Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Første trimester

Første trimester omfattar dei første 12 vekene av svangerskapet. I denne perioden blir dei viktigaste organa til fosteret utvikla, samtidig som den gravide går gjennom store hormonelle og fysiologiske forandringar.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Film: Graviditetstest

I denne filmen (lengde 2:16) kan du sjå korleis ein graviditetstest kan påvise graviditet, og at den gravide tek kontakt med fastlegekontoret for å bestille time til svangerskapskontroll.

Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Den gravide

Samtidig som fosteret utviklar seg raskt i første trimester, går den gravide gjennom store fysiologiske og hormonelle forandringar. Kroppen tilpassar seg svangerskapet ved å støtte veksten og utviklinga til fosteret, samtidig som han førebur seg på dei endringane som vil skje gjennom resten av graviditeten.

Dei første vekene av svangerskapet opplever mange få eller ingen symptom. Lengda på svangerskapet blir berekna frå første dag i den siste menstruasjonen, noko som inneber at svangerskapsalderen blir rekna frå omtrent to veker før befruktninga fann stad.

Hormonelle og fysiologiske endringar

Frå rundt svangerskapsveke 5 begynner mange gravide å merke kroppslege forandringar som kjem av auka produksjon av graviditetshormona hCG, østrogen og progesteron. Vanlege symptom er auka vasslatingsbehov, ømme og spente bryst, trøyttleik, verking i korsryggen og ei kjensle av trykk i underlivet. Livmora veks gradvis, men ligg framleis nede i bekkenet. Derfor er graviditeten som regel ikkje synleg for andre på dette tidspunktet.

Dei hormonelle forandringane påverkar ikkje berre kroppen, men òg kjenslelivet. Mange gravide opplever humørsvingingar og kan vere meir kjenslemessig sårbare enn vanleg. Det er normalt å kjenne på både glede, forventning, usikkerheit og bekymringar. Vanlege bekymringar kan dreie seg om risikoen for spontanabort, den kommande foreldrerolla, kroppslege forandringar, eller korleis graviditeten vil påverke arbeid og familieliv.

Blødingar

Enkelte gravide kan oppleve ei lita bløding tidleg i svangerskapet. Dette blir kalla ei implantasjonsbløding og er vanlegvis ufarleg.

Kvalme og oppkast

Kvalme og oppkast er blant dei vanlegaste symptoma i første trimester. Kvalme og oppkast under graviditeten kjem sannsynlegvis av hormonelle forandringar i kroppen. Hormona østrogen og progesteron kan gjere fordøyinga langsamare og samtidig auke sensibiliteten for lukt og smak. Dette kan bidra til å utløyse eller forsterke kvalme. Hos mange er kvalmen mest uttalt om morgonen og blir derfor ofte omtalt som morgonkvalme, men han kan òg førekomme gjennom heile dagen. Kvalmen begynner vanlegvis rundt svangerskapsveke 6 og minkar hos dei fleste mellom veke 12 og 14. Enkelte gravide kan likevel oppleve kvalme og oppkast også etter veke 20. I dei fleste tilfelle er svangerskapskvalme ufarleg og påverkar verken den gravide eller fosteret negativt, sjølv om han kan vere svært plagsam.

Fosterutvikling i første trimester

Etter befruktninga begynner den befrukta eggcella å dele seg. Gjennom dei første vekene utviklar ho seg gradvis frå éi celle til eit embryo, før ho frå veke 9 blir omtalt som eit foster.

Fosterutviklinga blir delt inn i tre periodar:

  • kimperioden, dei to første vekene etter befruktning

  • embryonalperioden, frå veke tre til åtte veker etter befruktning

  • føtalperioden, frå veke ni etter befruktning og fram til fødsel

Kimperioden

Dei to første vekene etter befruktning blir kalla kimperioden. I denne perioden går den befrukta eggcella, som blir kalla ein zygote, gjennom ei rekke celledelingar. Først blir zygoten delt i to celler, deretter i fire, åtte og vidare til ein stadig større celleklump. Etter fleire celledelingar utviklar zygoten seg til ein blastocyst, eit væskefylt holrom omgitt av celler. Blastocysten nærmar seg livmora og festar seg etter kvart i livmorslimhinna. Denne prosessen blir kalla implantasjon og skjer vanlegvis 6–12 dagar etter eggløysing.

Embryonalperioden

Etter implantasjon held utviklinga fram, og perioden frå veke 3 til og med veke 8 etter befruktning blir kalla embryonalperioden. I denne perioden skjer utviklinga av eit embryo. Her begynner både morkaka, fosterhinnene og dei første organa å bli utvikla. Samtidig blir fostervatn danna, som skal verne embryoet gjennom resten av svangerskapet.

  • Morkaka (placenta) blir utvikla under svangerskapet og har ei viktig oppgåve med å forsyne fosteret med oksygen og næringsstoff frå blodet til den gravide.

  • Navlestrengen knyter fosteret til morkaka og sørger for transport mellom dei. Morkaka og navlestrengen samarbeider om å tilføre fosteret oksygen og næringsstoff, og transportere bort avfallsstoff.

Under embryonalperioden blir cellene organiserte i tre lag. Kvart lag har bestemde oppgåver og utviklar seg til ulike organ og vev i kroppen:

  • Det ytste laget utviklar hud, sanseorgan, hjerne og nervesystemet.

  • Det midtarste laget dannar skjelett, musklar, hjarte, blodårer og vev.

  • Det inste laget utviklar lunger, blæra og fordøyingskanalen.

Mellom veke 5 og 9 veks embryoet raskt. Hjartet har blitt danna og begynner å slå. Dette er eit eit teikn på at sirkulasjonssystemet til embryoet er i utvikling. Fleire organ blir samtidig utvikla, og armar og bein blir tydelegare. Auge og øyre begynner å ta form, mens ansiktet framleis er under utvikling. På dette stadiet har munn og nase enno ikkje blitt fullstendig skilte.

Føtalperioden

Frå veke 9 går utviklinga over i føtalperioden. Embryoet har no fått ei tydeleg menneskeleg form og blir vidare omtalt som eit foster. Dei fleste organa er danna, og resten av svangerskapet blir hovudsakleg brukt til vekst og modning av organa.

I veke 9 blir hovudet og halsen meir utvikla, og ansiktstrekka blir tydelegare med auge, nase og munn. Dei ytre kjønnsorgana begynner òg å bli utvikla, men det er framleis vanskeleg å skilje mellom gut og jente ved ultralyd.

Mellom veke 10 og 12 begynner nyrene til fosteret å produsere urin, som blir skilt ut i fostervatnet. Samtidig held utviklinga av fingrar og tær fram, og dei første neglene begynner å vekse.

Utfordringar til deg

  1. Kva skal den gravide i filmen gjere før ho kjem til første svangerskapskontroll?

  2. Kva er årsaka til at mange gravide opplever kvalme og oppkast i første trimester?

  3. Gi tre døme på kva som skjer med fosteret i første trimester.

Kjelder

Hagtvedt, L. M. & Holan, S. (Red.). (2019) Det nye livet (3. utg.). Fagbokforlaget.

Helsenorge. (2025, 1. desember) Gravid uke 4 og 5. Henta 3. august 2026 frå https://www.helsenorge.no/gravid/gravid-uke-for-uke/uke-4-og-5/

Helsenorge. (2023, 9. februar). Vanlige plager under graviditeten. Henta 3. august 2026 frå https://www.helsenorge.no/gravid/vanlige-plager-under-graviditeten/

Nesheim, B-I. (2025, 4. februar). Kimperioden. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/kimperioden

Nesheim, B-I.(2025, 20. august) Embryo. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/embryo

Rafaelsen, C. D., Strand, L. S. & Thorarinsdottir, S. (2024). Gravid. Bonniers forlag.

Relatert innhald

Graviditet

Når ein er gravid, har ein eit foster som utviklar seg inne i kroppen. Kva må til for å bli gravid?

Skrive av Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 18.09.2026