Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Rekneskap, budsjett og lønnsemd

Fagstoff

Vurdere lønnsemd

Korleis kan vi ut frå årsrekneskapen vurdere lønnsemda til ei verksemd? Vi skal her sjå på korleis vi kan finne og berekne relevante nøkkeltal, og forklare kva dei seier om lønnsemda.

Nøkkeltal

For at ei verksemd skal vere lønnsam, må inntektene vere høgare enn kostnadene. Likevel kan det vere nyttig å sjå på fleire tal når vi skal vurdere lønnsemda. Nokre tal kan vi lese direkte ut frå rekneskapen, mens andre må vi berekne. Dei sentrale tala for å vurdere økonomien til ei verksemd kallar vi nøkkeltal.

Vi reknar ut og samanliknar nøkkeltal både for fleire verksemder og for fleire år. For å kunne vurdere lønnsemd bereknar vi nøkkeltal for rentabilitet, likviditet og finansiering. Vi vurderer nøkkeltala opp mot krav for høvesvis god lønnsemd, god likviditet og ei sunn finansiering.

Rentabilitet

Rentabilitet =resultatinvestert kapital×100

Eit viktig nøkkeltal for lønnsemd er rentabilitet. Plasserer vi pengar i banken, får vi ei rente på sparepengane våre, òg kalla avkastning. På tilsvarande måte ønsker ein investor avkastning på investert kapital i ei verksemd. For å finne ut kor stor avkastning ei verksemd har på investert kapital, tek vi resultatet og deler på investert kapital. Som resultat bruker vi ordinært resultat før skattekostnad pluss finanskostnader. Overskot gir positiv rentabilitet, mens underskot gir negativ rentabilitet.

Vi kan berekne rentabilitet av totalkapitalen eller eigenkapitalen. Vi bruker formelen over og set inn høvesvis totalkapital eller eigenkapital som investert kapital.

For at ei verksemd skal vere lønnsam, må rentabiliteten vere høgare enn den renta som verksemda betaler på eventuelle lån ho har teke opp. Ein totalrentabilitet på 10–15 % blir rekna som god.

Tenk over

Sjå på biletet øvst og finn rentabiliteten for Oppegård Brus AS for 2024.

  • Kva seier denne rentabiliteten om lønnsemda deira?

Likviditet

Likviditet fortel oss om evna verksemda har til å betale rekningar til rett tid. Det er ikkje nok at inntektene er større enn kostnadene eller at rentabiliteten er god, vi må òg kunne betale rekningane våre til rett tid. Ei verksemd kan ha høg inntekt, men likevel ikkje kunne betale rekningane viss kundane betaler seint.

Vi bereknar to ulike nøkkeltal for likviditet: likviditetsgrad 1 og 2. Tala vi treng for å berekne likviditetsgradane, finn vi i balanserekneskapen til verksemda.

Likviditetsgrad 1

Likviditetsgrad 1 =omløpsmiddelkortsiktig gjeld

krav > 2

Nøkkeltalet som vi kallar likviditetsgrad 1, er forholdet mellom omløpsmiddel og kortsiktig gjeld. Omløpsmiddel er då ting som blir forbrukte i løpet av eit år, som pengar på konto, kundefordringar og varelager, mens kortsiktig gjeld er gjeldt som må betalast innan eit år, som gjeld til leverandørar.

Likviditetsgrad 1 bør helst vere minst 2. Det betyr at omløpsmidlane er minst dobbel så store som den kortsiktige gjelda.

Likviditetsgrad 2

Likviditetsgrad 2 =omløpsmiddel -varelagerkortsiktig gjeld

krav > 1

Når vi bereknar nøkkeltalet likviditetsgrad 2, ser vi på dei mest likvide omløpsmidlane. Det vil seie dei som enklast kan gjerast om til pengar og brukast til å betale rekningar. Derfor trekker vi ut varelager, sidan det tek litt tid å gjere dette om til pengar.

Likviditetsgrad 2 bør vere minst 1. Det vil seie at dei mest likvide omløpsmidlane bør vere minst like store som den kortsiktige gjelda.

Prøv sjølv

Gå inn på proff.no, Oppegård Brus AS og finn dei nyaste tala for omløpsmiddel, varelager og kortsiktig gjeld.

  • Berekn likviditetsgrad 2.

Berekning av likviditetsgrad 2 for 2024

Likviditetsgrad 2 =omløpsmiddel -varelagerkortsiktig gjeld= (1234000-203000)÷511000=2

Finansiering

Eigenkapitalprosenten (EK %) =eigenkapital×100totalkapital

Korleis ei verksemd er finansiert, er tett knytt opp mot lønnsemda i verksemda. For å vurdere finansieringa bruker vi nøkkeltalet eigenkapitalprosent, som viser andelen av totalkapitalen som er finansiert med eigenkapital. Jo høgare del av ei verksemd sin totalkapital som er eigenkapital, jo meir solid er verksemda. Eigenkapitalprosent blir derfor òg kalla for soliditet. Generelt blir ein eigenkapitalprosent på 30–40 % rekna som bra, men dette avheng av bransjen og risikoen verksemda tek.

Tenk over

Sjå på biletet øvst og finn eigenkapitalprosenten for Oppegård Brus AS for 2024.

  • Korleis vurderer du finansieringa til bedrifta?

Fleire nøkkeltal for å vurdere lønnsemd

Bruttoforteneste i prosent (dekningsgrad)

Nøkkeltalet fortel oss kor mykje av salsinntekta som er igjen til å dekke faste kostnader, etter at varekostnaden er betalt.

Bruttoforteneste (dekningsgrad)=salsinntekt-varekostnadsalsinntekt×100

Kor høg dekningsgraden bør vere, er avhengig av bransje. I daglegvarebransjen er 20–30 % tilfredsstillande fordi butikkane sel store mengder, mens i spesialbutikkar bør dei gjerne ha 50–70 % fordi salsmengda er mykje mindre. Det er altså færre varer som skal dekke inn dei faste kostnadene.

Resultatgrad

Resultatgraden er kor stort årsresultatet er i forhold til salsinntekta, i prosent.

Resultatgrad =årsresultatsalsinntekt×100

Kor høg dekningsgraden bør vere, er avhengig av mellom anna bransje, men rundt 10 % vil ofte reknast som akseptabelt.

Arbeidskapital

Arbeidskapital er eit utrykk for den økonomiske handlefridommen til bedrifta. Arbeidskapital blir oppgitt som eit beløp, men det er ikkje nødvendigvis pengar som finst på ein bankkonto. Det er differansen mellom omløpsmiddel og kortsiktig gjeld.

Arbeidskapital = omløpsmiddel-kortsiktig gjeld

Arbeidskapitalen bør vere positiv, det vil seie at verdiane av omløpsmidlane bør vere høgare enn den kortsiktige gjelda.

Kjelde

Proff. (u.å.). Oppegård Brus AS. Henta 1. oktober 2025 frå oppegC3%A5rd-brus-as/oppegC3%A5rd/drikkevarer/IFALBST10MP

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 07.10.2025