Er utviklinga i verda berekraftig?

1. Førebuingar: Fordeling og fordjuping
Del klassen i tre grupper. Kvar gruppe skal fordjupe seg i ein eller to artiklar. I tillegg må de gjerne bruke andre kjelder til å finne informasjon om temaet.
Gruppe 1: "Berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål" og "Bryllaupskakemodellen". Korleis blir det forklart i artiklane kva berekraftig utvikling er, og kva er dei tre dimensjonane ved berekraft? Kvifor har ein valt å seie at klima og miljø er viktigast i bryllaupskakemodellen?
Gruppe 2: "Antropocen – mennesket sin tidsalder". Kva står det i denne artikkelen om korleis det går med naturen, og korleis vi menneske bruker naturen i dag? Er denne utviklinga berekraftig?
Gruppe 3: "Det går ganske bra med verda". Korleis går det med verda og utviklinga i verda ifølge denne artikkelen? Kva argument kan de hente herfrå som taler for at utviklinga er positiv?
2. Arbeid i grupper: Les artiklane og noter argument
Les artikkelen eller artiklane individuelt og noter stikkord. Sjå på spørsmåla knytte til artiklane i avsnittet over. Prøv å finne argument både for og imot at utviklinga vår er berekraftig i dag.
Gå saman i gruppa eller i par og del det de har funne. Noter ned ulike argument for om utviklinga er berekraftig eller ikkje.
3. Diskusjon: Diskusjon med ordstyrar og referent
Det store spørsmålet som skal diskuterast, er om utviklinga vår i dag er berekraftig eller ikkje. Målet er å få fram ulike argument.
Gå saman i mindre grupper, med elevar frå kvar av dei tre opphavlege gruppene representerte i kvar gruppe. Gruppa vel ein ordstyrar og ein referent. Ordstyraren styrer diskusjonen, mens referenten skriv ned argumenta som kjem fram. Resten av gruppa diskuterer.
4. Debrifing: Samanfatt i klassen
Læraren samlar trådane i ein klassesamtale. Kva kan vi seie kjenneteiknar berekraftig utvikling? Og kva argument har klassen komme fram til?
Snakk gjerne om korleis prosessen i gruppene har vore, og korleis diskusjonane gjekk.