Yrkesetikk

Kva er yrkesetikk?
Etikk er læra, eller teorien, om kva som er rett og gale. Yrkesetikk handlar om dei vala du gjer som yrkesutøvar. Desse vala angår kundar, gjester, brukarar og kollegaer. Viser du respekt? Er du ærleg? Tek du ansvar, eller prøver du å lure deg unna?
Diskuter
I lista nedanfor beskriv vi ulike kvardagssituasjonar som rører ved yrkesetikk. Sorter døma etter kor alvorlege de meiner dei er. Kan de komme på fleire døme? Kvar vil de setje dei inn i lista?
Kva inneber yrkesetikk i yrket ditt?
Yrka er ulike, så kva som er rett åtferd, kan variere. Vi skal sjå på nokre døme på kva god yrkesetikk kan innebere for dei ulike yrka, og korleis yrkesetikken påverkar heile verksemda og verksemda sitt omdømme.
Salsmedarbeidar
Tenk deg at du jobbar i ein klesbutikk, og at ein kunde prøver eit antrekk på, som du ikkje synest kler hen. Gir du kunden den ærlege tilbakemeldinga di? Kva er god yrkesetikk i denne situasjonen? Ved å vere ærleg kan du miste eit sal, men på sikt vil det truleg lønne seg for butikken. Dei fleste kundar vil setje pris på ærlegdom, og sjansane for at dei kjem tilbake, er større.
Reiselivsmedarbeidar
Tenk deg at du skal selje ei pakkereise til ein barnefamilie, og du veit at hotellet dei vurderer, har mykje støy frå utelivet om natta. Fortel du om støyen, eller let du vere fordi du vil sikre salet? God yrkesetikk her er å informere familien ærleg. Om dei får øydelagd nattesøvnen, vil dei kjenne seg lurte. Ærlegdom bygger tillit, hindrar klager og gjer at gjestene bestiller frå reisebyrået ditt igjen neste gong.
Service- og administrasjonsmedarbeidar
Tenk deg at du sit i resepsjonen hos NAV. Det kjem inn ein brukar som ikkje forstår søknadsskjemaet. Du har eigentleg dårleg tid og mange andre oppgåver. Let du brukaren sitje der åleine, eller bruker du ekstra tid på å forklare? God yrkesetikk handlar om å behandle alle brukarar med respekt og likeverd. Ved å hjelpe til sikrar du at personen får oppfylt rettane sine, og du viser at NAV er til for folket.
Vektar
Tenk deg at ein person kranglar høglydt med ein tilsett i ein butikk. Personen er utagerande, og du må gripe inn. Bruker du fysisk makt for å få personen ut, eller prøver du å snakke situasjonen ned? God yrkesetikk for ein vektar handlar om å bruke den mildaste metoden som fungerer. Ved å opptre roleg og med respekt vernar du sikkerheita, og unngår at konflikten eskalerer.
Yrkesetiske retningslinjer
Mange verksemder har utarbeidd eigne yrkesetiske retningslinjer. Dette er reglar som du som tilsett må følge, og som seier kva du skal gjere i ulike situasjonar for å sikre god etikk i yrkesutøvinga di.
Innhaldet i dei etiske retningslinjene vil variere frå verksemd til verksemd, alt etter eigenarten og bransjen for verksemda. I tillegg til sjølve reglane må oppfølginga av retningslinjene beskrivast.
Dei etiske retningslinjene for verksemda må vere tydelege og kjende for dei tilsette. Retningslinjene inneheld gjerne punkt om korleis du skal oppføre deg ved interessekonfliktar med eksterne og kollegaer. Overfor kollegaer er det mellom anna viktig å vise respekt og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Baksnakking av kollegaer er derfor brot på yrkesetiske retningslinjer.
Brot på dei etiske retningslinjene må dokumenterast, og det må få konsekvensar. Det vil seie at det må vere bestemde reaksjonar frå verksemda si side når nokon bryt retningslinjene.
Korrupsjon
Kva for fridommar kan du ta deg på jobb? Kan du gi ekstrarabattar for å vere grei? Kan du ta imot gåver dersom kundane ikkje ventar noko i retur? Med korrupsjon meiner vi at nokon gir seg sjølv fordelar – til dømes i samband med ein avtale mellom verksemd og leverandør.
Eit klassisk døme er korrupsjon ved innkjøp. Éin leverandør blir føretrekt framfor ein annan fordi innkjøparen har fått fine golfturar, hotellovernattingar, pengar og liknande av leverandøren.
Sikkerheitsbedrifter er opptekne av å unngå korrupsjon i alle former. Fleire har derfor innført nullgrense for alle typar gåver. Det vil seie at dei tilsette ikkje har lov til å ta imot gåver eller fordelar av noko slag, heller ikkje tenester.
Frå vennskap til korrupsjon
I yrkeslivet ser vi av og til at vennskap og deltaking i personlege og profesjonelle nettverk, kan føre til korrupsjon. Gode relasjonar og nettverk er nyttig i alle bransjar, og det blir rekna som positivt å bli godt kjend med kundane, leverandørane og samarbeidspartnarane sine. Sosiale nettverk er vanlege i arbeidslivet, og i eit nettverk møtest menneske uformelt. I mange samanhengar er det både nyttig og givande å delta i sosiale nettverk.
Problem oppstår når nokon gir kvarandre fordelar fordi dei kjenner kvarandre eller er venner. Det er kameraderi viss personar i eit nettverk favoriserer kvarandre ved tilsetjingar eller ved val av leverandørar og samarbeidspartnarar, og kameraderi er uetisk. Vegen kan vere kort frå kameraderi til ulovleg smørjing og korrupsjon.
Korrupsjon er straffbart
Korrupsjon er uetisk og kan straffast med fengsel i inntil tre år – og inntil ti år for grov korrupsjon.