Eit arbeidsmiljø som er trygt, forsvarleg og miljøvennleg, er noko alle ønsker. For å setje dette i system har styresmaktene laga ei HMS-forskrift – internkontrollforskrifta – som alle bedrifter må følge. Som praksiselev må du setje deg inn i forskrifta og sjølv bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Sjå filmen nedanfor (lengde 0:54) og tenk over kva som er viktig for at du skal trivast på jobb. Etter å ha sett filmen, kan du diskutere med ein medelev kva de synest kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø.
Kva er viktig for at du skal trivast på jobb? Video: Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) / Avgrensa gjenbruk
HMS-arbeidet til ei verksemd må følge krava i internkontrollforskrifta.
Sett deg inn i kva internkontroll for ei verksemd inneber. Sjå tabellen nedanfor før du svarer på spørsmåla:
Kva inneber HMS i praksisbedrifta di?
Kva er det spesielt viktig at du som praksiselev set deg inn i, og korleis kan du bidra til at bedrifta overheld HMS-forskrifta?
Frå Interkontrollforskrifta § 5
Internkontroll:
Verksemda skal
Dokumentasjon
1
sørge for at dei lovene og forskriftene i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga som gjeld for verksemda, er tilgjengelege, og ha oversikt over dei krava som er av særleg betydning for verksemda
2
sørge for at arbeidstakarane har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, under dette informasjon om endringar
3
sørge for at arbeidstakarane medverkar slik at samla kunnskap og erfaring blir utnytta
4
fastsetje mål for helse, miljø og sikkerheit
må dokumenterast skriftleg
5
ha oversikt over organisasjonen for verksemda, under dette korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er fordelte
må dokumenterast skriftleg
6
kartlegge farar og problem og på denne bakgrunnen vurdere risiko, og dessutan utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholda
må dokumenterast skriftleg
7
setje i verk rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga
må dokumenterast skriftleg
8
gjennomføre systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer som føresett
må dokumenterast skriftleg
Tips
Spør leiaren din kva HMS inneber hos dykk, og noter ned det viktigaste frå kvart område.
Spør leiaren din kva det er spesielt viktig at du set deg inn i og bidreg med.
Sjå filmen nedanfor (lengde 01:47) og tenk over korleis du opplever innhaldet i arbeidet ditt og samhandlinga med kollegaene dine på praksisplassen. Etter at du har sett filmen, skal du beskrive det psykososiale arbeidsmiljøet i praksisbedrifta di til ein medelev.
Korleis opplever du innhaldet i arbeidet ditt og samhandlinga med kollegaene dine? Video: Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) / Avgrensa gjenbruk
Tips
Beskriv på kva måte du blir inkludert, eller beskriv korleis du ikkje blir inkludert dersom det er slik du opplever det.
Korleis kjenner du deg sett og høyrd?
Korleis ser det ut til at kollegaene dine har det på jobb?
Kva kjenneteiknar ein god leiar, og korleis vil du beskrive leiaren din? Kva gjer leiaren din god eller mindre god?
Korleis er opplæringa di?
Meiner du at du får god opplæring? I så fall på kva måte?
Korleis varierer arbeidsoppgåvene dine?
Får du tilbod om vidareopplæring, kurs eller samlingar? I så fall – kva slags?
Opplever du at det er ei framtid for deg i praksisbedrifta di?
Kva gjer leiinga for å sikre eit godt arbeidsmiljø i bedrifta?
Kva for forslag har du til å gjere arbeidsmiljøet endå betre?
Kva betyr eit godt arbeidsmiljø for deg?
Kva betyr eit godt arbeidsmiljø for bedrifta, og kvifor er dette så viktig?