Kva skjer i dei ulike trimestera?
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Bli kjend med det normale svangerskapet
Klassen blir delt inn i grupper, og kvar gruppe får ansvar for eit trimester. Bruk fagartiklane for trimesteret de har ansvar for til å undersøke kva som skjer med fosteret og den gravide:
Første trimester (veke 1–12)
Andre trimester (veke 13–27)
Tredje trimester (veke 28–40)
1. Følg utviklinga
Gjer greie for kva som skjer med fosteret og den gravide kvinna i det trimesteret de har ansvar for. Bruk relevante fagomgrep og forklar kva dei betyr.
Korleis utviklar fosteret seg?
Korleis utviklar organ og kroppsdelar seg?
Kor mykje veks fosteret?
Kva for nokon viktige utviklingstrinn skjer hos fosteret?
Kva for endringar skjer i kroppen til den gravide?
Kva for nokon vanlege symptom og plager kan den gravide oppleve?
Kva for hormon påverkar kroppen, og kva betydning har dei?
2. Lag plakat
Lag ei oversiktleg og informativ tidslinje som viser utviklinga i trimesteret.
Plakaten skal vise både utviklinga til fosteret og endringane hos den gravide. Han skal innehalde
utviklinga til fosteret
endringar, symptom og plager hos den gravide
relevante fagomgrep
bilete og illustrasjonar
3. Presentasjon
Når plakaten er ferdig, skal gruppene presentere han for resten av klassen.
De skal kunne forklare med eigne ord kva som skjer med fosteret og den gravide gjennom trimesteret de har arbeidd med.
4. Refleksjon
Etter presentasjonen skal de svare skriftleg på spørsmåla nedanfor individuelt:
Nemn ei viktig utvikling hos fosteret i kvart trimester.
Nemn to vanlege forandringar eller plager den gravide kan oppleve. Kvifor oppstår dei?
Korleis kan kunnskap om det normale svangerskapet hjelpe deg i møte med ein gravid pasient eller kunde?
5. Diskuter med ein medelev
Samanlikn svara dine frå oppgåve 4 med det ein medelev har skrive. Diskuter og reflekter saman over svara dykkar på kvart av spørsmåla.