Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Biverknader og forgiftingar ved bruk av reseptfrie legemiddel

Biverknader og forgiftingar kan oppstå ved bruk av alle legemiddel. I denne artikkelen ser nærmare vi på kva biverknader og forgiftingar er, og kva du må vere merksam på ved bruk av dei vanlegaste reseptfrie legemidla.

Kva er biverknader?

Ein biverknad er ein uønskt verknad av eit legemiddel som oppstår ved tilrådd dosering. Alle legemiddel kan gi biverknader, men det betyr ikkje at alle som bruker legemiddelet, vil få biverknader. Biverknader kan vere alt frå milde og kortvarige plager som kvalme etter inntak av eit legemiddel til meir alvorlege biverknader som kan føre til organskadar eller i verste fall død. Alvorlege biverknader kan vere allergiske reaksjonar, leverskade eller nyreskadar.

Kor ofte oppstår biverknader?

Det varierer frå legemiddel til legemiddel kva slags biverknader som oppstår, og det er vanskeleg å føreseie kven som vil oppleve biverknader. Dei vanlegaste biverknadene er ofte dei minst alvorlege. I Felleskatalogen og i pakningsvedlegga er biverknadene inndelte etter kor ofte dei førekjem, frå svært vanleg til svært sjeldan.

Svært vanleg (meir enn 10 %)
Fleire enn 10 av 100 personar får biverknaden.
Vanleg (1–10 %)
Høgst 10 av 100 personar får biverknaden.
Mindre vanleg (0,1–1 %)
Høgst 1 av 100 personar får biverknaden.
Sjeldan (opptil 0,1 %)
Høgst 1 av 1000 personar får biverknaden.
Svært sjeldan (mindre enn 0,01 %)
Høgst 1 av 10 000 personar får biverknaden.

For å redusere risikoen for biverknader er det viktig å følge forklaringane i pakningsvedlegget når det gjeld administrasjonsmåte, dosering og forsiktigheitsreglar.

Biverknader av reseptfrie legemiddel

I tabellen under finn du døme på reseptfrie legemiddel og oversikt over vanlege og sjeldne biverknader ved bruk av desse medikamenta.

Tabell med biverknader av nokre vanlege reseptfrie legemiddel

biverknader av nokre vanlege reseptfrie legemiddel

Reseptfritt legemiddel

Svært vanlege og vanlege biverknader

Sjeldne og svært sjeldne biverknader

Paracetamol-preparat

ingen vanlege biverknader ved tilrådd dosering

utslett, påverknad av leverfunksjon, blodforandringar og nyreskade

Ibuprofen-

preparat

halsbrann, magesmerter, kvalme, oppkast, diaré, forstopping og luftplager. Hovudverk, svimmelheit, trøyttleik og hudutslett førekjem også.leversvikt, nyresvikt, alvorlege hudreaksjonar, blødingar og hol i magesekken, forvirring og depresjon

Otrivin nasespray

hovudverk, svie, tørrheit og ubehag i nasen. Bruk over lengre tid kan gi slimhinneirritasjon og kronisk tett nase.

kvalme, høgare blodtrykk

hjarterytmeforstyrringar,

utslett, kløe, nervøsitet, søvnforstyrringar og forbigåande synsforstyrringar

Noskapin hostedempande mikstur og tablettarhovudverk og trøyttleikanafylaktisk reaksjon, pustevanskar og hallusinasjon
Zyrtec/Cetirizin- tablettar

trøyttleik, munntørrheit, kvalme, diaré, svimmelheit, hovudverk, søvnigheit, sår hals og forkjølingsliknande symptom i nasen

hevelse, elveblest, rask puls, auka vekt, kramper, aggresjon, depresjon, hallusinasjon og forvirring
Livostin augedroparhovudverk, svie på applikasjonsstaden, tåkesyn, augeirritasjon og augesmerterkløe i auge og raudheit på appliklasjonsstaden
Livostin nasesprayhovudverk, kvalme, trøyttleik, smerte i nasen, biholebetennelse, svimmelheit, smerte i halsen, trøyttleik, nasebløding og hostesvie og ubehag på applikasjonsstaden, nasal heving og rask puls
Duphalacdiaré, magesmerter, luftplager, oppkast og ubehag. Dersom ein mistar mykje væske på grunn av diaré, kan ein også få elektrolyttforstyrringar.utslett og oversensibilitetsreaksjon frå nervesystemet
Imodium

luftplager, forstopping, kvalme, hovudverk og svimmelheit

anafylaksi, utmatting og bevisstheitstap
Nicorette tyggegummihikke, kvalme, halsirritasjon, hoste og hovudverkblemmer i slimhinnene i munnen, raping, brystsmerter, rask puls, kjevesmerter og unormale draumar
Duraphat tannkremingen vanlege biverknader ved tilrådd doseringoversensibilitet i immunsystemet og svie i munnen
Flux sugetablettaringen vanlege biverknader ved tilrådd doseringFor store dosar over tid kan føre til kvite og brune flekkar i emaljen på tennene hos barn over 12 år. Akutt kan store dosar føre til kvalme, brekningar og diaré.

Kva er forgiftingar?

Ei forgifting kan oppstå når kroppen får i seg skadelege mengder av stoff som kjemikaliar, plantar eller legemiddel. I for store dosar kan alle legemiddel gi forgiftingar. For barn kan sjølv små dosar vere nok til å bli forgifta.

Det kan vere fleire årsaker til at nokon tek for høge dosar av eit legemiddel. Det kan vere fordi ein ønsker større effekt, fordi ein får i seg for mange tablettar ved eit uhell, eller fordi det er ei bevisst handling. Feil inntaksmåte av legemiddel kan også føre til forgiftingar, til dømes om du svelger ein krem som skal smørjast på huda.

For å førebygge forgiftingar er det viktig at ein både oppbevarer og bruker legemidla rett. Det er like viktig anten det er snakk om reseptfrie eller reseptpliktige legemiddel.

Forgifting ved paracetamolpreparat

Paracetamol er det legemiddelet som er mest vanleg og blir mest brukt ved feber og smerter. Ved for høge dosar paracetamol er det fare for forgifting og leverskade. Det kan skje både ved inntak av store enkeltdosar og dersom høgare dose enn tilrådd blir teken dagleg over tid. Det første døgnet av ei forgifting kan vere nesten utan symptom, og det kan føre til at forgiftingsfaren blir undervurdert. Tidleg behandling kan vere avgjerande for å forhindre livstruande leverskade.

Tiltak ved forgiftingar

Når ei mogleg forgifting blir oppdaga, er det viktig å handle raskt. Som helseservicearbeidar skal du alltid kontakte lege eller ringe Giftinformasjonen før du set i gang med eit tiltak. Giftinformasjonen gir informasjon om kva symptom som kan oppstå, kva som er farlege dosar og kva behandlingstiltak som skal setjast i verk. Ved alvorlege symptom skal du ringe 113.

Det er fleire faktorar som avgjer kva behandlingtiltak som må setjast i gang. Det kjem an på kva legemiddel det gjeld, kor stor mengde som er teken, og kor lang tid det har gått sidan inntaket.

Her er nokre døme på behandlingstiltak:

Gi antidot (motgift)
Antidot er eit samleomgrep for stoff som reagerer på eller opphevar verknaden av eit anna stoff. Det blir brukt til å behandle overdosering eller forgifting av legemiddel.
Gi medisinsk kol
I nokre tilfelle kan det vere tilrådd å gi medisinsk kol ved forgifting av legemiddel. Medisinsk kol er eit flytande kolpreparat som bind seg til legemiddel i mage- og tarmsystemet og forhindrar at legemiddelet blir teke opp i kroppen.
Framkalle brekningar
Å framkalle brekningar kan i nokre tilfelle føre til meir skade enn å vere til nytte. Derfor skal du ikkje framkalle brekningar utan at lege eller giftinformasjonen gir deg beskjed om det.
Gi drikke
Mjølk, vatn eller anna drikke skal du berre gi dersom lege eller giftinformasjon gir beskjed om det.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein biverknad?

  2. Kvifor er det viktig å lese pakningsvedlegget når du kjøper reseptfrie legemiddel?

  3. Kva kan vere årsaker til forgiftingar ved bruk av legemiddel?

  4. Kvifor bør du ringe Giftinformasjonen om du mistenker ei forgifting?

Kjelder

Felleskatalogen. (2026). Antidot.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/forgiftninger/antidoter

Felleskatalogen. (2026). Duphalac.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/duphalac-cooper-548179

Felleskatalogen. (2026). Flux.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/flux-karo-pharma-559305

Felleskatalogen. (2026). Imodium.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-imodium-mcneil-560028

Felleskatalogen. (2026). Livostin [Pasientinformasjon].
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-livostin-mcneil-561038

Felleskatalogen. (2026). Livostin [Pakningsvedlegg].
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pil-livostin-mcneil-594464

Felleskatalogen. (2026). Medisinforgiftning.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/nyttig-om/medisinforgiftning

Felleskatalogen. (2026). Medisinsk kull.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/forgiftninger/antidoter/medisinsk-kull-561289

Felleskatalogen. (2026). Nicorette.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/nicorette-mcneil-561955

Felleskatalogen. (2026). Noskapin.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-noskapin-orifarm-healthcare-562151

Felleskatalogen. (2026). Nyttig om bivirkninger.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/nyttig-om/bivirkninger

Felleskatalogen. (2026l. Otrivin.
https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-otrivin-haleon-562512

Folkehelseinstituttet. (2026, 17. mars). Paracetamolforgiftninger.
https://www.fhi.no/kl/giftinformasjon/fakta-om-paracetamol/

Relatert innhald

Forgiftingar

Mange stoff kan føre til forgifting. Riktig førstehjelp vil variere frå stoff til stoff.

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 11.06.2026