Å jobbe på apotek

Kva er oppgåvene til apoteket?
Apoteket og dei tilsette til apoteket skal mellom anna bidra til
rett legemiddelbruk
sikker utlevering av legemiddel
kontroll av reseptmedisin/rekvisisjonar
legemiddelinformasjon
rettleiing og råd om regelverk, sjukdommar, helse og livsstil
Kven jobbar på apotek?
Apotektilsette er autoriserte helsepersonell og underlagt same lovverk som andre grupper av helsepersonell.
Farmasøytar
Det finst to typar farmasøytar, provisorfarmasøytar og reseptarfarmasøytar, som kan ekspedere legemiddel sjølvstendig etter resept og rekvisisjon. Provisorfarmasøytane har femårig høgare utdanning med mastergrad. Reseptarfarmasøytane har treårig høgare utdanning med bachelorgrad.
Apotekarar
Apotekaren er den faglege og administrative leiaren i apoteket og har ansvar for at apotekverksemda følger gjeldande regelverk. Det er berre provisorfarmasøyt som kan vere apotekar.
Apotekteknikarar
Tittelen apotekteknikar får du etter avslutta utdanning på vg3 apotekteknikk, som du tek etter vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 helseservicefag. Dette er ein beskytta tittel som du får gjennom autorisasjonssystemet, og du er dermed autorisert helsepersonell. Apotekteknikarar som har fått godkjend opplæring, kan utføre helsetenester i apoteket. Apotekteknikar har ikkje ekspedisjonsrett, noko som gjer at apotekteknikaren ikkje kan ekspedere reseptpliktige legemiddel utan kontroll av farmasøyt.
Anna apotekpersonell
Det er òg andre yrkesgrupper som kan jobbe i apotek. Det er mellom anna sjukepleiarar, hudpleiarar, kontormedarbeidarar og reingjeringspersonale.
Organisering av apoteket
Sjølvvalet
Når du kjem inn i eit apotek, er sjølvvalet det første du møter. I sjølvvalet er varene organiserte etter bruksområdet av produkta, som til dømes hudpleie, mor og barn og allergi. Korleis dette er organisert, kjem an på kva apotekkjede det er snakk om. Sjølvvalet til apoteket skal vere ryddig og innbydande. Reolane (hyllene) skal vere godt oppfylte med varer. Dei varene som apotekkjeda bestemmer at apoteka skal ha på lager, blir kalla grunnsortiment. Dette blir gjennomgått med jamne mellomrom etter etterspørselen i marknaden og innkjøpsavtalar med produsentar.
Sjølvvalet blir ofte delt inn i to delar, ein medisinsk del og ein velværedel, med ulike fargekodar. Varene er igjen delte opp i ulike undergrupper:
Handelsvarer
Dette inkluderer produkt som ikkje nødvendigvis er medisinske, men som ofte er relaterte til helse og velvære. Døme er kosmetikk, hudpleieprodukt, kosttilskot og hygieneartiklar.
OTC (Over-The-Counter)
Dette er legemiddel som er ein del av sjølvvalet. Desse kan kjøpast utan resept, til dømes smertestillande, febernedsetjande, allergimedisinar og legemiddel mot forstopping. Ved sal av reseptfrie legemiddel eller legemiddel som i avgrensa mengde er haldne unna reseptplikt, har apoteka eit lovpålagt ansvar. Det inneber å gi kundar opplysningar om bruk, oppbevaring og haldbarheit slik at legemidla kan brukast rett. Apoteket skal òg informere om moglege skadelege effektar viss det er mistanke om at legemiddelet blir brukt feil.
Sjukepleieartiklar
Desse produkta er ofte nødvendige for pasientar med spesifikke medisinske behov. Døme er inkontinensutstyr, kompresjonsstrømpar og forbruksmateriell til blodsukkermålarar.
Informasjonsrom
Informasjonsrommet er eit skjerma rom. Det er skilt frå sjølvvalet, men kan opnast slik at det kan brukast som ein ekstra arbeidsstasjon når det er mange reseptkundar. På informasjonsrommet kan tilsette ha samtalar med kundar og samtidig vareta teiingsplikt og personvern. Her blir òg dei tenestene apoteka tilbyr, utførte, som vaksinasjon, demonstrering av hjelpemiddel, føflekkskanning, blodsukkermåling, inhalasjonsrettleiing, informasjon til kundar om sjukepleieartiklar som inkontinensutstyr og utdeling av legemiddel til kundar som er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Direktereseptur
Direkteresepturein er der kundar vender seg når dei skal hente reseptar. Apotekteknikaren registrerer resepten til kunden, plukkar fram legemidla og leverer dei ut til kunden etter at farmasøyt har kontrollert at alle opplysningane på resepten stemmer med det som er rekvirert.
Reseptur
Resepturen er bak direkteresepturen og er den delen av apoteket der dei reseptpliktige medisinane blir oppbevarte og handterte. Apotekteknikaren kan mellom anna ha ansvar for å bestille varer til apoteket, kontrollere varene når dei kjem, og plassere varene på dei ulike lokasjonane/lagerplassane.
Reseptar
Ein resept er ei bestilling av medisin til menneske eller dyr. Dei som skriv ut reseptane, blir kalla rekvirentar. Ein rekvirent kan vere lege, tannlege, tannpleier, veterinær, jordmor, helsesjukepleiar, optikar eller farmasøyt. Nokre av desse har avgrensa rekvisisjonsrett, det betyr at dei berre kan skrive ut reseptar på bestemde legemiddel.
Reseptar kan rekvirerast skriftleg eller elektronisk og kan bli reitererte, det betyr at dei kan brukast fleire gonger. Rekvirenten kan òg ringe inn reseptbestillinga til apoteket der medisinen skal hentast ut, då er resepten gyldig berre for eitt uttak.
Blå resept
Dette er legemiddel og medisinsk utstyr som blir heilt eller delvis dekt av folketrygda. Blåreseptordninga inneber at kunden betaler 60 % av utsalspris i eigenandel, maksimalt 400 kr per utlevering. Barn under 16 år og minstepensjonistar er fritekne eigenandel. Når kunden har nådd eigendelstaket for inneverande år, får hen frikort og gratis medisin på blå resept ut kalenderåret. Resten av beløpet blir dekt av Helfo (Helseøkonomiforvaltninga). Det er fastsette reglar for kva sjukdommar eller tilstandar som gir rett til legemiddel gjennom blåreseptordninga:
legemiddel for behandling av kroniske sjukdommar
legemiddel for behandling av allmennfarlege sjukdommar og kjønnssjukdommar
medisinsk forbruksmateriell og utstyr
næringsmiddel ved visse typar sjukdommar
Kvit resept
Dette er legemidla som ikkje er på blå resept, og som høyrer til legemiddelgruppe A, B og C. Her betaler kunden som regel heile beløpet, med nokre unntak.
Kva gjer ein apotekteknikar?
Apotekteknikaren har mange og varierte arbeidsoppgåver i apoteket, både framme i sjølvvalet og bak i resepturdelen av apoteket. Nokre av oppgåvene er å ekspedere legemiddel, rettleie kundar om trygg og rett legemiddelbruk og ha ansvar for logistikk og varehandtering. Som apotekteknikar er du ofte den første som møter kunden i apoteket, og du må bruke kompetansen din til å hjelpe kunden. Derfor er det viktig at du held deg fagleg oppdatert på produkt, varer og tenester apoteka sel. Apotekkjedene tilbyr dei tilsette ulike kurs og kompetanseutvikling innan ulike område, til dømes hudpleieutdanning og vaksinasjon.
Apotekteknikarar kan mellom anna bli vaksinatørar fordi dei er autoriserte helsepersonell. For å bli vaksinatør må ein gjennomføre og bestå fastsett opplæring og kunnskapstest. Å vere vaksinatør inneber å setje vaksine på pasientar, som oftast intramuskulær eller subcutan injeksjon. Fordi alle vaksinar er reseptpliktige legemiddel, skal vaksinasjon i apotek berre skje på grunnlag av resept frå lege eller etter at vaksinen er rekvirert av ein rekvirent i apoteket. Nokre vaksinar, til dømes influensavaksinar, kan bli rekvirerte i apotek. I desse tilfella inngår både rekvirering og vaksinasjon i tenesta vaksinasjon.
Utfordringar til deg
På apoteket vil du møte ulike kundar med ulike utfordringar. Tenk over korleis du vil møte kundane i situasjonane som er skildra under, på ein profesjonell måte:
Du møter ein kunde med nedsett høyrsel. Du skal demonstrere bruken av inhalasjonsmedisin. Korleis vil du gjere dette på best mogleg måte?
Du møter ein kunde som snakkar eit anna språk enn deg. Korleis vil du kommunisere med denne kunden?
Du møter ein kunde som er svaksynt og treng hjelp til å finne varer i sjølvvalet. Korleis kan du hjelpe kunde på best mogleg måte?