Utarbeide eit budsjett

Kva er eit budsjett?
Eit budsjett er ei oppstilling over forventa økonomiske hendingar, og er eit nyttig planleggingsverktøy og styringsverktøy.
Det finst fleire typar budsjett, og vi skal sjå på budsjettet som gir oss oversikt over forventa inntekter og kostnader. Budsjettet blir kalla eit resultatbudsjett, sidan det viser kor stort resultat vi ventar å få.
Korleis utarbeider vi eit budsjett?
Budsjett for eit arrangement
Om vi til dømes vil arrangere ein festival, må vi setje opp eit budsjett for å ha kontroll på økonomien.
Vi begynner med å berekne kva for inntekter denne festivalen vil gi oss. Det kan vere billettinntekter, inntekter frå sal av mat og drikke og annonsørinntekter.
Deretter set vi opp alle kostnadene knytte til festivalen. Vi må betale artistane og andre som skal jobbe med arrangementet, leige av utstyr, innkjøp av mat og drikke med meir.
Budsjettet må gi overskot, det vil seie at inntektene må vere større enn kostnadene.
Budsjett for ei verksemd
Vi utarbeider gjerne eit årsbudsjett, som er ein plan for heile året sett opp i kroner. Budsjettet hjelper oss med å lage gode og realistiske planar for drifta.
Det er utfordrande for ei nystarta verksemd å budsjettere det første driftsåret. Utan erfaring frå tidlegare år er det vanskeleg å føresjå kor store inntektene og kostnadene kjem til å bli.
For verksemder som har drive nokre år, vil rekneskapen frå året før vere utgangspunkt for budsjetteringa. Men kan vi forvente at inntektene blir slik som for fjoråret? Her må vi vurdere prisstigning, endring i konkurransesituasjonen og marknaden.
Eit budsjett er òg eit godt styringsverktøy. Ved å dele opp årsbudsjettet i månadsbudsjett kan verksemder fortløpande sjå korleis dei ligg an i forhold til budsjett, og setje inn tiltak om nødvendig.
Budsjett for Kaffebaren UB
Vi skal i det følgande sjå på korleis vi kan utarbeide budsjett for ei ungdomsbedrift som skal drive kaffibar på skulen. Nedanfor ser du korleis budsjettet kan sjå ut:
Salsinntekter
Vi startar med å budsjettere salsinntektene. For å berekne salsinntektene må vi sjå på forventa sal. Salsinntektene finn vi ved å gange salspris med talet på einingar vi ventar å selje. Ungdomsbedrifta ventar å selje 1 000 kaffikoppar til 40 kroner per stykk. Forventa inntekt blir dermed:
1 000 x 40 kr = 40 000 kr
Varekostnader
Når vi har budsjettert inntekta, bereknar vi varekostnaden. Varekostnaden er ein variabel kostnad som aukar og minkar i forhold til salsinntektene. Ungdomsbedrifta bereknar ein varekostnad på 15 kroner per kaffikopp, og vi får då totalt:
1 000 x 15 kr = 15 000 kr
Dekningsbidrag
Dekningsbidrag skal dekke faste kostnader og gi eit positivt resultat (forteneste). Vi bereknar dekningsbidraget ved å ta sum inntekter og trekke frå sum variable kostnader:
40 000 − 15 000 kr = 25 000 kr
Faste kostnader
Faste kostnader er dei kostnadene som er uavhengige av kor mykje vi klarer å selje. For ungdomsbedrifta er dette marknadsføring, husleige og straum og diverse kostnader.
Etter å ha snakka med leiinga på skulen, veit ungdomsbedrifta at dei kan budsjettere med 5 000 kroner til saman i husleige og straum for månadene dei skal drive ungdomsbedrift. Marknadsføring kan vere litt vanskelegare å berekne, men sidan dei har bestemt seg for å trykke opp flygeblad, og dessutan betale for annonsering på Instagram, bestemmer dei seg for å budsjettere med 3 000 kroner til marknadsføring. Dei reknar med at det vil bli nokre kostnader dei ikkje har tenkt på, og budsjetterer derfor med 2 000 kroner i diverse kostnader:
5 000 kr + 3 000 kr + 2 000 kr = 10 000 kr
Resultat
Resultatet bør vere positivt, for det viser fortenesta vår. Vi reknar ut resultatet ved å ta dekningsbidrag og trekke frå sum faste kostnader:
25 000 kr − 10 000 kr = 15 000 kr
Ungdomsbedrifta har ikkje budsjettert med lønn, men vil dele resultatet mellom dei som er med i bedrifta.
- Budsjett for Kaffebaren UB (XLSX)

