Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Utvikle ein ønskt bedriftskultur

Det er leiinga i ei verksemd som har hovudansvaret for bedriftskulturen. Men kjenner dei kulturen i si eiga verksemd, og korleis kan dei saman med dei tilsette forbetre bedriftskulturen?

Analyse av bedriftskulturen

Bedriftskulturen kan anten hjelpe oss med å nå måla våre, eller han kan hindre oss i å klare det. Derfor er det viktig at leiarar har kunnskap om kulturen på arbeidsplassen.

Det finst mange måtar å analysere ein bedriftskultur på. Ein av metodane liknar på ein situasjonsanalyse. I ein slik analyse ser vi på bedriftskulturen som eit viktig internt arbeidsvilkår. Det betyr at bedriftskulturen er noko vi sjølv har makt over, og som vi kan kontrollere og endre over tid.

Av og til kan det vere nyttig at nokon utanfrå ser på oss med nye auge. Blant større verksemder er det derfor vanleg å bruke eksterne konsulentar i arbeidet med å utvikle kulturen.

Informasjonsinnhenting

Når vi skal analysere bedriftskulturen vår, må vi samle inn informasjon. To vanlege metodar er observasjon og spørjeundersøkingar.

Observasjon

Observasjon betyr at vi følger med på kva som skjer i kvardagen utan å forstyrre. Her ser vi på kulturuttrykket til verksemda. Vi kan til dømes observere korleis dei tilsette tek imot kundar, korleis dei snakkar til kvarandre i pausane, og om dei kler seg rett. Fordelen med observasjon er at vi ser den ekte oppførselen til folk i naturlege situasjonar.

Spørjeundersøking

Spørjeundersøkingar bruker vi for å finne ut kva dei tilsette meiner og føler. Det gir oss svar på delar av kulturinnhaldet. Gjennom anonyme spørjeskjema kan du og kollegaene dine svare på om de opplever tillit, om de trivst med arbeidsoppgåvene, og om de kjenner dykk trygge på arbeidsplassen. Spørjeundersøkingar gjer det lett å samle inn svar frå mange tilsette samtidig.

Korleis kan bedriftskulturen forbetrast?

Ei verksemd kan ikkje berre bestemme at dei skal ha ein god kultur – han må utviklast over tid. For å skape den kulturen vi ønsker, må leiarar og tilsette jobbe bevisst med både kulturinnhaldet og kulturuttrykket.

Når vi har samla inn informasjon gjennom observasjonar og spørjeundersøkingar, må vi sortere resultata. Då deler vi gjerne funna våre inn i bevaringspunkt og forbetringspunkt.

Bevaringspunkt og forbetringspunkt

Bevaringspunkt er dei delane av bedriftskulturen som fungerer godt, og som vi ønsker å ta vare på og utvikle vidare. Det kan til dømes vere at dei tilsette opplever høg tillit, eller at vi har eit veldig godt samhald.

Forbetringspunkt er dei områda der kulturen hindrar oss i å gjere ein god jobb, og som vi derfor må endre. Det kan til dømes vere at rutinane for kundeservice ikkje blir følgde, eller at informasjon frå leiinga ikkje når godt nok ut.

Når vi skal jobbe med å forbetre bedriftskulturen, kan vi bruke ein modell som blir kalla SØT-modellen.

SØT-modellen

I SØT-modellen ser vi først på situasjonen i dag (S). Då analyserer vi dagens bedriftskultur ved hjelp av observasjon og spørjeskjema for å finne ut korleis vi eigentleg har det på jobb.

Deretter må leiing og tilsette i verksemda saman finne ut kva som er ein ønskt situasjon (Ø). Kva for verdiar ønsker vi skal prege oss i framtida? Korleis vil vi at kundar, gjester, brukarar og kollegaer skal oppleve oss?

Til slutt må vi jobbe med tiltak (T) som skal få oss bort frå dagens situasjon og til ein ønskt situasjon. Kva for nokon konkrete ting må vi endre for å komme dit? Dette kan handle om alt frå nye rutinar i personalhandboka eller endra leiarstil – til felles workshopar om etikk og kommunikasjon.

Tiltak for å forbetre bedriftskulturen

Kva for tiltak (T) vi bør setje i verk for å forbetre kulturen, avheng av korleis situasjonen på arbeidsplassen vår er i dag (S) samanlikna med kvar vi ønsker å vere (Ø).

Ofte er det nyttig at vi ser på strukturen for verksemda. Korleis vi organiserer roller, ansvar og arbeidsoppgåver, påverkar nemleg korleis vi samarbeider og løyser problem i kvardagen. Ein tydeleg struktur gjer det lettare for oss å gjere ein god jobb, og det skaper tryggleik. Viss strukturen derimot er utydeleg, blir vi lett frustrerte, og det kan gå ut over arbeidsmiljøet.

Sjølv om alle tilsette må bidra for å skape ein god kultur, har leiinga eit stort ansvar. Leiarar bør synleggjere den ønskte bedriftskulturen ved sjølv å vere gode døme, som til dømes ved å komme presis og vere høflege.

Vi påverkar kvarandre gjennom haldningane våre kvar einaste dag. Anten du jobbar med administrasjon, sikkerheit, sal eller reiseliv, er du med på å forme kulturen i den augeblinken du kjem på jobb og møter kollegaene eller kundane, gjestene eller brukarane dine. Gode haldningar smittar, og ein sterk bedriftskultur skaper vi best saman.

Diskuter

Tenk dykk at de jobbar i ei verksemd som skårar dårleg på kundeservice. Vel sjølv yrke.

  • Kva for tiltak kan verksemda setje i verk?

  • Korleis påverkar bedriftkulturen kundeservicen?

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 20.08.2026