Filmar og figurar i Verktøy og metodar for geografen
Film: Introduksjon til Verktøy og metodar for geografen
Filmen (lengde 1:51) introduserer emnet ved å vise nokre verktøy og introdusere nokre metodar. Filmen blir brukt i oppgåva "Introduksjon til Verktøy og metodar for geografen".
Film: Turkart, målestokk og ekvidistanse
Filmen (lengde 1:55) forklarer korleis målestokk, ekvidistanse og teiknforklaring fungerer på eit vanleg turkart. Han blir brukt i artikkelen "Kart – eit nyttig verktøy".
Figurar: Kartlag
Den første figuren viser korleis digitale kart og GIS er bygde opp med ulike kartlag. Den andre figuren viser korleis desse ulike kartlaga kan sjå ut på eit kart. Figurane blir brukte i artikkelen "Digitale kart og GIS".

Figur: Kollasj med ulike tematiske kart
Denne kollasjen med ulike tematiske kart blir brukt i oppgåva "Lese og tolke tematiske kart".

Figur: Kan eit kart lyge?
Det lyse bakgrunnskartet er laga med Mercator-projeksjonen, mens dei lilla omrissa viser den faktiske storleiken på landa. Dermed ser vi at mange kartprojeksjonar gir eit heilt feil inntrykk av storleiken på landa. Kartet blir brukt i artikkelen "Kan eit kart lyge?".

Figur: befolkninga i Noreg fordelt etter alder
Figuren viser befolkningssamansetjinga i Noreg fordelt etter alder og blir brukt i artikkelen "Data, statistikk og grafiske framstillingar".
Figur: Innvandring og utvandring
Figuren er ei grafisk framstilling av innvandring, utvandring og nettoinnvandring og blir brukt i artikkelen "Data, statistikk og grafiske framstillingar".
Figur: Fordeling av pattedyr på jorda
Figuren viser fordelinga av biomasse på jorda mellom menneske, husdyr og ville pattedyr. Figuren blir brukt i artikkelen "Data, statistikk og grafiske framstillingar" og i oppgåva "Lese statistikk og grafiske framstillingar i geografi".