Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Reseptfrie legemiddel

Som helseservicearbeidar skal du kjenne til dei vanlegaste reseptfrie legemidla. Det er viktig for å kunne informere om bruksområde, biverknader og fare for forgiftingar. I denne artikkelen skal vi sjå nærmare på nokre av desse legemidla.

Kva er reseptfrie legemiddel?

Reseptfrie legemiddel blir også kalla OTC- preparat. OTC står for Over-The-Counter. OTC-preparat finst for å gi befolkninga tilgang til eigenbehandling av milde og forbigåande plager. For at eit legemiddel skal seljast utan resept, må det reknast som trygt nok til at pasienten eller kunden kan bruke medisinen utan legetilsyn.

Det er Direktoratet for medisinske produkt (DMP) som godkjenner om eit legemiddel kan seljast reseptfritt, og kvar det skal seljast. Det hender at tidlegare reseptfrie legemiddel blir reseptpliktige dersom det blir oppdaga at dei kan gi alvorlegare biverknader enn ein tidlegare var klar over.

Apoteket er den vanlegaste staden for å kjøpe reseptfrie legemiddel. Der kan kunden få råd og rettleiing om rett bruk av legemidla. Enkelte reseptfrie legemiddel blir selde i daglegvarebutikkar, på bensinstasjonar og andre tilsvarande utsalsstader. Det er viktig å merke seg at tilsette på utsalsstadene ikkje har lov til å gi tilrådingar eller rettleiing ved sal fordi dei ikkje er autorisert helsepersonell.

Vanlege reseptfrie legemiddel

Reseptfrie legemiddel blir brukte til å behandle vanlege plager som smerter, feber, allergi, forkjøling, halsbrann eller diaré. Ved bruk av reseptfrie legemiddel må ein følge informasjonen som står i pakningsvedlegget når det gjeld alder, dosering og forsiktigheitsreglar.

Det finst mange ulike preparat som blir selde reseptfritt. Her skal vi sjå på nokre vanlege legemiddel i dei ulike kategoriane.

Smertestillande og febernedsetjande legemiddel

Smertestillande (analgetika) og febernedsetjande (antipyretika) legemiddel verkar både febernedsetjande og smertestillande fordi verkestoffet i dei påverkar to ulike prosessar i kroppen. Dei påverkar smerteoppfatninga i nervane og temperaturreguleringa i hjernen.

Desse legemidla er berekna for lette og kortvarige smerter og plager, som muskelsmerter, forkjøling, hovudverk, menstruasjonssmerter og tannverk.

Døme på smertestillande og febernedsetjande legemiddel

Paracetamolprepatat
Reseptfrie paracetamolpreparat, til dømes Paracet, Pinex og Panodil, blir tilrådd som førstevalet, spesielt til barn. Desse preparata gir få biverknader ved rett dosering og kan brukast saman dei fleste andre medisinar. Personar med leverskade skal ikkje bruke paracetamolpreparat utan å ha snakka med lege.
NSAID
NSAID står for Non- Steroidal Anti- Inflammatory Drugs. Det finst mange ulike preparat som blir selde utan resept, til dømes Ibux, Ibuprofen og Naproxen. NSAIDS verkar betennelsesdempande, smertestillande og febernedsettande. Dei er spesielt effektive ved skadar og smerter i muskel- og skjelettsystemet. Det finst ei rekke tilstandar der bruken av NSAIDS kan vere skadeleg. Personar som har magesår, hjarte- og karsjukdom eller astma bør unngå å bruke desse preparata. Personar som går på blodfortynnande skal ikkje bruke NSAIDS utan å ha snakka med lege.

Legemiddel mot forkjøling

Det finst ikkje legemiddel som kan gjere oss friske når vi blir forkjølte, men det finst legemiddel som kan lindre plagene. Reseptfrie smertestillande og febernedsetjande medikament kan saman med slimhinneavsvellande nasespray og legemiddel mot sår hals og hoste lindre symptoma.

Døme på legemiddel mot forkjøling

Slimhinneavsvellande nasespray
Slimhinneavsvellande legemiddel finst både som nasespray og nasedropar til barn og vaksne. Dei gir rask lindring ved tett nase ved å trekke saman blodårene i naseslimhinna. Døme på slimhinneavsvellande legemiddel er Otrivin nasespray og Rhinox nasedropar. Slimhinneavsvellande legemiddel skal ikkje brukast i meir enn 710 dagar samanhengande fordi det kan føre til at ein blir avhengig og får kronisk tett nase.
Legemiddel mot sår hals
Halstablettar kan lindre sår hals. Det finst reseptfrie legemiddel med verkestoff som gir ein lokalbedøvande effekt i halsen, til dømes Xyx sugetablettar og Strefen munnspray.
Hostedempande legemiddel
Ved tørrhoste, altså hoste utan slim, kan ein bruke Noskapin i tablettform eller som mikstur for å dempe hosterefleksen.
Slimløysande legemiddel
Det finst slimløysande miksturar, tablettar og brusetablettar mot hoste med mykje slim. Desse legemidla gjere slimet tynnare og dermed lettare å hoste opp. Solvipect mikstur og Bronkyl brusetablettar er døme på slimløysande legemiddel.

Legemiddel mot allergi

Reseptfrie legemiddel mot allergi blir selde i små forpakningar utan resept. Dei er for korttidsbehandlingar. Lege bør kontaktast dersom symptoma er langvarige slik at allergien kan utgreiast. Allergimedisinar kan brukast lokalt eller systemisk.

Døme på legemiddel mot allergi

Anithistamin
Antihistamin er den vanlegaste typen allergimedisin. Dei finst som tablettar, augedropar og nasespray. Antihistamin blokkerer histamin, som er det stoffet som kroppen skil ut ved ein allergisk reaksjon. Tablettar, til dømes Zyrtec og Cetirizin, verkar systemisk. Dersom pasienten berre har plager lokalt i auga og nasen, blir det tilrådd å bruke augedropar eller nasespray, til dømes Livostin.
Kortisonpreparat
Det finst fleire reseptfrie kortisonpreparat som kan brukast til å behandle allergiske reaksjonar i nasen og huda. Kortison verkar betennelsesdempande og kan dermed lindre allergiske reaksjonar. Nasonex nasespray er døme på ein reseptfri nasespray mot allergiske plager. Hydrokortison i form av krem eller salve kan brukast på huda ved utslett som kjem av allergisk reaksjon.

Legemiddel for mage- og tarmplager

Reseptfrie legemiddel for mage og tarm behandlar og førebygger vanlege plager som forstopping (obstipasjon), diaré, halsbrann og syreplager (reflux) og luftplager. Desse legemidla verkar på ulike måtar, og det er viktig å kartlegge årsaka for å kunne tilrå rett legemiddel.

Døme på legemiddel for mage- og tarmplager

Syrenøytraliserande legemiddel
Det finst preparat som legg ein barriere i magesekken, og som hindrar magesyra å komme opp i matrøyret. Gaviscon er eit døme på eit slikt preparat. Det finst også preparat som nøytraliserer magesyra, som til dømes Novaluzid.
Legemiddel mot treig mage og forstopping
Dei to vanlegaste avføringsmidla utan resept er volumaukande midlar som stimulerer tarmrørslene, som Vi-Siblin og mjukgjerande legemiddel, som Duphalac. Mjukgjerande legemiddel gjer avføringa mjukare slik at ein kan førebygge treig mage og forstopping. Det finst også lokal behandling, til dømes Microlax klyster, som tømmer nedste del av tarmen.
Legemiddel mot laus mage og diaré
Det finst reseptfrie legemiddel til korttidsbehandling av laus mage og diaré. Imodium er døme på eit legemiddel som gjer avføringa fastare.

Røykeavvenning

Legemiddel som inneheld nikotin kan hjelpe pasientar og kundar med røykeslutt. Desse legemidla er reseptfrie og kan seljast både i daglegvarebutikkar og på apotek. Nikotinlegemiddel kjem i ulike former som plaster, tyggegummi, sugetablettar og inhalator. Legemidla finst i ulike styrkar, altså med ulike mengder nikotin, og pasienten eller kunden vel styrke ut frå kor mange sigarettar dei røyker dagleg. Ved rett bruk er det er få biverknader knytte til nikotinlegemiddel.

Døme på legemiddel ved røykeavvenning

Nikotinhaldig tyggegummi
Nikotinhaldig tyggegummi lindrar nikotinabstinens i røykfrie periodar. Preparatet kan også brukast ved gradvis nedtrapping av røyking. Tyggegummiane finst i ulike styrkar som ein kan tilpassa ut frå kor avhengig av nikotin ein er. Nikotinen blir gradvis frigjord ved tygging og blir teken opp gjennom munnhola. Eit døme på eit slikt preparat er Nicorette tyggegummi.
Nikotinhaldig plaster
Nikotinplaster er eit depotplaster som blir festa på huda og gir ei kontrollert frigjering av nikotin over ei bestemd tid. Plastera finst i ulike styrkar og med ulik verketid slik at dei kan tilpassast behova til pasienten eller kunden. Eit døme på nikotinhaldig plaster er Nicorette depotplaster.

Munn- og tannhelse

Det finst reseptfrie legemiddel for å førebygge hol i tennene (karies) og for å behandle plager i munnen og tannkjøttet. Døme på plager er munnsår og tannkjøttbetennelse.

Døme på legemiddel for munn- og tannhelse

Legemiddel som inneheld fluor
For å førebygge karies kan ein bruke legemiddel med eit høgt fluorinnhald (natriumfluorid). Dei finst både som tannkrem og sugetablettar. Duraphat tannkrem og Flux fluortablettar er døme på reseptfrie legemiddel med fluor.
Legemiddel mot tannkjøttbetennelse
Dei vanlegaste legemidla mot tannkjøttbetennelse inneheld klorhexidin, og dei finst som munnskyljevæske og gel. Klorhexidin verkar bakteriedrepande. Corsodyl munnskyljevæske og gel er døme på produkt som inneheld klorhexidin.
Legemiddel mot munnsår
Herpesvirus er den vanlegaste årsaka til munnsår på og rundt leppene. Det finst kremar med verkestoff som hemmar herpesviruset slik at utbrotet blir kortare og mindre smertefullt. Døme på slike kremar er Zovirax og Aciklovir.

Utfordringar til deg

  1. Kva er det som avgjer om eit legemiddel kan seljast utan resept?

  2. Kvifor verkar legemiddel som Paracet og Ibux både smertestillande og febernedsetjande?

  3. Kvifor er paracetamolpreparat tilrådde som førsteval, spesielt til barn?

  4. Kvifor skal ikkje slimhinneavsvellande nasespray brukast meir enn i 710 dagar samanhengande?

Kjelder

Felleskatalogen. (2026). Flux.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-flux-karo-pharma-559305

Felleskatalogen. (2026). Gaviscon.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-gaviscon-nordic-drugs-559574

Felleskatalogen. (2026). Nicotinell.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-nicotinell-dr-reddys-561960

Felleskatalogen. (2026). Noskapin.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pil-noskapin-orifarm-healthcare-562149

Felleskatalogen. (2026). Novazulid.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-novaluzid-cooper-562156

Felleskatalogen. (2026). Zyx.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-zyx-cooper-587607

Folkehelseinstituttet. (2025, 27. mai). Reseptfritt salg av legemidler 2024.
https://www.fhi.no/he/legemiddelbruk/omsetning-utenom-apotek/reseptfritt-salg-av-legemidler/

Helsenorge. (2024, 9. august). Forkjølelse.
https://www.helsenorge.no/sykdom/ore-nese-hals/forkjolelse/#behandling-av-forkjolelse

Helsenorge. (2024, 24. august). Legemidler ved røykeslutt.
https://www.helsenorge.no/snus-og-roykeslutt/hjelpemidler-ved-roykeslutt/

Helsenorge. (2025, 13. november). Pollenallergi og medisiner. (https://www.helsenorge.no/sykdom/astma-og-allergi/medisin-ved-allergi/#medisiner-mot-pollenallergi

Store norske leksikon. (2026, 20. februar). NSAIDs.
https://sml.snl.no/NSAIDs

Relatert innhald

Å jobbe på apotek

Apoteket er organisert i ulike delar. Det består av sjølvvalet, informasjonsrom, reseptur og direktereseptur.

Apoteklova

Lov om apotek skal sikre at utlevering av legemiddel skjer forsvarleg og sikre kvaliteten på legemiddel og farmasøytiske tenester.

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 17.06.2026