Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bli kjend i apoteket

I apoteket er det mange ulike arbeidsoppgåver, mellom anna sal av ikkje-reseptbelagde varer, reseptbelagde varer og tenester. Apoteket er organisert slik at kunden skal få ei god oversikt over utvalet. I denne interaktive ressursen vil du få eit innblikk i korleis eit apotek er organisert.

På apoteket

Opn det interaktive apoteket under i fullskjerm. Bruk muspeikaren eller tastaturet til å navigerer rundt i apoteket, og gå inn på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du går vidare til oppgåvene under.

Oppgåver

Sjølvval

  1. Noter stikkord som forklarer dei ulike varegruppene i sjølvvalet.

    1. sjølvvalsvarer

    2. OTC

    3. sjukepleieartiklar

  2. Kva er ein sjokkseljar? Kva er fordelar og ulemper med sjokkseljarar?

  3. Korleis er apoteket universelt utforma?

Reseptur

  1. Korleis blir personvernet vareteke i resepturen?

  2. Kva produkt blir selde i resepturen?

Informasjonsrom

  1. Gi konkrete døme på kva informasjonsrommet blir brukt til.

  2. Kvifor er det viktig å ha eit informasjonsrom i apoteket?

Relatert innhald

Apoteklova

Lov om apotek skal sikre at utlevering av legemiddel skjer forsvarleg og sikre kvaliteten på legemiddel og farmasøytiske tenester.

Utforsk apoteklova

I denne oppgåva kan du utforske nokre av føresegnene i apoteklova og reflektere over ansvaret ditt på jobb i apotek.

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen, Ragnhild Hamre Slinning og Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 23.05.2025