På oppdagingstur på apoteket

Førebu turen
Før de dreg til apoteket, må de førebu dykk ved å gjere desse oppgåvene. Jobb saman i grupper med 3–4 elevar i kvar gruppe.
Samarbeid med læraren for å lage lage ein tidsplan for opplegget både på skulen og på apoteket.
Les på førehand fagartiklane om Legemiddelformer og administrasjonsmåtar og Bruk av reseptfrie legemiddel for å førebu dykk på å besøke eit apotek.
Vel ei gruppe reseptfrie legemiddel som de skal fordjupe dykk i. De kan velje mellom desse legemidla:
legemiddel mot forkjøling
legemiddel mot allergi
legemiddel for mage og tarm
legemiddel til røykeavvenning
legemiddel som inneheld fluor
smertestillande og febernedsettande legemiddel
Oppgåver på apoteket
Oppsøk eit apotek i nærleiken av skulen. Når de har komme på apoteket, skal de gjere oppgåvene nedanfor. Noter det de finn ut.
Forklar dei tilsette kvifor de er der, kva de skal undersøke, og spør om det passar å stille nokre spørsmål. Vis omsyn til travle periodar og tilpass dykk situasjonen på apoteket.
Finn dei reseptfrie legemidla de har valt, og undersøk om dei finst i ulike legemiddelformer og administrasjonsmåtar.
Undersøk kva legemidla kostar, og sjå på eventuelle prisforskjellar mellom produkta.
Dokumenter arbeidet ved å ta bilete og eventuelt korte videoar dersom apoteket gir løyve til det. Dette må de avtale på førehand.
Spør om det er mogleg å få med informasjonsmateriell om dei legemidla de har undersøkt, eller om de kan få vareprøver utan verkestoff.
Lag ein presentasjon
Når de har gjort oppgåvane på apoteket, skal de fordjupe dykk i Felleskatalogen og deretter vise fram funna for dei andre i klassen.
Sorter informasjonen som de samla inn på apoteket.
Bruk Felleskatalogen til å fordjupe dykk i dei valde reseptfrie legemidla. Finn tilleggsinformasjon om
verkestoff
synonympreparat
bruksområde
tilrådd dosering for ulike aldersgrupper
vanlege biverknader
ulike legemiddelformer for same preparat
korleis legemiddelet blir administrert
Presenter funna for klassen. Vel sjølv presetasjonsform. Det kan vere PowerPointpresentasjon, plakat, munnleg framføring, video eller liknande.
Diskuter og reflekter
Etter presentasjonen får dei andre gruppene høve til å stille 2–3 faglege spørsmål. Spørsmåla kan til dømes handle om legemiddelformer, administrasjonsmåtar, pris eller annan relevant informasjon. Målet er at de skal utfordre kvarandre, tenke høgt og lære av erfaringane til dei andre gruppene.
Relatert innhald
Bli kjend på apoteket ved hjelp av det interaktive apoteket, og svar på oppgåvene.
I denne oppgåva kan du lære meir om arbeidsoppgåvene til ein apotekteknikar og organisering av apoteket.