Bedriftskultur

Kva meiner vi med bedriftskultur?
Bedriftskultur handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre og mot kundane, gjestene eller brukarane. Kva som er ein god bedriftskultur, kan variere etter kva type verksemd vi jobbar i.
Bedriftskultur er dei felles normene, verdiane og forventningane for verksemda. Han består av både skrivne og uskrivne reglar som påverkar korleis vi oppfører oss, samarbeider og handterer utfordringar i arbeidskvardagen.
Jobbantrekket er eit døme på ein synleg del av bedriftskulturen for verksemda. Kleda vi bruker, kan signalisere profesjonalitet, tryggleik og service – avhengig av bransje og arbeidsoppgåver. Anten verksemda har uniformer, dresskode eller meir uformelle retningslinjer, bidreg antrekket til å til å styrke kjensla av tilhøyrsel internt, og skape eit felles inntrykk for kundar, gjester og brukarar eksternt.
Subkulturar
Sjølv om ei verksemd har ein felles bedriftskultur, vil vi ofte oppleve at det oppstår mindre grupper med eigne vanar og haldningar. Dette kallar vi subkulturar.
Når du jobbar i ei større verksemd, kan du merke at dei som til dømes jobbar med sal, har ein litt annan kultur enn dei som sit i administrasjonen eller jobbar med sikkerheit. Slike subkulturar oppstår gjerne fordi ulike avdelingar har ulike oppgåver og utfordringar i kvardagen.
Subkulturar kan vere positive fordi dei skaper sterkt samhald på kvar enkelt avdeling. Men leiinga må passe på at desse subkulturane ikkje blir så ulike, at det blir vanskeleg å samarbeide på tvers.
Kulturuttrykk og kulturinnhald
Er det nokon forskjell på å komme inn på eit offentleg kontor, på eit hotell eller i ein butikk? Korleis blir du møtt? Vennleg? Kjølig? Korleis snakkar folk til kvarandre? Verkar det som om dei trivst? Verkar det som om dei er stolte av arbeidsplassen sin? På ein blunk kan du ha danna deg eit bilete.
Når du kjem inn i lokala til ei bedrift, er det ikkje sjølve kulturinnhaldet du ser, men berre litt av uttrykket til bedrifta. Det er dette som blir kalla kulturuttrykk.

Vi skil mellom kulturuttrykk og kulturinnhald, der kulturuttrykk er korleis bedriftskulturen kjem til uttrykk, mens kulturinnhald mellom anna er verdiane og haldningane til dei tilsette i verksemda.
Kulturinnhaldet er med på å forme kulturuttrykket. Til dømes kan eit kulturinnhald prega av dårleg samhald eller låg tillit, kunne bli synleg for kunden, gjesten eller brukaren i form av dårlegare kundeservice.
Medråderett – både kulturuttrykk og kulturinnhald
Eit anna døme som kan vise samanhengen mellom kulturinnhald og kulturuttrykk, er medråderett. Viss leiinga i ei verksemd har tillit til dei tilsette og meiner at meiningane deira er viktige, er medråderett ein verdi i det usynlege kulturinnhaldet.
Når verksemda har gode rutinar for medverknad, ved til dømes å ta opp problem i fellesmøte, blir medråderetten synleg. Då har verdien blitt til eit kulturuttrykk.
Kor mykje medråderett som er formålstenleg, vil variere mellom bransjar. Til dømes må vektarar ofte følge strenge og raske ordre for at situasjonen skal vere trygg, mens innan sal kan tilsette sitje saman og diskutere seg fram til nye og kreative løysingar. Begge delar kan vere ein god bedriftskultur for akkurat den bransjen.
Kulturuttrykk
Kulturuttrykket er det første ein kunde, gjest eller brukar møter. Det handlar om korleis lokala ser ut, korleis uniforma di sit, og om du smiler og seier "hei". Nokre synlege delar av bedriftskulturen kan vere
uniformer, logoar og interiør
korleis vi helsar på kundane, gjestene eller brukarane
språkbruk og tonefall
kundeservice
Kulturinnhald
Kulturinnhald kan vere tradisjonar og uskrivne reglar som har vore praktiserte lenge. I tillegg har mange bedrifter ei personalhandbok. Kulturinnhaldet er alle dei skrivne og uskrivne verdiane, normene og verkelegheitsoppfatningane som dei tilsette er venta å følge.
Nokre usynlege delar av bedriftskulturen kan vere
felles verdiar, etikk og menneskesyn
haldningar
tillit, tryggleik og stoltheit
Kva betydning har bedriftskulturen?
Bedriftskulturen påverkar både arbeidsmiljøet og opplevinga til dei som besøker verksemda. Ein god bedriftskultur verkar samlande for verksemda og gir kundane, gjestene eller brukarane betre opplevingar. I tillegg kan ho gi verksemda eit godt arbeidsmiljø og gode resultat.

Fordelar med ein sterk og god bedriftskultur
Bedriftskulturen i ei verksemd er heilt avgjerande for god drift, og har direkte innverknad på lønnsemda. Her skal vi sjå på nokre av fordelane ein sterk og god bedriftskultur kan gi:
Styrar åtferd utan detaljkontroll
Bedriftskulturen seier noko om kva som er forventa, ønskeleg, forbode og påbode på arbeidsplassen. Kulturen viser seg gjennom kva vi får opplæring i, kva som blir rost eller påskjønt, og kva som ikkje er tillate.
Når alle veit "korleis vi gjer det her", treng ikkje leiaren å overvake deg. Til dømes vil kulturen kunne hjelpe deg når du står i eit vanskeleg dilemma.
Leiarane kan bruke bedriftskulturen til å leie dei tilsette på ein positiv måte. Ved å vise fram verdiane for verksemda, og gjere dei tilsette stolte av arbeidsplassen sin, kan leiinga motivere utan å måtte kontrollere alt i detalj.
Skaper samhald
Samhald er viktig for at ei verksemd skal nå måla sine. Ein sterk bedriftskultur gjer at dei tilsette har dei same haldningane og jobbar mot same mål. Dette er spesielt viktig viss verksemda er stor og har avdelingar mange stader, kanskje i fleire land.
Ein felles kultur gjer at opplevinga blir den same for kunden, gjesten eller brukaren same kvar dei møter verksemda – anten det er i Oslo, Bergen, utlandet eller på nett.
Auke trivsel og redusere sjukefråvær
Ein god bedriftskultur skaper nøgde tilsette som trivst i jobben. Når dei tilsette opplever meistring, får bruke evnene sine og får nok ansvar og tillit, gjer dei ein betre jobb. Trivsel skaper motiverte tilsette som ønsker å bli verande i verksemda.
Eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø kan redusere sjukefråværet.
Det fysiske arbeidsmiljøet handlar om dei fysiske tinga rundt oss på arbeidsplassen, som utstyr, lokale, inneklima og ergonomi. Gode sikkerheitsrutinar og rett utstyr er døme på ting som vernar dei tilsette mot skadar og ulykker.
Det psykososiale arbeidsmiljøet handlar om det sosiale samspelet, trivselen, og korleis vi har det med kjenslene våre på jobb. Hyggelege kollegaer, leiarar som lyttar og meiningsfulle arbeidsoppgåver er døme på dette.