Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

HMS i praksisbedrifta mi

Eit arbeidsmiljø som er trygt, forsvarleg og miljøvennleg, er noko alle ønsker. For å setje dette i system har styresmaktene laga ei HMS-forskrift – internkontrollforskrifta – som alle bedrifter må følge. Som praksiselev må du setje deg inn i forskrifta og sjølv bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Oppgåve 1

Film: Hva er arbeidsmiljø for deg?

Sjå filmen nedanfor (lengde 0:54) og tenk over kva som er viktig for at du skal trivast på jobb. Etter å ha sett filmen, kan du diskutere med ein medelev kva de synest kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø.

Kva er viktig for at du skal trivast på jobb? Video: Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) / Avgrensa gjenbruk

Oppgåve 2

HMS-arbeidet til ei verksemd må følge krava i internkontrollforskrifta.

Sett deg inn i kva internkontroll for ei verksemd inneber. Sjå tabellen nedanfor før du svarer på spørsmåla:

  1. Kva inneber HMS i praksisbedrifta di?
  2. Kva er det spesielt viktig at du som praksiselev set deg inn i, og korleis kan du bidra til at bedrifta overheld HMS-forskrifta?

Frå Interkontrollforskrifta § 5

Internkontroll:

Verksemda skal

Dokumentasjon

1

sørge for at dei lovene og forskriftene i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga som gjeld for verksemda, er tilgjengelege, og ha oversikt over dei krava som er av særleg betydning for verksemda

2

sørge for at arbeidstakarane har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, under dette informasjon om endringar

3

sørge for at arbeidstakarane medverkar slik at samla kunnskap og erfaring blir utnytta

4

fastsetje mål for helse, miljø og sikkerheitmå dokumenterast skriftleg
5ha oversikt over organisasjonen for verksemda, under dette korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er fordeltemå dokumenterast skriftleg
6kartlegge farar og problem og på denne bakgrunnen vurdere risiko, og dessutan utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholdamå dokumenterast skriftleg
7setje i verk rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivingamå dokumenterast skriftleg
8gjennomføre systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer som føresettmå dokumenterast skriftleg

Tips

  • Spør leiaren din kva HMS inneber hos dykk, og noter ned det viktigaste frå kvart område.
  • Spør leiaren din kva det er spesielt viktig at du set deg inn i og bidreg med.

Oppgåve 3

Film: Psykososialt arbeidsmiljø – Stami forklarer

Sjå filmen nedanfor (lengde 01:47) og tenk over korleis du opplever innhaldet i arbeidet ditt og samhandlinga med kollegaene dine på praksisplassen. Etter at du har sett filmen, skal du beskrive det psykososiale arbeidsmiljøet i praksisbedrifta di til ein medelev.

Korleis opplever du innhaldet i arbeidet ditt og samhandlinga med kollegaene dine? Video: Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) / Avgrensa gjenbruk

Tips

  • Beskriv på kva måte du blir inkludert, eller beskriv korleis du ikkje blir inkludert dersom det er slik du opplever det.
  • Korleis kjenner du deg sett og høyrd?
  • Korleis ser det ut til at kollegaene dine har det på jobb?
  • Kva kjenneteiknar ein god leiar, og korleis vil du beskrive leiaren din? Kva gjer leiaren din god eller mindre god?
  • Korleis er opplæringa di?
  • Meiner du at du får god opplæring? I så fall på kva måte?
  • Korleis varierer arbeidsoppgåvene dine?
  • Får du tilbod om vidareopplæring, kurs eller samlingar? I så fall – kva slags?
  • Opplever du at det er ei framtid for deg i praksisbedrifta di?
  • Kva gjer leiinga for å sikre eit godt arbeidsmiljø i bedrifta?
  • Kva for forslag har du til å gjere arbeidsmiljøet endå betre?
  • Kva betyr eit godt arbeidsmiljø for deg?
  • Kva betyr eit godt arbeidsmiljø for bedrifta, og kvifor er dette så viktig?
  • Kva kan skje viss arbeidsmiljøet ikkje er bra?

Relatert innhald

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Tove Knutsen.
Sist oppdatert 05.01.2026