anna hud-mot-hud-kontakt, og at barnet får komme tidleg til brystet

Veke 36 og 38

  • vurdering av fosterleie. Viss barnet ligg i sete eller tverrleie etter veke 36, blir den gravide vist til fødepoliklikken som vurderer om barnet skal prøvast snudd til hovudleie.

  • spørje om bruk av tobakk og alkohol

  • samtale om fødsel og barseltid

Veke 40

  • vurdering av fosterleie

  • tilvising til spesialisthelsetenesta for vurdering av overtid ved behov

Kjelde

Helsedirektoratet (2018). Nasjonal faglig retningslinje for svangerskapsomsorgen. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/svangerskapsomsorgen

Skrive av Kathrine Karlsen.
Sist oppdatert 28.09.2026