Etiske dilemma

Gråsoner
I alle yrke vil vi kome i situasjonar der reglane ikkje gir oss klare svar på kva vi bør gjere, såkalla gråsoner. Dette kan skje sjølv om bedrifta har klare etiske retningslinjer som er tydeleg formidla.
Når du er på jobb, er det viktig at du gjer gjennomtenkte val. Du må vere ein person som bedrifta kan stole på. I servicebransjen er du i mange tilfelle ansiktet utetter i bedrifta.
Tenk over
Kan du kome på eit etisk dilemma du har opplevd i familien, mellom venner, på skulen eller på jobb?
Etisk vurdering
Ei etisk vurdering er ei vurdering av kva som er viktigast eller mest rett. Sjølv om det ikkje finst eit fasitsvar, vil øving gjere deg betre til å ta gode avgjerder.
Det er lurt å tenkje gjennom ulike situasjonar du kan kome opp i på jobb. Diskuter gjerne tenkte tilfelle med meir erfarne kollegaer. Kva ville dei gjort i situasjonane? Kva for nokre andre problemstillingar har dei møtt på som har vore vanskelege? Det er enklare å handle rett i ein situasjon dersom du har tenkt gjennom han på førehand.
Film: Etiske dilemma i yrkeslivet
I filmen nedanfor (lengde 10:41) får du sjå fire døme på situasjonar som kan vere utfordrande i serviceyrke. Åtferdsøkonom Jon gir råd om kva du bør gjere i dei ulike situasjonane.
Diskuter
Dilemma 1: Rabatt til ein ven
Trur du dette er ein vanleg situasjon for ein som jobbar i butikk?
Korleis bør den tilsette førebu seg for å takle denne typen dilemma?
Dilemma 2: Vektar ser ein ven stele
Beskriv situasjonen og kva vektaren bør gjere.
Dilemma 3: Tilsett som stel småting
Kvifor er det ikkje greitt å stele småting?
Kva skal du gjere som tilsett viss du er i tvil om du kan ta ein ting som er øydelagd, eller som du veit skal kastast?
Dilemma 4: Ta imot ei gåve
Kvifor kan vi kalle dette ein bestikkelse?
Kva skal den tilsette gjere?
Etiske dilemma
Kan du tenkje deg andre etiske dilemma du kan oppleve i arbeidslivet?
Kvifor er det viktig at ein arbeidsgivar snakkar med dei tilsette om slike dilemma?