Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

På oppdagingstur på apoteket

I denne oppgåva skal de utforske marknaden for reseptfrie legemiddel og oppleve korleis det er å vere kundar på apoteket. Gjennom ein aktivitet utanfor skulen får de knytt teori til praksis. Etter å ha samla informasjon skal de lage ein presentasjon om det de har funne ut.

Førebu turen

Før de dreg til apoteket, må de førebu dykk ved å gjere desse oppgåvene. Jobb saman i grupper med 34 elevar i kvar gruppe.

  1. Samarbeid med læraren for å lage lage ein tidsplan for opplegget både på skulen og på apoteket.

  2. Les på førehand fagartiklane om Legemiddelformer og administrasjonsmåtar og Bruk av reseptfrie legemiddel for å førebu dykk på å besøke eit apotek.

  3. Vel ei gruppe reseptfrie legemiddel som de skal fordjupe dykk i. De kan velje mellom desse legemidla:

    • legemiddel mot forkjøling

    • legemiddel mot allergi

    • legemiddel for mage og tarm

    • legemiddel til røykeavvenning

    • legemiddel som inneheld fluor

    • smertestillande og febernedsettande legemiddel

Oppgåver på apoteket

Oppsøk eit apotek i nærleiken av skulen. Når de har komme på apoteket, skal de gjere oppgåvene nedanfor. Noter det de finn ut.

  1. Forklar dei tilsette kvifor de er der, kva de skal undersøke, og spør om det passar å stille nokre spørsmål. Vis omsyn til travle periodar og tilpass dykk situasjonen på apoteket.

  2. Finn dei reseptfrie legemidla de har valt, og undersøk om dei finst i ulike legemiddelformer og administrasjonsmåtar.

  3. Undersøk kva legemidla kostar, og sjå på eventuelle prisforskjellar mellom produkta.

  4. Dokumenter arbeidet ved å ta bilete og eventuelt korte videoar dersom apoteket gir løyve til det. Dette må de avtale på førehand.

  5. Spør om det er mogleg å få med informasjonsmateriell om dei legemidla de har undersøkt, eller om de kan få vareprøver utan verkestoff.

Lag ein presentasjon

Når de har gjort oppgåvane på apoteket, skal de fordjupe dykk i Felleskatalogen og deretter vise fram funna for dei andre i klassen.

  1. Sorter informasjonen som de samla inn på apoteket.

  2. Bruk Felleskatalogen til å fordjupe dykk i dei valde reseptfrie legemidla. Finn tilleggsinformasjon om

    1. verkestoff

    2. synonympreparat

    3. bruksområde

    4. tilrådd dosering for ulike aldersgrupper

    5. vanlege biverknader

    6. ulike legemiddelformer for same preparat

    7. korleis legemiddelet blir administrert

  3. Presenter funna for klassen. Vel sjølv presetasjonsform. Det kan vere PowerPointpresentasjon, plakat, munnleg framføring, video eller liknande.

Diskuter og reflekter

Etter presentasjonen får dei andre gruppene høve til å stille 23 faglege spørsmål. Spørsmåla kan til dømes handle om legemiddelformer, administrasjonsmåtar, pris eller annan relevant informasjon. Målet er at de skal utfordre kvarandre, tenke høgt og lære av erfaringane til dei andre gruppene.


Relatert innhald

Bli kjend i apoteket

Bli kjend på apoteket ved hjelp av det interaktive apoteket, og svar på oppgåvene.

Skrive av Aleksandra Krogh.
Sist oppdatert 15.06.2026