Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Drøft yrkesetikk

Kva inneber yrkesetikk for dei ulike servicefaga? Drøft med ein medelev.

Oppgåve 1. Salsfaget

Del 1: Smørjing og gåver

Du jobbar i ein kosmetikkbutikk. Ein leverandør vil gjerne at butikken skal ta inn ein ny produktserie. Sjefen din har allereie takka nei fordi hen ikkje har tru på produkta. Leverandøren kontaktar deg direkte og seier at om du klarer å overtale sjefen til å ta inn varene likevel, skal du få eksklusive vareprøver til privat bruk som du har veldig lyst på.

  • Kva for nokon etiske utfordringar ligg i dette tilbodet?

  • Kva svarer du leverandøren?

  • Vel du å informere leiaren din om framgangsmåten til leverandøren? Grunngi svaret.

Del 2: Kundeservice og gråsoner

  1. Du jobbar i ein daglegvarebutikk og oppdagar at din nærmaste overordna stadig tek med seg grønsaker heim, som eigentleg skal seljast til redusert pris på grunn av haldbarheit. Kva gjer du?

  2. Ein kunde kjem bort til deg, fortel at han er nyoperert og har vondt i ryggen, og spør om du kan hjelpe han med å bere varene ut til bilen. Han tilbyr deg 200 kroner for bryet.

    • Kva for vurderingar gjer du deg?

    • Kva svarer du kunden?

    • Ville du ha informert leiaren din om dette?

Del 3: Etiske retningslinjer

  1. Finn døme på etiske retningslinjer (Code of Conduct) for to ulike store salsbedrifter (til dømes Norgesgruppen, Reitan Retail, Ikea). Kva for punkt er like, og kva skil dei?

  2. Lag eit eige utkast til etiske retningslinjer (5–6 punkt) for ei sjølvvald salsbedrift.

  3. Drøft kva som kan skje med omdømmet, økonomien og arbeidsmiljøet dersom ei salsbedrift ikkje følger etiske spelereglar.

Oppgåve 2. Reiselivsfaget

Del 1: Personleg vinning

Du jobbar på eit lokalt turistinformasjonskontor. Ein lokal aktivitetstilbydar ønsker at du konsekvent skal tilrå produkta deira til turistar framfor konkurrentane sine. Til gjengjeld tilbyr dei deg 50 kroner for kvar turist som bestiller via deg. Du har trong økonomi for tida.

  • Kva for vurderingar gjer du deg rundt rolla di som nøytral rådgivar?

  • Kva svarer du aktivitetstilbydaren?

  • Er dette noko du burde ta opp med den daglege leiaren din?

Del 2: Venneteneste

Du er tilsett på eit hotell. Ein vennegjeng spør om du kan sjekke dei inn på eit standardrom, men "oppgradere" dei gratis til ein suite som du ser står ledig for helga, utan at resepsjonssjefen merkar det. Dei lover å spandere ein skikkeleg middag på deg på byen som takk.

  • Kven skylder du lojalitet i denne situasjonen (venner eller arbeidsgivar)?

  • Kva blir konsekvensane for hotellet dersom du gjer dette?

  • Korleis avslår du førespurnaden på ein profesjonell måte?

Del 3: Etiske retningslinjer

  1. Finn døme på etiske retningslinjer for to ulike reiselivsbedrifter (til dømes eit flyselskap som SAS/Norwegian eller ei hotellkjede som Strawberry/Scandic). Kva for fellestrekk finn du?

  2. Lag eit eige utkast til etiske retningslinjer (5–6 punkt) for ei sjølvvald reiselivsbedrift, med fokus på berekraft og ærleg formidling.

  3. Drøft kva som kan skje med ei reiselivsbedrift og ryktet til destinasjonen dersom aktørane opptrer uetisk.

Oppgåve 3. Service- og administrasjonsfaget

Del 1: Innkjøp og habilitet

Du jobbar i administrasjonen med ansvar for innkjøp av kontorrekvisita og IT-utstyr. Ein potensiell leverandør sender deg ein e-post der dei inviterer deg på ein dyr middag og fotballkamp, samtidig som dei nemner at dei gjerne vil legge inn eit anbod på den nye printeravtalen til bedrifta di.

  1. Kva for vurderingar gjer du deg rundt eigen habilitet og rolla som innkjøpar?
  2. Korleis formulerer du eit svar til leverandøren?
  3. Kvar går grensa mellom relasjonsbygging og korrupsjon/smørjing?

Del 2: Snoking og personvern

Du jobbar i resepsjonen / på sentralbordet i ei bedrift (eller på eit offentleg kontor som NAV). Du har tilgang til datasystem der du kan sjå personopplysningar, adresser og sjukmeldingar til tilsette og klientar. Du oppdagar at ein kjend av deg har ei sak liggande i systemet, og du er veldig nysgjerrig på kvifor vedkommande er sjukmeldt.

  • Kva for lover og etiske reglar bryt du dersom du klikkar deg inn på denne profilen?

  • Kva gjer du dersom ein annan kollega oppfordrar deg til å "ta ein kjapp kikk" for å hjelpe til?

  • Kva for konsekvensar kan slik snoking få for tilsetjinga di?

Del 3: Etiske retningslinjer

  1. Finn døme på etiske retningslinjer for to offentlege verksemder (til dømes NAV, Skatteetaten eller den lokale kommunen din). Kva for verdiar blir sette høgast her samanlikna med private bedrifter?

  2. Lag eit eige utkast til etiske retningslinjer (5–6 punkt) for ei offentleg verksemd, med særleg vekt på tillit, teieplikt og likebehandling.

  3. Drøft konsekvensane for samfunnet dersom innbyggarane mistar tilliten til at offentlege kontor følger etiske retningslinjer.

Oppgåve 4: Sikkerheitsfaget

Del 1: Lojalitetskonflikten

Petter er lærling i eit vaktselskap. Han har ein kollega, Ida, som han samarbeider godt med. Ida er blid, populær og godt likt av sjefen. Petter har likevel lagt merke til at ho jamleg tek med seg kontorrekvisita og dyrt utstyr heim til privat bruk, og dessutan at ho bruker store delar av vakta på private telefonsamtalar. Sjefen klagar høglydt på kostnader og det aukande svinnet til avdelinga, men Ida held fram som før og skjuler det ikkje for Petter. Ho meiner sjølv ho ikkje gjer noko gale sidan "selskapet tener millionar uansett". Petter opplever ein sterk lojalitetskonflikt.

  • Drøft situasjonen: Kva for alternativ har Petter?

  • Blir Petter medskyldig dersom han held tyst?

  • Er det illojalt mot bedrifta å ikkje seie frå?

  • Kven bør han eventuelt gå til, og kva framgangsmåte bør han velje for å verne seg sjølv som lærling?

Del 2: Ekstratenester på vakt

Du jobbar som vektar på eit kjøpesenter. Ein eldre mann kjem bort til deg på parkeringsplassen og fortel at han har punktert, og spør om du kan skifte dekk for han. Han tilbyr deg 500 kroner.

  • Kva for vurderingar gjer du deg (instruks på vakt, erstatningsansvar viss bilen blir skadd, personleg vinning)?

  • Kva svarer du kunden? Kan du hjelpe han utan å ta imot pengane, eller må du seie nei til heile førespurnaden?

  • Informerer du vaktsentralen eller leiaren din om hendinga?

Del 3: Etiske retningslinjer

  1. Finn døme på etiske retningslinjer for to ulike vaktselskap (til dømes Securitas, Avarn Security). Kva for nokon etiske krav blir stilte til ein vektar?

  2. Lag eit eige utkast til etiske retningslinjer (5–6 punkt) for eit nyoppstarta vaktselskap.

  3. Drøft kva som kan skje med tilliten samfunnet har til sikkerheitsbransjen dersom vektarar ikkje opptrer profesjonelt og etisk.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 06.07.2026