Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Podkast

Podkast: Berekraftig utvikling

Bli med til Kongo og lær om berekraftig utvikling saman med forskar Judith Svedjan Klein.

1. Kva kan du frå før?

Før du lyttar til podkasten, er det lurt å bli klar over kva du kan frå før. Derfor skal du skrive nokre stikkord til kvart av punkta under. Om det er noko du ikkje kjenner til eller er usikker på, skriv du berre det.

  • Veit du noko om berekraftig utvikling, FNs berekraftsmål og dei tre dimensjonane ved berekraft frå før?

  • Kva ligg i omgrepet antropocen?

Ukjende ord og omgrep i podkasten?

Her er ein del ord, omgrep og personar som blir nemnde utan at dei blir forklarte nærare i episoden.

Wicked problems
Wicked problems er eit omgrep som blir brukt om vanskelege og komplekse utfordringar.
Masseforbruk
Frå 1950-talet og utover har vi kjøpt stadig fleire ting og ofte ting med dårleg kvalitet som ikkje varer lenge. Dette blir kalla masseforbruk.
Overforbruk
Overforbruk betyr eigentleg det same som masseforbruk, men det understrekar at vi ofte kjøper ting vi eigentleg ikkje treng.
Arne Næss
Arne Næss var ein norsk filosof som er kjend for tankane sine om miljø og forholdet vårt til naturen.
Industrialisering
Industrialiseringa var ei samfunnsendring som hovudsakleg skjedde på 1800-talet. Ved å ta i bruk maskiner i stadig aukande grad klarte vi å produsere meir og raskare.
Imperialisme
Imperialisme var politikken mange vestlege land gjennomførte rundt 1900 då dei tok politisk, økonomisk, kulturell og militær kontroll over mellom anna mange afrikanske land.
Tusenårsmåla
FNs tusenårsmål var på mange måtar forgjengaren til FNs berekraftsmål. Tusenårsmåla var ei oppskrift på korleis verda skulle få bukt med fattigdom innan 2015.
Multinasjonale selskap
Multinasjonale selskap er store internasjonale selskap som gjerne driv produksjon og handel i mange land, alt etter kor ulike tenester, marknader og råvarer er tilgjengelege og billige.

2. Lytt til podkasten

Det kan vere fint å sjå på oppgåvene under før du lyttar til episoden.

Klar, ferdig, geo!

Berekraftig utvikling

Bli med til Kongo og lær om berekraftig utvikling saman med forskar Judith Svedjan Klein.

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

3. Spørsmål til podkasten

  1. Korleis vil du forklare kva berekraftig utvikling er?

  2. Kva tre dimensjonar av berekraftig utvikling finst?

  3. I podkastepisoden refererer Judith Svedjan Klein til filosofen Arne Næss. Han sa at berekraftig utvikling handlar om at vi må respektere alt som finst og er og gror. Kva synest du om denne definisjonen?

  4. Klein seier at det er systema som gjer at vi ikkje lever berekraftig, ikkje kva vi som enkeltpersonar gjer. Kva meiner ho med dette?

  5. Programleiaren kjem med eit døme på noko som ikkje er berekraftig ut frå nokre av dei tre dimensjonane. Lag eit døme på noko som er berekraftig ut frå berre ein eller to av dimensjonane.

  6. Lag ei liste på fem ting som er viktig for at du skal ha eit godt liv. Kan du få til dette på ein berekraftig måte?

  7. Kva skal til for at Mona skal få leve eit berekraftig liv? Lag ei liste med minst tre punkt.

  8. Kva skal til for at du skal leve eit berekraftig liv? Lag ei liste med minst tre punkt.

4. Skriv eit samandrag av podkasten

For å lære noko må du jobbe med stoffet. Då er det nyttig å øve seg på å gjenfortelje og forklare det med eigne ord. Då blir du òg meir klar over kva du forstår, og kva du ikkje forstår like godt.

  • Skriv ditt eige samandrag av podkasten på 100–200 ord.

  • Samanlikn samandraget ditt med samandraget til ein medelev.

  • Juster samandraga viss de ønsker.

Skriveramme til samandraget

Bruk desse punkta som disposisjon for samandraget ditt om du ønsker.

  • Historia frå Kongo

  • Kobolt – eit viktig metall

  • Kva er berekraftig utvikling?

  • Dei tre dimensjonane – berekraft handlar om alt samtidig

  • FNs berekraftsmål

  • Antropocen

  • Er det vi i Vesten som lever best og har det best?

  • Korleis leve berekraftig her?

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 08.09.2024