Førebygge etiske dilemma

Førebyggande tiltak
Tydelege interne retningslinjer kan gjere det enklare for tilsette å vite kva dei bør gjere i ulike situasjonar, og kan på den måten gi færre etiske dilemma. God opplæring og innsikt i interne retningslinjer gir tryggleik for oss alle når vi gjer jobben vår.
Eit konkret førebyggande tiltak kan vere å gjennomføre ei etisk risikovurdering ved oppstart av nye vektaroppdrag. Ved å kartlegge gråsoner rundt maktbruk, teieplikt og konflikthandtering før oppdraget startar, reduserer vi faren for at uheldige situasjonar oppstår.
God bedriftskultur er viktig for at tilsette skal ønske å gjere gode etiske val i ulike arbeidssituasjonar. Når vi kjenner oss verdsette på jobb, strekker vi oss lengre for å gjere ein god jobb og leve opp til ein høg etisk standard. Leiinga i bedrifta bør derfor prøve å skape ein god bedriftskultur ved å definere viktige verdiar, arrangere hyggelege samankomstar og skape felles opplevingar.
Som døme har Securitas ein bedriftskultur som bygger på verdiane: ærlegdom, vaktsemd og hjelpsemd.
Oppgåve 1

Du jobbar i ein liten nisjebutikk som stort sett har rolege dagar. Kollegaen din bruker mykje tid på sosiale medium og blir ofte sitjande med mobilen utan å vere med på påkommande arbeid.
Du veit frå opplæringa at leiarane er strenge på det dei kallar tidstjuveri, og at dette blir rekna som brot på dei etiske retningslinjene til bedrifta. Det er reglar mot å bruke arbeidstida på private ting, inkludert mobilbruk. Når du minner kollegaen din på reglane, blir stemninga dårleg. Kollegaen din meiner at regelen ikkje gjeld om det ikkje er kundar i butikken, og seier at det ikkje blir oppdaga uansett.
Kva gjer du?
Skriv ned nokre tiltak du meiner bedrifta kan setje i verk for at situasjonen ovanfor ikkje skal opplevast som eit dilemma.
Formuler forslag til interne retningslinjer for situasjonen ovanfor.
Oppgåve 2
Ta utgangspunkt i praksisbedrifta di eller ein annan stad du har jobba.
Nemn nokre dilemma som kan oppstå i ulike situasjonar på jobben.
Skriv ned nokre tiltak du meiner bedrifta kan setje i verk for at situasjonane du har beskrive i oppgåve A, ikkje skal opplevast som dilemma.
Formuler forslag til interne retningslinjer for situasjonane ovanfor.
Oppgåve 3
Beskriv kort bedriftskulturen der du jobbar. Kva for verdiar er bedriftskulturen bygd på?
Synest du bedriftskulturen gjer det enkelt å gjere gode etiske val? Forklar.
Kom med forslag til korleis bedriftskulturen kan forbetrast, og forklar korleis du trur dette kan førebygge etiske dilemma.